Hopp til innhold

Sjukepleiar som jobba med smitta vikarlege har fått påvist korona

Ein sjukepleiar ved Nordfjord sjukehus har testa positivt for covid-19, melder Helse Førde tysdag. Sjukepleiaren er i heimeisolasjon.

Nordfjord sjukehus

TILSETT SMITTA: Ein sjukepleiar ved Nordfjord sjukehus er stadfesta smitta med covid-19.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Sjukepleiaren jobba på same vakt som den svenske vikarlegen, som fekk fritak frå karantene og var på jobb i to dagar før vedkomande fekk påvist koronasmitte.

Sjukepleiaren jobba to vaktar på sengeposten etter at vedkomande jobba saman med den smitta legen. Sjukepleiaren er i heimeisolasjon i Gloppen der vedkomande bur.

Pasientane som har vore i kontakt med dei, har så langt testa negativt.

Helse Førde opplyste at dei måndag kveld starta sporing av pasientar og tilsette sjukepleiaren har vore i kontakt med. Desse personane blir sette i karantene.

Dette kom jo fordi de gav fritak frå karantene til den svenske vikarlegen. Kvifor hasta det slik med å få vedkomande i arbeid?

– Vi i Helse Førde, og dei fleste norske sjukehus, er heilt avhengige av vikarar for å få drifta til å gå i hop. I alle fall no i sommar. Denne svenske vikaren var godkjent etter dei retningslinjene som då gjaldt, seier Terje Ulvedal, kommunikasjonssjef i Helse Førde, til NRK.

Det er gjort unnatak for karanteneplikt for helsepersonell som kjem frå Sverige. Folkehelseinstituttet (FHI) har likevel råda om at dei utanlandske vikarane bør testast og ha eitt negativt resultat før dei setjast i arbeid, samt ein ny test etter to-tre dagar i jobb. Dette blei presisert 20. juni.

Har testa 25 personar

Sjukehuset har stoppa inntak av pasientar til innleggingar på medisinsk post, samt overføring av pasientar frå andre sjukehus.

Pasientar frå Nordfjord som treng sjukehusinnlegging vil bli lagt inn på Førde Sentralsjukehus.

Ulvedal opplyser til NRK at dei har testa 15 pasientar og 10 tilsette ved Nordfjord sjukehus.

Av dei er det førebels berre den smitta sjukepleiaren som har testa positivt.

– Kor sannsynleg er det at koronasmitta er laus i Sogn og Fjordane no?

– Vi håpar sjølvsagt at ikkje fleire blir smitta, men det er noko vi ikkje kan utelukke. Vi jobbar no med å avgrense smittespreiinga mest mogleg og setje i verk tiltak som vi meiner er naudsynte. Det er karantene og utvida testing i området, seier Ulvedal.

Han opplyser at dei no tilbyr utvida testing til alle ved sjukehuset. Personar som er stadfesta å ha vore i kontakt med sjukepleiaren og legen, vert testa.

Sjukepleiarforbundet kritisk til Helse Førde

– Det er beklageleg at helsepersonell kan bli smitta av helsepersonell, seier Oddgeir Lunde, fylkesleiar for Norsk Sykepleierforbund (NSF) i Sogn og Fjordane.

Lunde rettar kritikk mot måten Helse Førde har handtert situasjonen på, og seier det er arbeidsgjevar sitt ansvar å sørge for at det er trygt for tilsette å gjere den jobben dei er sett til.

Han er tydeleg på at dei nasjonale føringane om handtering av vikarar frå utlandet, burde har vore strengare frå utbrotet av koronapandemien.

– Når ein skal arbeide med sårbare pasientar burde det vere eit klart krav at dei skal testast før dei får kontakt med pasientar og anna helsepersonell, seier Lunde.

Leiar for NSF, Lill Sverresdatter Larsen, sa måndag at det var slepphendt å ikkje krevje testing av svenske legevikarar.

– Kan ikkje sjå vekk frå at fleire er smitta

Helse Førde skriv vidare at dei ikkje kan ikkje sjå vekk frå at fleire har blitt smitta, og vil testa positivt seinare.

Legevakt, poliklinikkar, God start-eininga og dialysen går som før.