Hopp til innhold
Info fra NRK

Blir ny distriktsredaktør i Rogaland

Cecilie Berntsen Jåsund (41) er tilsett som distriktsredaktør ved NRK Rogaland.

Cecilie Berntsen Jåsund

Cecilie Berntsen Jåsund blir ny distriktsredaktør ved NRK Rogaland.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Berntsen Jåsund begynte i NRK i 2013 og har vore redaksjonssjef i NRK Rogaland sidan 2019.

- Det er eit privilegium å få leie ein så flott redaksjon. Eg gler meg og er takknemleg for tilliten, seier Berntsen Jåsund.

Regionredaktør Rune Møklebust i NRK region vest karaktiserer Cecilie Berntsen Jåsund som ein ambisiøs og inkluderande leiar som saman med medarbeidarane har fått til mykje spennande på fire år som redaksjonssjef.

Den siste tida har ho og jobba med ein master i endringsleiing ved Universitetet i Stavanger.

- Ho har verkeleg dei rette eigenskapane som skal til for at NRK Rogaland skal bli endå betre, og endå viktigare for publikum, seier Møklebust.

Ho tar over etter Ragnar Christensen som distriktsredaktør ved NRK Rogaland 1. mai.