Hopp til innhold

Vil bruke bompengane til å ta folk som ikkje betalar for piggdekk

Meir enn kvar tredje bilist med piggdekk i Bergen droppar å betale. No kan ny teknologi hanke dei inn.

Sondre Båtstrand i Miljøpartiet De Grønne

VIL TESTE NY TEKNOLOGI: Sondre Båtstrand i Miljøpartiet Dei Grøne vil teste ny teknologi som kan krevje inn piggdekkavgift automatisk i bompengeringen.

Foto: Christian Lura / NRK

– 35 prosent av dei som køyrer med piggar betaler ikkje avgifta. Då har vi eit problem, seier Sondre Båtstrand i Miljøpartiet Dei Grøne.

Piggdekkavgifta blei innført i Bergen kommune i 2006, og inneber at alle som køyrer med piggdekk i vinterhalvåret må ha betalt for seg på førehand.

I 2015 køyrde 87 prosent av bergensarane piggfritt, men dei som framleis køyrer med piggar bidreg til svevestøvet som forureinar byen.

– Piggdekkgebyret skal ikkje berre skremme folk frå å køyre med piggar, men det skal òg finansiere feiing av gater og viktige miljøtiltak. Når pengane ikkje kjem inn og lufta er dårleg, må vi ta grep, seier Båtstrand.

Må truleg ei lovendring til

No kan ny teknologi gjere det vanskelegare å snike seg unna piggdekkavgifta.

– Vi vil teste ut eit prosjekt med sensorar ved bomstasjonane som registrerer om bilane har piggar eller ikkje, seier Båtstrand.

Sensorar som kjenner att piggdekk i bomringen blir no testa av Sintef. Ifølge Teknisk Ukeblad er teknologien meir enn 99 % nøyaktig.

For å kunne ta teknologien i bruk i Bergen må det truleg ei lovendring til.

– Eigentleg skal bomstasjonane berre brukast til å krevje inn bompengar, så det krev litt hjelp frå Stortinget for å få lov til dette. Datatilsynet må òg seie ja, men dei er førebels ganske positive, seier Båtstrand.

Julie Andersland

POSITIV: Klimabyråd i Bergen, Julie Andersland, seier ho vil vurdere ei digital løysing som krev inn piggdekkavgift.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

– Interessant

Klimabyråd Julie Andersland avviser heller ikkje tanken på å bytte ut piggdekkoblatet.

– Det er veldig interessant å sjå om det er mogleg å få til ei slik digital løysing. Piggdekkgebyret er ei innarbeida ordning i Bergen, men det er viktig at vi får folk til å betale når dei skal, seier Andersland.

Båtstrand frå MDG vil ta spørsmålet opp i bystyret neste veke. Andersland seier dei vil kome med eit skikkeleg svar då.

– Fram til den tid vil fagfolka våre sjå på dette. Digitale løysingar er vel verdt å vurdera, meiner Andersland.