Hopp til innhold

Her velter røyken ut frå den undersjøiske tunnelen

Varebil tok fyr ein kilometer inne i Bømlafjordtunnelen mellom Stavanger og Bergen. Køane er lange på E39.

RØYK: Her velter røyken ut frå den undersjøiske tunnelen på E39. Video: Raymond Sandvik.

Siste: Klokka 22.08 melder Vegtrafikksentralen at det blir kolonnekøyring gjennom tunnelen.

Klokka 18.21 fekk politiet melding om brann i ein bil i Bømlafjordtunnelen på E39 i Hordaland.

Ein kilometer nede i den nesten åtte kilometer lange tunnelen, frå sida mot Bømlo, stod ein varebil i full fyr.

Ein steinkast frå tunnelinngangen stod Raymond Sandvik og fylgde med då lyden frå sirenene nærma seg.

Kort tid etterpå fossa tjukk, svart røyk ut frå tunnelopninga.

– Me såg ikkje lenger vegen, sjølv om det er gatelys og me stod 15–20 meter over bakkenivå, fortel Sandvik til NRK.

Brann i varebil i Bømlafjordtunnelen

VANSKELEG: Sløkkingsarbeidet var krevjande, opplyser innsatsleiar i Stord brann og redning. Dekka eksploderte medan mannskapa kjempa mot flammane.

Foto: Stord brann og redning

Varebil var fylt med smøreolje

Det var berre ein person i den bilen som tok fyr. Han blei frakta ut av tunnelen og er sett til av helsepersonell. Han skal ikkje vera skadd, opplyser operasjonsleiar ved Sør-Vest politidistrikt Nikolai Austrheim like før 19.30.

– Me veit ikkje årsaka. Brannvesenet har sløkt brannen og patruljen har søkt gjennom tunnelen for andre bilar, sa Austrheim like før 19.30.

Klokka 20 er entreprenøren på plass for å undersøka skadane i tunnelen. Det er lange køar på begge sider av tunnelen. Omkøyringsmoglegheitene på hovudfartsåra mellom Bergen og Stavanger er få, og sidevegane medfører reise med ferje.

Vegtrafikksentralen veit enno ikkje når tunnelen kan opna, sa trafikkoperatør Tina Fjeldavli til NRK klokka 20.20

– Eit fat med smøreolje i bilen gjorde sløkkinga vanskeleg. Bilen står framleis inne i tunnelen. Difor får heller ikkje entreprenøren tatt seg inn for å vurdera skadene, seier Fjeldavli.

Klokka 22.08 melder Vegtrafikksentralen at europavegen opna for kolonnekøyring.

Tunnelbrann Bømlafjordtunnelen E39

BRANN: Bømlafjordtunnelen er stengd på grunn av ein tunnelbrann. Det er uklart om tunnelen har fått skader og kan opnast onsdag kveld.

Foto: Raymond Sandvik

Lange køar på begge sider

Innsatsleiar Leif Rune Vad i Stord brann og redning opplyser at det var snakk om ein varebil som var lasta med olje.

– Det brann heftig då me kom fram, og det som truleg var dekka eksploderte. Me fekk til slutt sløkt med vatn og skum, seier Vad, som seier ventilasjonssystemet gjorde sikten god for mannskapa som kom inn frå nordsida.

På sørsida av brannen måtte brannmannskapa derimot snu på grunn av kraftig røyk.

Laster Twitter-innhold

Sandvik, som var på hundetrening på Valevåg då bilbrannen starta nede i tunnelen, måtte til slutt flytta seg då røykmassane velta ut av tunnelen.

– Me måtte berre flytta oss. Det kom så mykje røyk.

Den åtte kilometer lange Bømlafjordtunnelen er Noregs nest lengste undersjøiske vegtunnelen. Det djupaste punktet ligg 262 meter under havet.

Køane inn mot tunnelen er i ferd med å bli kilometerlange. Sandvik, som bur på Stord, kjem seg no ikkje av flekken.

– Her kan me bli ståande ei stund.

Bømlafjordtunnelen