NRK Meny
Normal

Under halvparten av flyktningane er i jobb

NYGÅRD SKOLE (NRK): Den nye regjeringa vil ha fleire flyktningar i arbeid. Men under halvparten av dei arbeidsføre flyktningane her i landet har i dag jobb, viser nye tal.

Ahmed Aljarah

ARBEIDSLEDIG: Ahmed Aljarah (44) kom som flyktning til Noreg frå Syria. Han kan flytande engelsk og har lang erfaring, men slit med å få seg jobb.

Foto: Siri Løken / NRK

– Eg drøymer om å jobbe som telekomingeniør, seier Ahmed Aljarah.

44-åringen sit på Nygård skole i Bergen, der han lærer seg norsk med håp om at det skal hjelpe han inn i arbeidslivet.

Aljarah, som er utdanna elektroingeniør, men har 15 års erfaring som telekomingeniør i Damaskus, flykta frå krigen i Syria og kom til Noreg for litt over eitt år sidan.

– Eg treng jobb og føler at eg må jobbe med min profesjon fordi eg har lang erfaring. Eg treng også å få vise at eg er ein kvalifisert person, men det er vanskeleg.

Vil satse på integrering

Då statsminister Erna Solberg søndag presenterte den nye regjeringsplattformen som Høgre, Framstegspartiet og Venstre er blitt einige om, blei det klart at eit av satsingsområda er å skape eit integreringsløft.

– Å lukkast betre med integreringa i arbeidslivet er heilt sentralt både for den enkelte og for bærekrafta i alle våre velferdsordningar, sa Solberg.

Erna Solberg, Siv Jensen og Trine Skei Grande holder pressekonferanse om regjeringsplattformen

VISER FRAM PLATTFORMEN: Sjå heile pressekonferansen der Erna Solberg, Siv Jensen og Trine Skei Grande la fram den nye regjeringsplattformen.

  • Les regeringsplattformen her.

Men nye tal frå SSB viser at under halvparten av flyktningane her i landet no er i arbeid.

– Det er ikkje godt nok, meiner leiar Grethe Baldersheim ved Introduksjonssenteret for flyktningar i Bergen.

Her 840 flyktningar med i introduksjonsprogrammet «Raskt i jobb».

– Dei flyktningane vi jobbar med har eit brennannde ønske om å få arbeid, seier Balderheim.

– Må få til ei god ordning

Balderheim er spent på kva regjeringa si integreringssatsing eigentleg går ut på.

– Hadde vi knekt koden for korleis vi kan få fleire i jobb, så hadde vi jo gjort det for lenge sidan. Vi kan trenge noko drahjelp, til dømes at ein legg fleire føringar på offentleg og kommunal sektor på kven ein tek inn i arbeid. Det kan også leggast større trykk på å få tilsett fleire flyktninger, seier Baldersheim.

Grethe Baldersheim

KREV TILTAK: Grethe Baldersheim er leiar for Introduksjonssenteret for flyktninger i Bergen. Ho håpar regjeringa sin integreringssatsing vil gjere arbeidet lettare.

Foto: Siri Løken / NRK

For Bulent Kartal, som kom som flyktning frå Kurdistan for 12 år sidan, var vegen til fast jobb lang. I dag jobbar han som integreringskonsulent i Bergen.

– Regjeringa må få til ei heilheitleg og dekkande ordning. Vi må skaffe arbeidsplassar til dei som er lågt kvalifiserte. No er det lite planar, arbeidsplassar og låg kompetanse om korleis ein skal handtere gruppene som aukar i Noreg, seier Kartal.

Håpar på ein sjanse

Sjølv meiner Aljarah at han har mykje å tilby norsk arbeidsliv.

– Eg har god erfaring og har arbeidd på fleire prosjekt som kan vere nyttige å ha også her i Noreg.

44-åringen snakkar allereie flytande engelsk, og er godt i gong med å lære seg norsk. Saman med familien synest han livet i Noreg er bra, men arbeid står framleis øvst på ønskelista.

– Eg håpar å få ein sjanse til å vise kva eg kan, seier Aljarah.

Siste video

Programleiar: Tale Hauso
Panini-bølgen sprer seg over landet under VM.
Kvinner i klart undertall gatelangs i Bergen. Nå blir det endring.