NRK Meny
Normal

VM-speakeren har ikkje fått betalt etter sykkelfesten

Kjell-Erik Kristiansen har jobba på tolv ski-VM og snart åtte OL. Sykkel-VM i Bergen er første gong han ikkje har fått betalt.

VM-speaker Kjell-Erik Kristiansen under sykkel-VM i Bergen

RØYND: Kjell-Erik Kristiansen er ein av dei aller mest røynde speakarane på idrettsarrangement verda over. Her frå bua under sykkel-VM i Bergen.

Foto: KEK-photo

– Det er ekstremt frustrerande og ergerleg, seier ein lettare oppgitt Kjell-Erik Kristiansen til NRK.

Sjølvaste VM-stemma er ein av mange som har blitt råka av sykkel-VM sine store økonomiske problem.

I kring eit år jobba han med planlegging og gjennomføring av den store arenaproduksjonen i Bergen sentrum.

Sykkel VM i Bergen 2017: Mette Marit, Erna Solberg og kronprisen skuer utover folkemengden

FULLT: Kronprinsesse Mette-Marit hadde god utsikt til det fullpakka målområdet ved Festplassen. Dette var også utsikta til Kjell-Erik Kristiansen medan han oppdaterte titalstusen menneske om kva som skjedde ute i løypa.

Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

Enorm erfaring

Men i september stoppa dei månadlege utbetalingane frå arrangøren. No manglar han ein månads inntekt for speaker-jobben han gjorde under sjølve VM.

– Eg har vore med på ulike arrangement i nær 40 år og dette er faktisk første gongen eg ikkje får betalt, seier VM-speakeren.

Kristiansen har brei erfaring med kommentator- og speakerjobbar over heile verda. Han har vore speaker under tolv ski-VM og fleire hundre verdscuprenn. OL i Sør-Korea blir hans åttande.

– Det verste er å ikkje vita kva som skjer. Vi veit ikkje om vi får pengar, eller når vi kan vente eit svar, seier 57-åringen.

Skuldar 80 kreditorar

Han presiserer at han er langt frå den som er verst råka etter sykkel-VM.

– Men for små firma slår det veldig ut. Eg har sett investeringar på vent og er veldig skuffa.

Arrangøren Bergen 2017 skuldar kring 80 kreditorar etter sykkelfesten.

– Det var fantastisk i Bergen. Det er synd at dette er inntrykket eg sit igjen med.

Feltet på vei opp Laksebakken

Styreleiar: – Må ikkje gløyme at det var tidenes VM

Bergen 2017 får hjelp av advokat Jeppe Normann til å rydda opp i det økonomiske uføre dei har hamna i.

16. november sende han ut eit brev til alle kreditorane om status i saka.

NRK har fått sjå brevet, der Normann skriv at Bergen 2017 ikkje vil koma i ein situasjon der alle kreditorane «kan dekkes fullt ut».

– Bergen 2017 har vore i møter med ein del av kreditorane og samarbeidspartnarane. Dei møta har vore positive, seier styreleiar Mona Hellesnes.

– Dei gjorde ein enorm jobb for at sykkel-VM vart ein suksess. Sjølv om vi av ulike grunnar har fått dei utfordringane vi har, skal vi jo ikkje gløyme at dette var tidenes VM.

– Kristiansen seier det er første gong han opplever å ikkje få betalt for ein jobb, kva tenkjer du om det?

– Eg kan ikkje kommentere det. Vi skulle ønskt at vi kunne gitt alle våre kreditorar fullt oppgjer, men vi er ikkje i den situasjonen. Vi er pliktig til å behandle alle likt, svarar Hellesnes.

Mona Hellesnes

STYRELEIAR: Mona Hellesnes i Bergen 2017.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Programleder: Mariann Reikerås
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.