Krev utskifting av forbundsstyret: – Vi har inntrykk av at sanninga ikkje har kome fram

Norges største sykkelklubb, Sportsklubben Rye, krev nytt forbundsting for å få oversikt over økonomien i Norges Cykleforbund i kjølvatnet av VM i Bergen tidlegare i haust.

Tidemann Hansen

PRESIDENT: Harald Tiedemann Hansen er president i Norges Cykleforbund. Rye krev at han og resten av styret må skiftast ut

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Vi treng å få eit rekneskap vi kan lite på fram til det ordinære forbundstinget i mars 2018, skriv Rye i eit ope brev.

Vi har mottatt brevet og vil setje oss grundig inn i dette. Styret vil utforme ei gjennomarbeidd orientering som blir sendt til respektiv klubb, til øvrige klubbar og våre regionar, seier sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen.

Brevet er stila til alle organisasjonsledd som var representerte på tinget til NCF i 2016.

Der blir det gitt fire grunnar til kravet, mellom anna at styret held tal hemmelege, og ikkje vil at det blir stilt spørsmål.

– Vi fryktar at økonomien til den planlagde velodromen i Asker kan bli hemma ved at underskotet frå VM i 2017 indirekte kan bli belasta denne, skriv Rye i brevet.

– Sanninga har ikkje kome fram

Styreleiar Gunnar Andreas Gulliksen utdjupar kravet overfor NRK:

– Etter VM i Bergen har vi fått inntrykk av at sanninga ikkje har kome fram, og ein har ikkje vore opne om det som skjer, seier han.

– Leiinga har gått i skyttargravene i staden for å vere opne. Derfor meiner vi at nye folk må inn i NCF-styret.

Rye krev at det ekstraordinære tinget må velje eit nytt styre som skal sitje fram til neste ordinære forbundsting, og velje ny valkomité til det ordinære tinget i mars.

– Dei skjuler ting og unngår å fortelje kva som har skjedd. Vi saknar at dei spelar med opne kort, seier Gulliksen.

– Kvifor kjem dette initiativet så seint?

– Vi har diskutert om vi skal gå ut med dette eller ikkje, men kome fram til at vi må setje ned foten sidan det ikkje blir spela med opne kort.

Rye har ikkje vore i kontakt med andre klubbar før dei tok dette initiativet.

– Men det er eit samrøystes klubbstyre som står bak.

Skal Rye få medhald i kravet, må dei ha støtte frå organisasjonsledd som representerer minst ein firedel av dei som hadde røysterett på tinget i 2016.

Siste nytt

  • Nytt Godset-tap

    Michael Karlsens scoring etter 10 minutter ble kampens eneste da Ranheim slo Strømsgodset 1-0 søndag. Drammenslaget er nå på en 12.-plass med bare ni poeng på 10 kamper, mens Ranheim ligger tre plasser over, med 13 poeng.

    Strømsgodset
    Foto: Ned Alley / NTB scanpix
  • Wadji scoret tre

    Ibrahima Wadji scoret de tre første målene til Haugesund da de slo Mjøndalen 4-1 på bortebane i den 10. eliteserierunden. Olivier Occean reduserte med snaue 15 minutter igjen, men like før slutt punkterte Bruno Leite kampen.

    Ibrahima Wadji
    Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
  • Hegerberg har giftet seg

    Ada Hegerberg (23) har giftet seg med Lech Poznan-spiller Thomas Rogne (28). Det forteller hun selv på Instagram. – Overveldet etter å ha giftet meg med mitt livs kjærlighet og å ha delt vår spesielle dag med familien og våre nærmeste venner, skriver Hegerberg. Paret forlovet seg i juni i fjor.

Sendeplan

Kl. Program Kanal