Hopp til innhold

Snart vel fleire urne enn kiste: – Siste generasjon med kistegravferder

BERGEN (NRK): Fire av ti nordmenn vart kremert i 2016 og tala aukar jamt.

Ragnhild Thorsheim Kristing i gravferdshjelpa i Årstad bydel

FLEIRE URNEGRAVFERDER: Ragnhild Thorsheim Kristing i gravferdshjelpa i Årstad bydel trur talet på kremerte vil halde fram å auke også i framtida.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Ifølgje Gravplassforeningen låg talet på kremerte i Noreg stabilt på 30 prosent fram til 1996.

Sidan då har auka vore jamn, og i 2016 vart 41 prosent av alle døde i Noreg kremerte. I byane har kremasjon vore det mest vanlege i fleire år allereie.

I Bergen er talet på gravlagde kister halvert på ti år. I 2006 var det 1033 kistegravferder i kommunen. Det talet sank til 526 kistegravferder i 2016.

– Siste generasjon med kistegravferd

Ragnhild Thorsheim Kristing i gravferdshjelpa i Årstad bydel har 26 års erfaring frå bransjen.

Ho har sett at fleire og fleire ynskjer at deira næraste blir kremert. Om få år er urnenedsetting truleg meir vanleg enn kistegravferd, også på landsbasis.

– Det er mykje som er endra. Vi kjem til å ha kistegravferder i nokre år enno, men når den eldste generasjonen er vekke vil det for det meste vera kremasjon og urnenedsetting, seier ho.

Sparar store summar

Dette er godt nytt økonomisk for kommunen. Dei neste ti åra må Bergen nemleg investera 264 millionar kroner i nye gravplassar.

Urnenedsetting krev langt mindre areal enn ei kistegravferd. At fleire vel urne framfor kista gjer difor at ein sparar plass.

– Det er bra for arealbehovet, og at folk kan velje den gravferda dei sjølv vil ha, seier byråd Julie Andersland (V) for klima, kultur og næring i Bergen.

Kremasjon

VANLEGARE: Fleire og fleire blir kremert. I 2016 valde fire av ti nordmenn kremasjon framfor kistegravferder. I byane er det allereie meir vanleg.

Foto: Benedikte Fjelly / NRK

Kister treng meir plass enn før

Ifølge lova må kommunen ha ei gravreserve på tre prosent. Bergen har i dag ein reserve på 3,3 prosent.

Skal dei halda seg over kravet, må kommunen finna 23 550 nye graver dei neste ti åra.

– Så viss alle skulle valt kistegrav, som er det som tek mest plass, så hadde det vore vanskeleg for oss å finna nok areal, seier Andersland.

Nye krav til kistegraver gjer også at dei tek endå større plass enn i gamle dagar. I Oslo er kommunen godt i gang med å vurdere ulike alternativ for å løyse problema med plassmangel.

– Noko av årsaka er at menneske rett og slett er blitt større. Og at det er andre krav i dag enn for nokre år sidan som gjer at kistegraver krev meir plass, forklarar Andersland.

At det offentlege ynskjer å bruka mindre plass på graver, kan likevel bli vanskeleg for enkelte, meiner Ragnhild Thorsheim Kristing i gravferdshjelpa.

– Det er vondt for den eldste generasjonen. Dei doble gravene er det nesten ikkje plass til lenger. Det er berre nokre få gravplassar i Bergen som har plass til det.

Klima, kultur og næringsbyråd Julie Andersland (Venstre) i Bergen

IKKJE PLASS TIL ALLE: Byråd for klima, kultur og næring i Bergen, Julie Andersland, fortel at det hadde vore vanskeleg å finne plass dersom alle hadde ynskje om å bli gravlagd i kiste.

Foto: Sølve Rydland / NRK