NRK Meny
Normal

På denne «kyrkjegarden» kan opp mot 99 prosent gjenvinnast

STORD (NRK): Fram til 2025 skal 200.000 tonn med plattformer ryddast vekk frå Nordsjøen. Jobben skjer side om side med bygginga av nye installasjonar.

Resirkulerer gamle plattformer

MOT SLUTTEN: Opp mot 100 personar arbeider med å ta oljeplattformene frå kvarandre ved Kværner på Stord.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Tre ulike olje- og gassinstallasjonar er i ferd med å få nytt liv på demoleringsanlegget til Kværner på Stord i Sunnhordland.

Side om side med bygginga av nye installasjonar til oljeindustrien, blir gamle tatt frå kvarandre og selt vidare.

– Dette er kyrkjegarden for slike plattformer. Vi var raskt på plass då det opna seg ein marknad for gjenvinning av oljeplattformer, fortel prosjektleiar Atle Sætrevik.

er Atle Sætrevik, prosjektleder for demoleringen ved Kværner.

– NESTEN ALT KAN BRUKAST PÅ NYTT: Atle Sætrevik er prosjektleiar for Kværner sitt anlegg på Stord.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Alt vert sortert ut

For vel ei veke sidan gjekk eit 115 meter høgt flammetårn frå ei britisk plattform i bakken. No ligg restane igjen. Edelt metall vert sortert ut og tatt vare på for vidaresal.

– Vi klipper det heile opp og får det i mindre betar. Nesten alt kan brukast på nytt, seier Sætrevik.

For fire år sidan vart det spådd kamp om å plukka dei gigantiske plattformene frå kvarandre.

Sætrevik hevdar at verftet i Sunnhordland kan resirkulere 99 prosent av ein utdatert plattform. Akkurat no har verftet restar av Nyhavna-prosjektet, Varg-plattforma og den britiske Miller-plattforma strødd rundt på anlegget.

Det spesialbygde demoleringsanlegget sysselset mellom 50 og 100 personar. Og snart kjem det fleire installasjonar som har sett si stordomstid.

SJÅ VIDEO: 115 meter høgt flammetårn går i bakken på demoleringsanlegget til Kværner på Stord.

200.000 tonn skal fjernast

For det er ein formidabel jobb som skal gjerast på norsk sokkel i Nordsjøen i åra fram mot 2025.

I august 2016 vart den 13.000 tonn tunge Yme-plattforma frakta til Lutelandet i Sogn og Fjordane for skroting.

Ifølgje nettstaden TU skal plattformdekk frå til saman 14 plattformer fjernast frå den norske delen av Nordsjøen dei neste åra. Konkurransen om oppdraga er hard. Både norske og utanlandske selskap tek del i kampen om kontraktane.

Blant dei største norske aktørane er AF Gruppen i Vats i Rogaland, Kværner på Stord og Lutelandet Offshore i Sogn og Fjordane.

Oljeselskapa er forsiktige med å seie noko om kva som skal fjernast frå norsk sokkel fram mot 2025. Oil & Gas UK laga denne oversikta for to år sidan:

  • Totalt 199.091 tonn skal fraktast til land
  • 362 brønnar skal pluggast
  • 14 plattformer skal takast til land og hoggast opp
  • 1745 tonn subseautstyr skal fjernast
  • 297 kilometer røyrleidning skal hentast opp
Yme på Lutelandet

PÅ LAND: Hogginga av Yme-plattforma starta på Lutelandet i Sogn og Fjordane i 2016.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Lange tradisjonar

Verftet på Stord byrja som ein sildefabrikk i 1919, før fabrikken gjekk over til å reparere skip og seinare også bygge skip.

Den første oljeplattforma som vart bygd ved Aker Stord, som det heitte den gongen, var Statfjord A på 1970-talet. Seinare følgde også Gullfaks-plattformene og den gigantiske Troll A-plattforma.

No avsluttar altså fleire plattformer sine liv på verftet i Sunnhordland. Og marknaden for resirkulering av gamle plattformer berre aukar.

Metallet går til stålfabrikkar i Europa og Tyrkia. Høgverdig metall vert levert til ulike mottakarar.

– Dei to neste åra har vi rikeleg med arbeid. Dessutan skal fleire anbod inn, seier ein optimistisk Atle Sætrevik ved Kværner Stord.

Resirkulering av gamle plattformer

SKAL HUGGAST: Kværner Stord har arbeid i to år framover med utrangerte plattformer frå Nordsjøen.

Foto: Marte Rommetveit / NRK