Hopp til innhold

Kværner opnar koronatelt for å teste polske arbeidarar

Kværner Stord tek ingen sjansar når 200 polske arbeidarar i dag kjem frå Polen for å jobbe på verftet.

Koronatelt, Kværner Stord

BLIR TESTA I TELTET: Kværner Stord vil ha dei polske arbeidarane raskt ut arbeid og har sett opp eige telt på brakkeområdet.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Etter at regjeringa denne veka endra reiserådene for fleire europeiske land, er det venta at Polen kan gå frå grønt til raudt.

Polen hadde før helga 20,1 smitta per 100.000 innbyggarar, ifølgje ta frå ECDC. Den norske grensa for å bli vurdert som grønt land ligg som kjent på 20 tilfelle.

Dersom Polen blir raudt, får dette mellom anna konsekvensar for hjørnesteinsbedrifta Kværner på Stord. Dei ventar i dag opp mot 200 polske arbeidarar som kjem til Noreg for å jobbe på verftet.

Opnar for hurtigtesting

For å få polakkane raskt ut i arbeid, blir det no sett opp eit eige koronatelt der mellom 200 og 400 personar kan hurtigtestas kvar veke.

Arbeidarane kan dermed kome ut i arbeid etter nokre dagar i staden for å sitte opp til 10 dagar i karantene.

– Dette gjer vi fordi kapasiteten i det offentlege er litt avgrensa, og fordi vi ikkje ønskjer å belaste dei ytterlegare. Det er viktig å ha eigen kapasitet og hurtig responstid, seier verftsdirektør Terje Johansen.

Terje Johansen, Kværner Stord

SET TRYGGLEIKEN FØRST: Verftsdirektør Terje Johansen seier koronateltet ikkje er gratis, men at dei ikkje kan gå på akkord med tryggleiken.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Gir ein ekstrakostnad

Koronateltet er delt inn i fire seksjonar og har eit venterom der ein skal opphalda seg før ein får gå inn i testområdet.

Teltet har kapasitet til at åtte personar kan komme inn for å teste seg samtidig. Sjølve testinga vil vere unnagjort på eit kvarters tid.

Kor mykje kostar dette for Kværner?

– Alt rundt korona har ein ekstrakostnad, men vi kan aldri gå på kompromiss med tryggleiken, svarar Johansen.

Dersom nokre av arbeidarane skulle teste positivt, har Kværner gjort klart eit opplegg med isolasjon av dei som er sjuke og karantene for nærkontaktar som må testast.

Koronatelt, Kværner stord
Foto: Eli Bjelland / NRK

Krevjande vår for verfta

Verftsindustrien har hatt ein tøff vår og blei hardt råka av stenginga som følgje av koronasituasjonen i vår.

I april skreiv NRK at ni av ti polske verftsarbeidarar hadde reist heim eller blitt permitterte.

Også ved Kværner sitt verft i Værdal og ved Aibel i Haugesund har den usikre våren med mange permitterte ført til mykje bekymring rundt arbeidsplassar, lågare aktivitet og prosjekt som blir lagde på is.

Les også: Verftsarbeider: – Nå ser det mørkt ut

På Kværner Stord har dei klart å halda prosjekta i gang på dei fleste lokasjonane, men verftssjefen vedgår at han no er bekymra for aukande smittetal.

– Eg har vore bekymra heile vegen, sjølv om vi har klart å halda aktiviteten oppe. Det har vore krevjande fordi vi er nøydd til å ta alle forholdsreglar og gjere grundige risikovurderingar for å vere på den sikre sida, seier Johansen.

koronatelt, Kværner stord
Foto: Eli Bjelland / NRK