Fare for storstreik i industrien frå midnatt: – Norsk Industri piskar opp streikeviljen

28.000 i industrien er klare til å gå ut i streik. Tillitsvalde ved Kværner Stord har henta fram streikevestane. – Streikeviljen er stor. Folk meiner dei fortener eit lite løft, seier Hans Fredrik Nes i verkstadklubben.

Hans Fredrik Nes

KAMPKLAR: Nestleiar Hans Fredrik Nes i verkstadklubben på Kværner Stord har funne fram dei gule streikevestane.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Industriarbeidarar over heile landet legg ned arbeidet viss Fellesforbundet og Parat ikkje blir samde med Norsk Industri innan midnatt. Partane har vore i tvungen mekling sidan måndag etter at dei ikkje kom fram til ei løysing i dei ordinære lønsforhandlingane.

Oppgjeret i industrien markerer starten på heile lønsoppgjeret og legg rammene for dei andre tariffoppgjera.

Kan bli full stopp i produksjonen

Store verksemder over heile landet vil bli råka om det blir streik. Ei av dei som blir hardast råka, er Kværner Stord i Vestland.

Nesten 600 tilsette, blant dei røyrleggarar, sveisarar, platearbeidarar og lagerarbeidarar, kan koma til å streika. I tillegg blir mange innleigde arbeidarar også tekne ut.

– I praksis betyr det full stopp i produksjonen, seier Hans Fredrik Nes, som er nestleiar i verkstadklubben på Kværner Stord.

Streikefaren kjem på toppen av koronakrise og låg oljepris, som har ført til store utfordringar for verksemder som leverer utstyr til oljeindustrien.

HER KAN FLEST BLI TEKE UT I STREIK

Arbeidsgjevar

Sted

Antal

Fosdalen Verran

Malm

733

Aibel

Haugesund

649

Kværner Stord

Stord

592

Kværner Verdal

Verdal

470

NSE Industrier

Stavanger

409

Kongsberg Defence & Aerospace

Kongsberg

365

Aker Solutions

Stavanger

364

Bilfinger Industrier

Stavanger

362

Multi Vedlikehold & Drift

Aksdal

361

Bergen Engines

Bergen

353

Nammo Raufoss

Raufoss

351

Benteler Automotive

Raufoss

342

ABB Electrification

Skien

341

Kaefer Energy

Stavanger

339

Nexans

Halden

329

SEC Norge

Stord

328

Rosenberg Worley

Hundvåg

325

GKN Aerospace

Kongsberg

311

Kverneland Group Operation

Klepp

310

Lønnsoppgjøret 2020

BROT: Industrioppgjeret gjekk til mekling etter éi times forhandling 3. august. Leiaren i fellesforbundet Jørn Eggum til venstre ved bordet. Adm. direktør i Norsk Industri, Stein Lier-Hansen, sit til høgre.

Foto: Lise Åserud

Provosert over null-lina

På fagforeiningskontoret på Stord er dei provoserte over null-lina som NHO har lege seg på. I juni uttala representantskapet i organisasjonen at norsk arbeidsliv i år må visa samfunnsansvar og bidra til å få næringslivet ut av korona-krisa.

Norsk Industri og NHO varsla før forhandlingsstart at ein industri der mange bedrifter er hardt pressa av koronakrisa ikkje hadde eit øre å gi.

– I år har vi ikkje noko å gje, sa administrerande direktør Stein Lier-Hansen i Norsk Industri før forhandlingsstart.

– Eigentleg skulle vi ha redusert lønningane i Noreg for å opparbeide ei betre konkurransekraft. Eg håpar motparten har ei verkelegheitsoppfatning som er i tråd med faktum, sa industri-sjefen.

– At motparten går inn i forhandlingane med ein slik haldning, det skapar berre endå meir motivasjon. Då er ein jo ikkje interesserte i å forhandle i det heile, seier Nes.

Atle Tranøy, leiar for Fellesforbundet, avdeling Sunnhordland og Hardanger, er samd:

– Eg trur nok at den totalt steile og avvisande haldninga som Norsk Industri har gått inn i både forhandlingar og mekling med, bidreg til å piska opp streikeviljen. Me er godt førebudde, og ein eventuell konflikt skal bli effektiv.

Atle Tranøy

PROVOSERT: Atle Tranøy er leiar i Fellesforbundet, avdeling Sunnhordland og Hardanger.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Ikkje rett tid å utnytta situasjonen

– Fleire verksemder, blant dei Kværner Stord, har store utfordringar knytte til låg oljepris og koronakrise. Er dette rett tidspunkt å ta ein streik i tillegg?

– Det er i alle fall ikkje tidspunktet for at arbeidsgivarsida skal utnytta situasjonen til å skvisa sine tilsette. Dei har teke solid ansvar gjennom dei krisene me no har vore gjennom og står i framleis. Det viser at det er rom for å finna fornuftige løysingar viss ein går inn i mekling med ei fornuftig haldning.

Eit viktig argument frå arbeidsgivarane har vore at sjølv eit nulloppgjer vil sikre kjøpekrafta. Det har samanheng med at etterverknadene av oppgjeret i fjor – det såkalla overhenget – utgjer 1,2 prosent i år.

Ruster opp til lønnsforhandlinger - kan bli streik

KLAR: Hovudtillitsvalt ved Benteler Automotive på Raufoss, Sindre Ensrud, er klar for streik dersom det er det som må til for at deira krav går gjennom.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Hovudtillitsvalt: – Alt anna blir dyrare

Det godtek ikkje Sindre Ensrud, hovudtillitsvalt i Benteler Automotive i Raufoss industripark, kor 1500 arbeidarar kan bli tekne ut i streik.

– Problemet med eit nulloppgjer er at det ikkje betyr at vi står stille i lønn. Eit nulloppgjer betyr at alt anna blir dyrare – medan vi står stille. Det er uaktuelt, seier Ensrud.

Han meiner at krava dei stiller i årets lønnsoppgjer, ikkje er høge.

– Dei viktigaste krava vi ser på no, er å behalde retten til lokale lønnsforhandlingar og feriepengar på dagpengar. Det er det vi bryr oss mest om no.

Klubbleiar Erlend Nygård på Rosenberg Verft i Stavanger er klar til å ta ut 320 tilsette i streik. Han trur ikkje det blir vanskeleg å få sympati, sjølv om landet er inne i ei krise.

– Dei bedriftene som har det tøft vil få det tøffare. Men det er mange medlemmar som også har det tøft no, og dette er for at dei skal få ein betre kvardag. Krava våre er rimelege, ansvarlege og rettferdige også i ein koronasituasjon, seier Nygård.

Erlend Nygård, klubbleder Rosenberg Verfts klubb

- RIMELEGE KRAV: Erlend Nygård er klubbleiar i Rosenberg verfts klubb på Buøy i Stavanger.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Direktør: – Streik det siste vi treng

Leiarane i verksemdene fryktar at ein streik kan gjere eit vanskeleg år endå verre.

– Eg håpar inderleg ikkje det blir streik. Det er svært krevjande tider, og dette er det siste vi treng, seier hr-direktør Rune Erland i Bilfinger industriar i Stavanger.

– No treng vi stabilitet og føreseielegheit. Ein streik har sin pris. Det blir ingen vinnarar, seier Erland.

Norsk Industri vil ikkje kommentera kritikken overfor NRK. Kommunikasjonssjef Odd Naustdal ved Kværner Stord legg seg på same line:

«Ein streik er no eit hypotetisk utfall, så me kommenterer ikkje det førebels. Ein trussel om streik i desse tider er noko me tek på største alvor, så me jobbar no med å sjå korleis me vil handtera ein slik situasjon.»

Norsk Industri og Fellesforbundet i årets lønnsoppgjør

UAKTUELT: Leiar i Fellesforbundet, Jørn Eggum, har gjort det klart at eit eventuelt nulloppgjer er uaktuelt. Fellesforbundet har varsla at dei tek ut 27.000 medlemmar i streik frå i morgon dersom meklinga ikkje fører fram.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix