Hopp til innhold

No er Yme-plattforma på land

Skandaleplattforma til 14 milliardar vart aldri brukt til oljeproduksjon, men no skal han hoggast opp til spiker og skape arbeidsplassar i Fjaler. Dei som står i det føler at dei skapar historie.

No er han trygt på land på Lutelandet

ENDELEG: etter fleire år med planlegging er Yme-plattforma endeleg på plass på Lutelandet

– Det har aldri skjedd før at ein heil plattform i ein del har vorte frakta opp på land slik som no, dette er historisk. Det seier Tor Gjertsen i Lutelandet Offshore.

Dei har fått jobben med å ta hand om oljeplattforma vidare, og for industriområdet Lutelandet er det ei etterlengta oppgåve. Oljeboomen kom aldri til ytre Fjaler, men no kan det skapast så mykje som 70 arbeidsplassar berre i samband med Yme-plattforma

YME-plattformen ovanfrå

FRAKTA PÅ SKIP: eit av verdas største skip frakta Yme-plattforma i land i Fjaler.

Foto: Alf Vidar Snæland

Stor spenning

Når ein gjer arbeid ingen andre har gjort før, er det gjerne ein del spenning knytt til om alt går som det skal.

Les også: Denne er på veg mot Lutelandet

– Vi har jobba i tre år no med dette prosjektet, og for vår del har det vore mykje spenning knytt til om vi kom til å få landanlegget klart. Vi har i alle fall gjort det vi kan for at det skulle gå bra å få alt på land trygt og sikkert, seier Gjertsen.

Og det gjorde det også, ingen komplikasjonar oppstod. Det var godt å sjå for sjefen

Les også: Endelig punktum for Yme

– Når plattforma endeleg vart sett ned på land gjekk nok lufta ut av mange. Då var det verste over, og vi kunne puste letta ut. Du veit jo ikkje om det går bra før alt er ferdig, og eg fekk ei større og større ro i meg etter kvart som arbeidet med ilandsetting tok til.

Bilete av plattformen som blir teken i land på Lutelandet i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane. Diverse time-lapse av prosessen.

HISTORISK: ilandsettinga på Lutelandet er historisk, og Tor Gjertsen i Lutelandet Offshore håpar dette berre er byrjinga på industrieventyret i ytre Fjaler

Lagar verdshistorie

Noko liknande som det som no skjer på Lutelandet har aldri før skjedd nokon annan stad i verda, og Gjertsen stadfestar at dei no får førespurnader ifrå folk i utlandet som let seg imponere.

– Det er folk som tek kontakt og seier ifrå om at dei følgjer med, og vi håpar jo i det lengste at dette er starten på eit større industrieventyr. No har vi bevist for folk at plattforma står like heil på land, og då trur eg vi kan vere leiande i det store miljøprosjektet det vil vere å rydde Nordsjøen for gamle oljeplattformer.