Hopp til innhold

Statleg tilsett dømd for hallikverksemd – sende 300.000 meldingar til prostituerte

Han har hjelpt prostituerte med pengar, hotellovernatting og annonsering med rabattkodar han hadde gjennom jobben i staten. No er han dømd.

Ein mann er dømd i Salten og Lofoten tingrett for hallikverksemd. Han skal då ha brukt nettsida Realescort.com ofte. Her ser ein skjermdump frå heimesida.

Ifølge dommen hadde mannen omfattande aktivitet på eskortenettsider. Han var blant anna innom Realescort over 1600 gangar frå 17. mars 2022 til 9. juni 2022. Det er i gjennomsnitt 19 gongar om dagen.

Foto: Skjermdump frå Realescort.com

Ein mann i 50-åra frå Salten var tidlegare i vinter tiltalt for to forhold for hallikverksemd.

Saka gjekk for Salten og Lofoten-tingrett i byrjinga av mars. Der erkjente mannen seg ikkje skuldig.

No er dommen klar.

Mannen vart dømd til åtte månadars fengsel for det eine forholdet, men frifunnen for det andre.

Retten meiner han har hjelpt kvinner som har kome frå Aust-Europa og prostituert seg i Noreg, med blant anna pengar, bestilt hotellovernatting og ein del praktiske ting.

Difor er han dømd for brot av paragraf 315 første ledd i straffelova, for å ha fremma andre sin prostitusjon. Dommen var samrøysta.

– Retten har funne det bevist at tiltalte har hjelpt minst åtte ulike eskortar med bestilling av transport, overnattingsstader, annonsering, kundekontakt og betaling i samband med eskorteverksemd. Det dreiar seg om nummer- og bakgrunnssjekkar for eit betydeleg høgare tal på eskortar, står det i dommen.

NRK har fleire gongar prøvd å kome i kontakt med forsvararen til mannen utan hell. Difor er det usikkert korleis han stiller seg til dommen, og om han vil anke.

Les også Skal ha drifta utanlandsk prostitusjonsnettverk heimanfrå

Bodø tinghus. Salten og Lofoten tingrett.

Brukte rabattkodar frå jobben

Politiet hadde blant anna funne 300.000 meldingar mellom mannen og dei prostituerte.

Dette har skjedd mellom 2017 og 2022. Han stilte også vipps-kontoen sin til disposisjon, ifølge dommen.

I tillegg gav han dei prostituerte tilgang til rabatterte hotellprisar ved å gi ut avtalekodar han sjølv hadde tilgang til gjennom jobben sin.

Han var tilsett i eit større statleg selskap.

Politiadvokat Gaute Bendos Rydmark er nøgd med dommen, og meiner han er svært grundig og god når det kjem til det første forholdet. Og han tek til etterretning at retten frifann mannen for det andre forholdet.

– Når det gjeld den straffa som vart gitt meiner eg ho er grundig gjort greie for og korrekt for det han vart domfelt for, seier han.

Gaute Bendos Rydmark, aktor

Politiadvokat Gaute Bendos Rydmark meiner dommen er grundig og god.

Foto: Ole-Fredrik Lambertsen

Han seier det ikkje skjer ofte at nokon blir dømd for hallikverksemd i Noreg.

– Det blei behandla ei liknande sak i Helgeland tingrett i 2023. Ut frå rettspraksis er det ikkje veldig mange saker som har blitt behandla.

Hevda han jobba med bokprosjekt

I retten forklarte tiltalte at store delar av kontakta han hadde med dei prostituerte var knytt til eit bokprosjekt han hadde jobba med over fleire år.

Han hadde planar om å gi ut ei bok eller ein artikkel om prostitusjonsmiljøet. Men han innrømde også at han gjorde det av rein nysgjerrigheit, ifølge dommen.

– Dette var ein plan han hadde hatt i mange år, men han hadde ikkje starta på eit manus eller utkast, står det i dommen.

Les også Dømt for voldtekter på Helgeland – pågrepet i Sveits

Politistasjonen i Mosjøen

Han meinte også at meldingane som dei gjekk igjennom i retten ikkje viste det heile biletet og var ein avgrensa del av verkelegheita. Han hevda også at damene dreiv med eskorteverksemd, men at han ikkje hadde kjennskap til kva for type og detaljane rundt eskorteverksemda.

Retten meinte forklaringa til mannen var vag og unnvikande.

– Retten festar ikkje lit til tiltalte sin forklaring om at han i avgrensa grad hadde kjennskap til dei ulike kvinnene sine verksemder og detaljar omkring denne, står det i dommen.

Rettssak i Salten og Lofoten tingrett.

Rettsaka gjekk i Salten og Lofoten tingrett i byrjinga av mars 2024.

Foto: Harpreet Kaur Nijjer

Frifunne for hallikverksemd i Colombia

I det andre forholdet meinte påtalemakta at mannen skal ha fremja prostitusjonsverksemd for ei rekke kvinner i Colombia frå hausten 2020 til sommaren 2022.

Der meinte dei at han har vore ein mellomperson og mottatt pengar frå andre personar som har bestilt webshow og direktevideoar av desse damene.

Les også Politiet mener videoer i sosiale medier viser bortføring av mann

Kidnappingssak i Vesterålen

Politiet meinte at kvinnene skal ha strøymt video til kjøparane der dei kunne sjå at dei hadde seksuell omgang med seg sjølv.

Men retten meinte at det ikkje var tilstrekkeleg med bevis for at det var prostitusjon, og ikkje stripping, slik mannen hevda i retten.

– Etter synet til retten er ikkje det strenge beviskravet i straffesaker oppfylt, idet det ikkje er lagt fram nokre bevis som etter synet til retten gjer at forklaringa til den tiltalte kan utelukkast, står det i dommen.

Han vart difor frifunne for dette forholdet.