Politiet går ut med namna på dei drepne

Sonen (40) er sikta for dobbeltdrap på foreldra på Sotra. No frigir politiet namna på ekteparet.

Huset på Kolltveit der to personer ble funnet drept

DOBBELDRAP: Eit ektepar vart funnen drepne ved heimen sin på Kolltveit på Sotra. Sonen er sikta i saka.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

I samråd med dei pårørande, går politiet ut med namna på ekteparet som vart funne drepe på Kolltveit på Sotra for ei veke sidan.

Dei to drepne var Per Arne Ormehaug (67) og Siri Helen Johannessen (66). Dei to vart funne ved sin eigen bustad førre fredag. Sonen (40) vart pågripen på staden og er sikta for drapa.

Naboar og kollegaar har til NRK fortald at dei reagerte med sjokk og vantru då dobbeltdrapet vart kjent.

67-åringen jobba som senioringeniør i det statlege forskingsinstituttet Norce. Til NRK har kollegaer omtala han som ein svært dyktig og godt likt kollega på arbeidsplassen.

66-åringen jobba ved Signo Dokken og gjekk nyleg av med pensjon. Ho var innom arbeidsplassen sin same veka som drapet skjedde.

– Ho var i strålande humør og hadde med blomster som ho hadde plukka frå hagen sin, fortalde hennar mangeårige leiar til NRK.

Dobbeldrap på Kolltveit

UNDERSØKINGAR: Politiet gjer avhøyr av vitne i nærområdet på Kolltveit. Åstadsundersøkingane utandørs er ferdige, medan granskingane inne i bustaden er i ferd med å bli avslutta.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

Innrømma drapa på staden

NRK veit at mannen innrømma dobbeldrapet på staden. Laurdag vart han varetektsfengsla i fire veker i Bergen tingrett.

Det er oppnemnd sakkunnige som skal vurdera om 40-åringen er strafferettsleg tilrekneleg. NRK veit at den sikta seinast få dagar før drapet var i kontakt med helsevesenet.

Vest politidistrikt opplyser torsdag til NRK at dei enno ikkje har teke imot dei førebelse obduksjonsrapportane. Den sikta er heller ikkje avhøyrd på nytt, sidan det første avhøyret etter pågripinga.

Politiet har planar om nye avhøyr av 40-åringen, og gjennomfører også avhøyr av vitne i nærområdet til bustaden på Kolltveit.

Åstadgranskingane utanfor bustaden er ferdige, medan granskingane innandørs er i ferd med å bli avslutta.