Rettssaka etter dobbeldrapet på Sotra i juni 2019 starta denne veka. På første dag nekta den tiltalte 42-åringen straffskuld for knivdrapa på foreldra sine.
Dei sakkunnige har slått fast at tiltalte lir av omfattande vrangførestillingar og han er funnen strafferettsleg utilrekneleg for dobbeltdrapet.
Han har i politiavhøyr forklart at han i mange år har vore forfølgt. I eit notat som vart lest opp i retten skreiv han at «heile byen har vore ute etter meg» og at dei har truga heile familien hans.
«Kor er mamma og pappa?»
Onsdag vart det spelt av opptak av telefonsamtalen mellom den tiltalte 42-åringen og hans fem år yngre bror.
Samtalen fann stad klokka 16.42 27. juni 2019, over eit halvt døgn etter politiet meiner drapa skjedde.
Samtalen gjorde at veslebroren ringde etter ambulanse.
I telefonsamtalen har 42-åringen dei same vrangførestillingane om alvorlege trugslar frå «kriminelle» som seinare kom fram i politiavhøyr.
Den drapstiltalte 42-åringen påstår også at dei han meiner er ute etter han, også kjem til å prøve å ta broren.
«Kor er du no? Kor er mamma og pappa?», spør den yngre broren roleg fleire gongar, utan å få klart svar.
«Eg er heilt uendeleg lei for det», svarar den drapstiltalte i telefonsamtalen.
BISTANDSADVOKAT: Beate Hamre (t.h) i Bergen tingrett. Til venstre statsadvokat Benedicte Hordnes.
Foto: Jon Bolstad / NRK– Eg har det veldig tøft
Bistandsadvokat Beate Hamre har fremja erstatningskrav på vegne broren, for dei tapa han har lidd.
Onsdag vitna han i retten. Han fortalde at han har vore mykje sjukemeld det siste året.
– Eg har det veldig tøft. Det går opp og ned. Eg slit med søvnen og med sorga, sa han roleg i retten.
Han skildra foreldra sine som fantastiske og at dei alltid stilte opp for han og broren.
– Eg veit at bror min har slite sidan ungdomsåra. Men eg er fem år yngre enn han og foreldra mine var flinke til å skjerme meg, sa han.
I fjor politimelde han Helse Bergen, fordi broren hans vart skriven ut av psykiatrisk sjukehus berre tre dagar før drapa. Politiet la vekk saka mot Helse Bergen i desember.
– Det er openbert at han burde vore innlagd på tvang. Då hadde eg ikkje trengt å sitte her i dag, sa broren med gråt i stemma til retten.
Også fleire i salen tok til tårene under forklaringa hans.
Helsetilsynet har førebels konkludert med at mannen burde vore innlagd på tvang på eit tidlegare tidspunkt.
– Vi kan ikkje kommentere denne saka fordi den er del av både ei pågående rettssak og eit pågåande tilsyn. Når Helsetilsynet kjem med sin endelege rapport, vil vi kommentere innhaldet i den, seier kommunikasjonsdirektør Erik Vigander i Helse Bergen til NRK.
- Helsetilsynet: – Fekk ikkje forsvarleg helsehjelp
PÅ NATTA: Politiet meiner at ekteparet vart drepne natt til 27. juni. Sonen deira vart pågripen dagen etter.
Foto: Ingvild Ulset / NRKTok seg ein røyk før han innrømde drap
Etter samtalen varsla den yngre broren ambulansen om at han hadde oppfatta broren som psykotisk.
Han hadde heller ikkje fått svar på telefonar eller tekstmeldingar til foreldra sine og var uroa.
Framme på staden fekk politiet og ambulansepersonalet 42-åringen ut av huset. Han sette seg på ein benk medan han tok ein sigarett, fortalde politibetjenten som rykka ut på oppdraget i retten.
– Vi spurte kor foreldra var og då sa han at dei hadde sett seg i bilen og køyrd ein tur.
Etter kort tid snudde plutseleg den tiltalte seg mot politibetjentane og sa «eg har drepe foreldra mine».
Han peika til garasjen der politibetjenten opna garasjeporten og gjorde drapsfunnet.
DRAP: Krimteknikarar på åstaden for dobbeltdrapet på Sotra.
Foto: Ingvild Ulset / NRKSterke bilete og lydopptak
Det var stille og alvorsprega i retten under både politibetjenten si vitneforklaring og avspelinga av telefonsamtalen mellom brørne.
Då krimteknikarar la fram funn frå åstaden, måtte fleire tilhøyrarar gå ut av rettssalen. Krimteknikarane la fram svært sterke bilete frå åstaden.
Kriminalteknikarane meiner begge knivdrapa skjedde på gardsplassen utanfor huset og viste til funn av blodspor.
Dei skildra svært omfattande skader på ekteparet. Dei hadde til saman over 70 skader.
Dei la også fram bilete av kleda til den tiltalte, som fleire stader var tilsølt av blod. Dei gjorde også funn av to knivar oppi ein svart ryggsekk ved utgangsdøra.
Politiet meiner drapa skjedde natt til 27. juni 2019, på gardsplassen utanfor einebustaden. Ein nabo har i politiavhøyr forklart at han høyrde hyl og skrik i 02.30-tida.
Tiltalte har fortald at han ha spylte gardsplassen der drapa skjedde med vatn fleire gonger den natta, men kriminalteknikarar fann likevel mange spor av blod i innkøyrsla.