Son (42) dømt til tvungent psykisk helsevern for drap på foreldra på Sotra

Mannen forklarte at han drap foreldra sine for å skåne dei. Retten fryktar mannen kan gjera liknande handlingar i framtida.

Dobbeldrap på Kolltveit

DOBBELTDRAP: 27. juni i fjor vart ekteparet Per Arne Ormehaug (67) og Siri Helen Johannesen (66) funne drepne ved heimen deira på Kolltveit på Sotra.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

42-åringen som i juni i fjor knivstakk og drap foreldra sine på Kolltveit på Sotra er dømt til tvungent psykisk helsevern i ein samrøystes dom i Bergen tingrett.

Per Arne Ormehaug (67) og Siri Helen Johannesen (66) vart funne drepne ved heimen deira 27. juni i fjor.

Då han vart pågripen fortalde han politiet først at foreldra var ute og gjekk tur. Så fortalde han at han hadde drepe dei og at begge låg i garasjen ved sida av bustaden.

Da saka var oppe i retten i september vedgjekk mannen drapet, men han nekta straffskuld.

Mannen har tidlegare fått diagnosen paranoid schizofreni.

Tidlegare har veslebroren til mannen uttalt at det er openbert at han burde vore innlagd med tvang. Helsetilsynet har førebels konkludert med at mannen ikkje fekk forsvarleg helsehjelp.

Veslebroren politimelde også Helse Bergen i fjor. Mannen hadde blitt utskriven frå psykiatrisk sjukehus berre tre dagar før drapa.

Politiet på Sotra, Kolltveit

ÅSTAD: Ein 67 år gammal mann og ei 66 år gammal kvinne vart funnet døde heime på Kolltveit på Sotra, 27. juni 2019.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Fryktar gjentaking

I dommen står det at retten meiner det kan vera fare for at 42-åringen kan gjera liknande handlingar også i framtida. Båe dei sakkunnige i saka har vurdert han til å vera psykotisk.

«Konklusjonen blir følgelig at observanden anses å være psykotisk i rettspsykiatrisk forstand på undersøkelsestiden. Det antas at observanden var psykotisk på tiden for de påklagede handlingene» konkluderer dei sakkunnige med i dommen.

Dommen viser til mannen si eiga forklaring i retten. Han fortalde at han måndag 24. juni kom heim til foreldra etter opphald på psykiatrisk sjukehus.

Då hadde han i løpet av helga fått tankar om drapa.

– Vi har teke imot dommen, og han er kjent med innhaldet i den. Retten legg til grunn at han var sjuk, og har for så vidt referert hans eigne forklaringar om det, seier forsvarar Fredrik Verling til NRK.

Forsvarar Fredrik Verling

FORSVARAR: Fredrik Verling i Bergen tingrett.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Drap foreldra for å skåna dei

I retten forklarte mannen at han drap foreldra for å skåna dei. Han hevda han fekk trugslar om at foreldra kom til å bli torturert i 10 år, noko han fortalde broren sin om ettermiddagen etter drapa.

Retten viser til at mannen hadde var skremt og engsteleg.

Mellom anna demonterte mannen elektronikk for å leita etter mikrofonar.

42-åringen har forklart at han har høyrt rykte om slike trugslar i mange år. Mannen skal ha høyrd om rykte måndagen han blei utskriven. Han skal ha forklart at han ikkje heilt forstår kvar desse trugslane kjem frå, men at det er eit kriminelt miljø.