NRK Meny
Normal

Ny sjanse for rådyr kreftmedisin mot brystkreft

Kreftmedisinen Kadcyla vart avvist av norske myndigheiter tre gonger. No er det nye forhandlingar med produsenten. – Eg forventar at dei vil snu, seier Anne Gine Hestetun.

Anne Gine Hestetun

GLAD: Fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun, er nøgd med at medisinen ho sjølv har betalt for eiga lomme skal vurderast på nytt.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Mange var skuffa då pristilbodet på kreftmedisinen Kadcyla for tredje gong vart avvist for bruk på norske sjukehus i juni i år. No har produsenten kome med eit nytt tilbod.

Den svært dyre kreftmedisinen har vore gjenstand for svært mykje offentleg debatt. Den kostar mykje, gjeld få pasientar og gjer dei heller ikkje friske.

På den andre sida gjev den svært god effekt og betre livskvalitet for dei pasientane som kan ha nytte av den.

Gong etter gong har norske myndigheiter sagt nei til å betala for medisinen, men no får NRK stadfesta at det på ny er forhandlingar på gong mellom Helse-Noreg og legemiddelprodusenten Rocher.

– Svært glad for dette

– Eg er glad for at denne saka kjem opp att, seier fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun.

Ho vart sjølv råka av brystkreft i 2011, og har betalt for medikamentet frå eiga lomme.

Kadcyla har vore mykje omtala tidlegare, mellom anna fordi det er svært dyrt, og fordi pasientane må betale frå eiga lomme dersom dei skal bruke det.

I tre år har forhandlingane mellom Beslutningsforum for nye metodar og legemiddelfirmaet Roche gått føre seg.

Har vore for dyrt

Kommunikasjonsrådgjevar for Helse Nord, som har sekretariatet for Beslutningsforum, Anne May Knudsen bekreftar at Kadcyla skal vurderast på nytt.

– Leverandøren har kome med eit nytt tilbod, og det skal opp til vurdering den 15. august.

Anne May Knudsen

DYRT: Kommunikasjonsrådgjevar i Helse Nord, Anne May Knudsen, fortel at mykje grunngjevinga for at Kadcyla har vorte avvist tidlegare er prisen.

Foto: Helse Nord

Knudsen forklarar at det er ei samla vurdering som gjer at medisinen har fått avslag tidlegare.

– Avslaget er gjeve på ei vurdering av nytte, effekt og kostnad. Kadcyla er eit svært dyrt legemiddel, og kostnadene vart for dette legemiddelet utslagsgjevande, seier ho.

Beslutningsforum for nye metoder vurderer det slik at medikamentet er nyttig, men kostnadene fortsatt er for høye til at det kan innføres.

Beslutningsforum for nye metoder


Forventar at styresmaktene snur

Lise Rist i Roche stadfestar at dei har kome med eit nytt pristilbod.

– Vi kan bekrefte at vi framleis jobbar for at også norske pasientar skal få tilgang til brystkreftmedisinen Kadcyla. Vi har levert eit nytt tilbod på Kadcyla og håpar at Beslutningforum tek stilling til tilbodet i samband med deira kommande møte i august, seier ho.

Fylkesordførar Hestetun håpar at dei som treng medisinen no kan få sleppe å betale for den sjølv.

– Dette er viktig for så mange. Førre gong sa Beslutningsforum nei under tvil, så eg forventar at dei no kjem fram til at dei vil hjelpe oss og gje oss medisinen, seier ho.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.