Hopp til innhold

Får ikkje etterlengta kreftmedisin fordi prisen er for høg

Brystkreftramma rasar over myndigheitene sitt nei til ny medisin. Dei meiner det er usakleg å rekne kostnad opp imot nytte når det gjeld liv og død.

Eva Flått

Eva Flått frå Namsos stiller spørsmålsteikn ved myndigheitene sitt nei til etterlengta kreftmedisin.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Er det pengane dine som skal bestemme kor lenge du får leve?

Brystkreftramma Eva Flått frå Namsos stiller spørsmål ved myndigheitene sitt nei til etterlengta kreftmedisin. I slutten av juni sa Beslutningsforum for nye metodar igjen nei til å ta i bruk kreftmedisinen Kadcyla. Medisinen forlenger livet til pasientane, men staten vil ikkje betale. Dei seier at kostnadane er større enn nytta.

– For min del kjennast det veldig urettferdig. For meg verka det som nemnda ikkje klarar å ta inn over seg kor alvorleg det er for ein familie å verte ramma av noko slikt, seier Flått.

Ligg bak andre land i Europa

18 europeiske land, inkludert Sverige og Danmark, gir allereie Kadcyla som eit tilbod til brystkreftramma. Lars Vorland, leiaren i Beslutningsforumet, seier at medisinen verkar, men prisen vert for høg samanlikna med effekten.

Lars Vorland

Lars Vorland, leiar i Beslutningsforum for nye metoder, seier at prisen på kreftmedisinen vert for høg samanlikna med effekten.

Foto: Amanda Åsberg/NRK

– Eg skjønna kritikken frå dei som er ramma av brystkreft, men vi må prioritere når det gjeld pris opp i mot nytte. Nytten her er kanskje ikkje så mykje større, medan kostnadane blir mykje høgare.

Dette er tredje gongen dei seier nei til medisinen grunna pris. Vorland seier at medisinen må verte billigare før dei eventuelt kan sei ja.

Betaler frå eiga lomme

Fylkesordføraren i Hordaland kommune, Anne Gine Hestetun, er blant 100 pasientar i Noreg som er aktuell for behandling med Kadcyla. Ho betalar årleg 900.000 kroner, frå eiga lomme.

– Først og fremst blir eg rasande. For meg handlar det om eit klasseskilje i Noreg, som eg verken likar eller trur på når det gjeld samfunnsutvikling. Eg er utruleg skuffa, seier Hestetun.

Anne Gine Hestetun

Fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun, betalar 900.000 kroner frå eiga lomme for å bli behandla med brystkreftmedisinen Kadcyla.

Foto: Christian Lura / NRK

Norske myndigheiter har forhandla med legemiddelselskapet Roche i tre år, men står fast ved avslaget etter at Roche for sjuande gong har levert eit redusert tilbod på brystkreftmedisinen.

Påverka familielivet

Eva Flått er 47 år, er gift og har to born. Ho vil vere med å kjempe for at alle skal få tilgang på brystkreftmedisinen Kadcyla, slik at det ikkje er økonomien som bestemmer om ein skal få ei ny jul med familien sin.

– Skal pengar bestemme kor mykje tid ein får med familien sin?

Flått synast det er rart av Sverige har hatt medisinen i over to år, medan Noreg ikkje klarar å ta i bruk same forsking for pasientane sine.

– Eg fekk diagnosen min for tre år sidan, og då fekk eg beskjed om at det var håp fordi forskinga var kommen så langt. Men kva skal ein med forsking viss vi ikkje kan bruke medisinen dei forska seg fram til?