NRK Meny
Normal

Her skriv fylkesordføraren brevet til ministeren

Hordaland og Sogn og Fjordane er klare for å bli eitt frå årsskiftet 2020.

Pål Kårbø

BREV TIL OSLO: Her formulerer fungerande fylkesordførar i Hordaland Pål Kårbø vedtaksbrevet som stadfestar samanslåinga.

Foto: Mette Anthun / NRK

Det betyr at Hordaland og Sogn og Fjordane er éin og same region frå 1. januar 2020.

Fleirtalet for samanslåing med naboen i nord var knapt, etter at Høyre og Frp hoppa av i fylkestinget.

Voteringa enda med 31 mot 26 stemmer.

Fungerande fylkesordførar Pål Kårbø (KrF) formulerte vedtaksbrevet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet straks møtet var heva.

Brev til kommunalministeren

VEDTAKET: Dette brevet er truleg gode nyheiter for kommunalmininste Jan Tore Sanner (H).

Foto: Mette Anthun / NRK

– Me sende søknaden umiddelbart etter møtet. I dag var det var viktig at me rakk fristen, seier Kårbø.

Berre Ap, KrF, Sp og MDG stemte for heile intensjonsavtalen med Sogn og Fjordane.

– Dette er ein uhyre viktig dag. Sogn og Fjordane ligg oss nært, men me skulle gjerne hatt med Rogaland, seier Tom Sverre Tomren frå MDG, som var med å vippa resultatet til ja-sida.

Nei frå Frp og Høgre

Fylkestinget slår i vedtaktsteksten fast at dei helst ser at det vert etablert ein Vestlandsregion som består av Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane.

Det vil seia at dei opnar for at Rogaland kan dragast inn i regionen viss Stortinget opnar for bruk av tvang.

Silje Hjemdal

NEI: Frp og gruppeleiar Silje Hjemdal sa nei til samanslåing med Sogn og Fjordane.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Høgre støtta intensjonsavtale der Rogaland var inkludert, men stemte nei i fylkestinget fredag. Frp vil heller ikkje støtta ein vestlandsregion utan Rogaland.

– Me ynskjer ikkje å lukka døra til Rogaland. Regionen vil få ei heilt anna slagkraft med Rogaland. Rogaland må med, difor stemte me nei, seier gruppeleiar Silje Hjemdal.

Raudt og SV ville ha folkeavstemming

Raudt og SV fremja forslag om folkeavstemming før politikarane tek stilling til samanslåinga med naboen i nord.

– Første bod for oss er at innbyggjarane skal ha eit ord med i laget når reforma handlar om å gje innbyggjarane fleire oppgåver og større innverknad, seier gruppeleiar Terje Kollbotn i Raudt.

Raudt og SV fryktar reforma er tomme ord og i praksis ei sentraliseringsreform.

– Innbyggjarane må vera med og avgjera dette, dersom Stortinget meiner demokratiet blir styrka her vest, seier Kollbotn før voteringa.

Forslaget fall.

Geir Kjell Andersland fylkestinget

KRITISK: Geir Kjell Andersland (V) på talarstolen under fylkestinget i Bergen 3 februar. Han er kritisk til innhaldet i intensjonsavtalen.

Foto: May-Helen Rolfnes / NRK

Kritisk til punkt om kraftmilliardar

MDG ville ta ut punktet som omhandlar ferjefri E39 i intensjonsavtalen. Men partiet

– Ferjefri E39 er ikkje vegen å gå viss me skal få gods og persontrafikk over på bane, båt og kollektivt transport. E39 har ingenting å gjera i ein slik samanheng og det er ikkje ein premiss for å styrkja Vestlandet, seier Natalia Golis i MDG.

Venstre reagerer sterkt på at Sogn og Fjordane vil halda kraftmilliardane unna Bergen i det nye storfylket.

Partiet tok til ordet for å fjerna punktet, som garanterer at kraftformuen og fondsmidlane skal brukast på utvikling i Sogn og Fjordane.

– Utgangspunktet blir feil når den eine parten på førehand skal trekkja ut 1,5 milliard og setja desse i eit eige fond. Det blir ensten som å inngå eit ekteskap der den eine skal ha særeige, seier Geir Kjell Andersland (V).

Natalia Golis, MDG

MED PÅ LAGET: Miljøpartiet dei grøne støtta forslaget, men var ikkje spesielt begeistra for punktet om å gjennomføra ferjefri E39.

Foto: May-Helen Rolfnes / NRK

Krav til Stortinget

I vedtaket poengterer fylkespolitikarane at folketal og geografisk utstrekning ikkje må vera til hinder for etablering av Vestlandsregionen i ein ny regionstruktur.

Viss Vestlandsregionen blir monaleg større enn andre samanliknbare regionar, skal ikkje det stå i vegen for at storregionen får større oppgåver, krev fylkestinget.

Vedtaket fredag er i tråd med Stortinget sitt ynskje om å redusera talet på fylke til ti regionar. I løpet av våren kjem etter planen regjeringa sitt forslag til ny regionstruktur.

Siste video

Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik