Hopp til innhold

Vil halde kraftmilliardane unna Bergen i det nye storfylket

Sogn og Fjordane Energi har gitt fylkespolitikarane over ein milliard kroner i friske inntekter dei siste 15 åra. No står kampen for å hindre at dei pengane hamnar i Bergen ved ei fylkessamanslåing.

Vasskraftverk i Jølster

STORE RESSURSAR: Vasskraftverka i Sogn og Fjordane gjev store ressursar til fylkeskommunen,

Foto: Commons

– Vi har fått til ei løysing som sikrar at kraftinntektene også i framtida vil kome Sogn og Fjordane til gode. Det sa fylkesordførar Jenny Følling (Sp) etter at ho vart samd med Hordaland om ein intensjonsplan for å slå seg saman til eit fylke.

Hordaland og Sogn og Fjordane har nemleg bestemt korleis det nye «Vestlandet» fylke skal sjå ut.

Ein del av pakken er eit Sogn og Fjordane skal få halde 1,5 milliardar kroner i kraftinntekter frå Sogn og Fjordane Energi (SFE) i eit eige fond som berre skal brukast i dagens fylke.

Å halde kraftinntektene for seg sjølv har vore eit svært viktig poeng for politikarane i Sogn og Fjordane.

– Det handlar om store verdiar. Eit kraftverk er eigentleg ei pengemaskin. Frå 2001 og fram til i dag er det kome 1200 millionar kroner i utbytte frå SFE. Vi må sikre desse verdiane i fylket, har fylkesleiar Sigurd Reksnes i Senterpartiet sagt i fylkestinget.

Pengar skal berre verte brukt på Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane fylkeskommune eig i dag vel 48 prosent av aksjane i Sogn og Fjordane Energi. Utbytte frå denne aksjeposten kan plasserast i det nye fondet, og pengane skal berre kome Sogn og Fjordane til gode, ikkje Hordaland.

– Pengane skal brukast på utvikling i Sogn og Fjordane, men detaljane vil kome på plass seinare, seier Følling

Jenny Følling

VIKTIG: Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane seier at det har vore viktig å sikre kraftinntektene i eit eige fond

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Tidlegare har det vorte sagt at det ein i alle fall ikkje ønskjer, er at kraftgiganten BKK i Bergen skal kjøpe seg endå meir opp i SFE. Dei eig nemleg allereie ein eigardel i selskapet, og vil ha forkjøpsrett om fylkeskommunen sel seg ned.

I BKK ser dei positivt på å kunne utvide i Sogn og Fjordane,

– Vi må sjå kva vi kan få til i lag. Eg tenkjer at det er heilt klart at vi må samarbeide meir saman i kraftbransjen på Vestlandet, enn det vi gjer i dag. Det seier konsernsjef i BKK Jannicke Hilland.

Navarsete skeptisk

Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) er på si side ikkje begeistra over tanken på meir maktkonsentrasjon i kraftbransjen.

Liv Signe Navarsete

KRITISK: Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) er kritisk til meir maktkonsentrasjon i kraftbransjen

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Det er ingen som er tent på ein monopolsituasjon i kraftmarknaden, og i alle fall ikkje forbrukaren.

Navarsete er krystallklar på at inntektene frå SFE må haldast i Sogn og Fjordane, også etter ei eventuell fylkessamanslåing.

– Det er i Sogn og Fjordane at kraftinntekta blir skapt, og det er her dei må brukast.