Hopp til innhold

Nektar å gi opp draumen om Europas største vindmøllepark

Norsk Vind Energi AS vil ikkje gi opp planane om vindkraftutbygging i Stølsheimen, trass sterke protestar og nei frå NVE.

Vurderer vindturbinpark i Nordhordland

VINDMØLLELAND?: I dette området i Masfjorden i Hordaland seier NVE nei til storutbygging av vindkraft. Men selskapet bak planane gir ikkje opp kampen.

Foto: Christian Lura / NRK

Måndag presenterte Noregs vassdrags- og energidirektorat sitt forslag til kva for område på land som er best eigna for vindkraftutbygging.

NVE peika i fjor ut 43 aktuelle vindkraftområde. No er desse snevra inn til 13, noko som blir møtt med blanda kjensler i kommunane det gjeld.

Det blir tydeleg illustrert av ambivalensen til ordførar Kåre Martin Kleppe (H) i Tysnes, der politikarane har sagt nei til vindmøller, men NVE no seier ja.

– Det er ein flott fjellheim, og den har vi berre éin av, seier Kleppe.

– Bør ein ikkje bidra til det grøne skiftet?

– Absolutt. Og då er det jo litt vanskeleg å sei «nei, ikkje her, bygg ein annan stad».

Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe

VIL KJEMPE MOT: Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe vil ikkje ha vindturbinar i fjella i kommunen.

Foto: Stine Mari Velsvik / NRK

Vurderer omkamp om Stølsheimen

Utbygging i Stølsheimen i Hordaland og Sogn og Fjordane har vore heftig diskutert og protestert mot av DNT og naturvernarar.

No er området fjerna frå NVE-planen, noko både Naturvernforbundet og SV jubla for måndag.

Men dei kan ha jubla for tidleg. Selskapet Norsk Vind Energi, som i Stølsheimen vil byggje det som kan bli Europas største vindkraftverk, varslar nemleg at dei ikkje har gitt opp utbyggingsplanane.

Dagleg leiar Per Ove Skorpen vil ikkje konkludere med at kampen er over. Han seier selskapet no vil setje seg ned og finstudere rapporten frå NVE.

– Vi vil sjå om vi framleis trur det kan vere riktig å skape moglegheiter i området som NVE no har ekskludert, seier Skorpen.

Norsk Vind Energis plan for Stølsheimen og Nordhordland

STORE PLANAR: Norsk Vind Energi AS planlegg 200-250 vindturbinar spreidd over store delar av friluftsområdet Stølsheimen, men NVE tilrår ikkje vindkraftutbygging i der.

Foto: Skjermdump
Vindkraft splitter miljøvernbevegelsen

HER FEKK DEI JA: NVE har peikt ut eit stort område i Sunnhordland som dei meiner er godt eigna for vindkraftutbygging. Her frå vindkraftanlegget på Midtfjellet i Fitjar kommune i Hordaland.

Foto: Siri Løken / NRK

Går glipp av inntekter

I kommunane som ikkje kom med på lista over dei best eigna områda, er ein ikkje berre letta. For dei går også glipp av inntekter.

Modalen kommune kan årleg få 40 millionar kroner i eigedomsskatt med full vindkraftutbygging i Stølsheimen.

Olav Osvoll

GIR HELLER IKKJE OPP: BKK vil heller ikkje skrinlegge sine vindkraftplanar i Masfjorden, sjølv om kartet frå NVE ikkje sa ja til utbygging der. – Delar av prosjektet ligg innanfor planen, og delar ligg utanfor, seier konserndirektør for produksjon Olav Osvoll.

Foto: Elise Angell / NRK

Ordførar Tom Kristian Thorsen seier det har vore sterke kjensler både for og imot vinkraftutbygging i kommunen.

– Men når vi har grunneigarar som er interesserte i å vere med på ei utbygging, må vi gjere ein god jobb med å greie ut moglegheitene, seier Thorsen.

NRK rekrutterer for tida deltakarar til prosjektet Hele Norge snakkar. Svar på spørsmålet for å starte påmeldinga.