Selskapet Norsk Vind Energi AS vil vurdera å bygga 250 meter høge vindturbinar i Stølsheimen i Nordhordland.
Dei enorme planane blir presentert samstundes som Norges vassdrags- og energidirektorat arbeider med å laga ei ny nasjonal ramme for vindkraft i Noreg.
Men planane i Masfjorden og Modalen meiner leirskulesjef Signhild Dyrkolbotn at styresmaktene må seia nei til.
– Når dine barn får éin million kroner i året utan å gjera noko, vil dei då slita seg ut med å halda sauedrifta i gang, spør ho retorisk.
Fryktar fjellheimen blir industriområde
Dyrkolbotn er innehavar av selskapet Dyrkolbotn Fjellstove Leirskole og Gjestehus i Lindås.
Familien eig eit større område i dei sørvestlege delane av Stølsheimen, der Norsk Vind Energi ynskjer å etablera ein vindpark med fleire hundre turbinar.
Ho fryktar livsgrunnlaget for garden og opplevingstunet i fjellbygda vil bli blåst vekk dersom vindmøllene kjem opp.
– Det er snakk om å gjera heile fjellheimen om til eit gigantisk industriområde. Heile grunnlaget for at me bur her, og inviterer folk hit, vil vera borte. Vil barna våre slita seg ut for 50.000 kroner i året, eller sitta i byen og ta imot store summar?
Som eit ledd i arbeidet med ei nasjonal ramme for vindkraft, står det store fjellområdet i Nordhordland på lista over moglege satsingsfelt.
Selskapet har vore i kontakt med fleire grunneigarar i området.
Vil ikkje røpa pristilbod
Norsk Vind Energi ynskjer å halda hemmeleg kva tilbod dei har skissert for grunneigarane.
Men Dyrkolbotn er heilt open om kva familien har blitt skissert som kompensasjon mot at utbyggaren får bygga turbinar på eigedomane deira.
– Rundt éin million i leigeinntekter i året er den antydinga me har fått, seier Dyrkolbotn om kompensasjonsforslaget.
Med 30 turbinar på eigedomane, betyr det om lag 33.000 kroner i året per turbin.
Vil ikkje diskutera prisforslag
Ifølge prosjektleiar Espen Borgir Christophersen i Norsk Vind Energi er det fleire faktorar som avgjer kva tilbod dei har presentert for grunneigarane. Talet på turbinar, tilkomst i terrenget og vêrtilhøve vil mellom anna påverka tilbodsgrunnlaget.
– Summane er ein avtale mellom oss og grunneigaren. Tilbakemeldingane frå dei me så langt har prata med, har vore veldig positive, seier Christophersen.
Den norske turistforeininga åtvara mot store naturinngrep då NRK omtalte prosjektplanane tidlegare i år.
Naturvernforbundet spår vindkraftaksjonar over heile Noreg.
Men ikkje alle er kritiske. Grunneigar Hans Magne Haukeland meiner det er viktig å legga til rette for grøn energi.
– Eg øydelegg ikkje meir enn det eg eig sjølv som grunneigar, og eg ser ingen motførestillingar mot å utnytte området til samfunnets beste, har Haukeland uttalt til NRK.
Samanliknar utleige med prostitusjon
Dyrkolbotn forstår at andre grunneigarane ser prosjektet som ein moglegheit til å få gjort investeringar for å sikra vidare drift.
– Eg har stor forståing for bønder som kjemper hardt for å finna inntekter. Men å seia ja til dette, er å gi opp vår moglegheit til å bestemma og utvikla området sjølv, seier Dyrkolbotn.
Dei 43 områda skal greiast ut for konsekvensar for å samanlikna fordelar og ulemper. Til sist er det opp til Noregs vassdrags- og energidirektorat å fremja planen, som så regjeringa skal endeleg vedta.