Hopp til innhold

Mongstad evakuert etter større lekkasje: – Tar ingen sjansar i slike saker

MONGSTAD (NRK): Alle tilsette evakuert etter ein lekkasje av det svært brannfarlege stoffet nafta. Ingen personar skal vera skadd.

Lekkasje på Mongstad

MONGSTAD: Oljeraffineriet blei evakuert tysdag morgon etter det som blei omtala som ein større lekkasje. Ingen er skadd.

Foto: Christian Lura / NRK

SISTE: Klokka 09 er lekkasjen isolert, området sjekka og alle tilsette tilbake på anlegget.

Alle naudetatane rykte ut til Mongstad i Nordhordland etter meldingar om ein større lekkasje. Lekkasjen blei meldt klokka 07.20.

– Det er snakk om ein større lekkasje av stoffet nafta. Mannskap jobbar no med å stoppa lekkasjen.

Ingen personskadar

Fem personar var i det aktuelle lekkasjeområdet då lekkasjen oppstod, men ingen skal vera skadd, ifølge politiet.

– Det er ingen personskadar. Det er usikkert kor mykje av stoffet som har lekt ut i væskemengde. Men eg kjenner ikkje detaljane, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Oljeraffineriet på Mongstad

OLJERAFFINERI: 108 tilsette blei evakuert frå anlegget tysdag morgon. Lekkasjen oppstod i ei pumpe i samband med produksjonen av bensin.

Foto: Christian Lura / NRK

Nafta er eit viktig råstoff i den petrokjemiske industrien og blir brukt i produksjonen av bensin. Stoffet er svært brann- og eksplosjonsfarleg. Produktet blir også brukt som løysingsmiddel i kjemisk industri.

– Det er kontroll på det som er av lekkasje. Status per 08.23 er at lekkasjen er meir eller mindre stansa, men det står att nokre dropar, seier Kolltveit i politiet.

Den som er av lekkasje har gått i grunnen og er fanga opp av eigne kummar på anlegget. Kor stor lekkasjen er, er framleis uvisst.

– Lekkasjen minkar

Lekkasjen oppstod i ei pumpe i samband med bensinproduksjon og utsleppet var innleiingsvis rekna som stort. Dei første meldingane gjekk ut på at brann- og eksplosjonsfaren var høg.

– Det er ingen avgassing på området. Gassmålingane har ikkje gitt utslag, så så langt ser det ut til det er kontroll på staden

– Kor stort er farepotensialet no?

– Det er redusert kraftig og det me har fått opplyst er at det ikkje lenger er stort farepotensial, seier Kolltveit.

Statoil starta umiddelbart nedstengig av produksjonen og anlegget. Klokka 9 var faren avklart, lekkasjen isolert og dei tilsette fekk returnera til anlegget.

– Eg kan stadfesta at me har hatt ein lekkasje av nafta. Lekkasjen blei meldt oss klokka 7.20. Me evakuerer no alt personell som ikkje har ei rolle i beredskapsgruppa, sa pressekontakt Elin A. Isaksen til NRK klokka 08.20.

Rasmus Wille, admin. dir. Statoil Mongstad

DIREKTØR: Administrerande direktør Rasmus Wille i Statoil Mongstad.

Foto: Christian Lura / NRK

Andre lekkasje på eit år

Administrerande direktør Rasmus Wille opplyser til NRK at det var 108 tilsette på jobb då lekkasjen oppstod.

– Me tar ingen sjansar i slike saker. No er lekkasjen isolert og faren er over.

Det er ganske nøyaktig eitt år sidan ein hydrogenlekkasje førte til at 600 tilsette blei evakuert frå Mongstad.

Petroleumstilsynet gav i ettertid Statoil skarp kritikk for den alvorlege hendinga. Statoil konkluderte med at lekkasjen i verste fall kunne ført til dødsfall.

Administrerande direktør Rasmus Wille avviser at lekkasjen tysdag oppstod ved det same anlegget.

– Det er snakk om eit anna anlegg. Før me har fått granska hendinga, veit me ikkje om det var noko samanheng mellom desse to, seier Wille.