Normal

Må regna meir i haust enn på over 100 år for å fylla norske kraftmagasin

Straumprisen er dobla og kan bli verande høg ut året med mindre det kjem fossregn over heile landet. – Det har aldri skjedd før, seier klimaforskar.

Lite vann i Kvitingsvatnet i Samnger

TAPPA NED: Kvitingsvatnet i Hordaland er eitt av svært mange vassmagasin som blei stansa for kraftproduksjon i juli. Det kan ta lang tid før magasina blir fylte opp.

Foto: Elise Angell / NRK

Den tørre sommaren i store deler av landet har ført til den største fôrkrisa i landbruket på mange tiår. Samstundes har NVE målt historisk låg vasstand over store deler av Noreg.

No ropar kraftbransjen for alvor varsku om tomme magasin – og høge straumprisar.

– Alt er snudd opp ned. No betalar folk vinterprisar for straumen, seier handelssjef i energiselskapet BKK, Stein Erik Iversen.

Må regna meir enn nokon gong

Den fyrste veka i august var vasstanden i dei norske vassmagasina på 60,9 prosent. Vanlegvis er fyllingsgraden 80 prosent denne tida av året.

I løpet av dei siste 28 åra, har det berre vore målt lågare nivå to gongar.

Så ille står det faktisk til, at dersom vassmagasina skal stabilisera seg på «normale» nivå, må det regna enorme mengder i haust.

– Dersom det regnar 50 prosent meir enn normalt resten av året, vil det vera normale nivå ved årsskiftet, seier seniorrådgjevar i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Gudmund Bartnes.

Lav vannstand i vannmagasinet til Håen kraftverk i Melhus kommune

TOMT: Vassmagasinet til Håen kraftverk i Melhus kommune seint i juli.

Foto: Stein Roar Leite / NRK

Liten sjanse for så mykje regn

Men det er ikkje veldig sannsynleg, skal ein tru klimaforskar Helga Therese Tilley Tajet.

Forskaren ved Meteorologisk institutt har gått gjennom statistikken over nedbør i Noreg tilbake til 1900, og studert nedbørsmengdene på hausten. Slike langdryge regnskurar – jamt over heile landet – er høgst uvanlege.

– Det har berre skjedd to gongar tidlegare for Vestlandet, 1983 og 1978. For heile Noreg har det aldri skjedd. Det høgste som er målt ein heil haust for heile Noreg er 40 prosent meir nedbør enn normalt for hausten i snitt, seier Tajet.

Helga Therese Tilley Tajet trur ikkje det kjem nok regn til å fylla magasina.

KLIMAFORSKAR: Helga Therese Tilley Tajet ved Meteorologisk institutt.

Foto: Meterologisk institutt

– Tappa kanskje ned litt mykje

BKK, ein av dei store kraftprodusentane i landet, har for lengst merka den tørre sommaren.

Men handelssjefen trur dei får situasjonen under kontroll utover hausten og vinteren.

Ved inngangen av 2018 var magasina til BKK fulle. Trass i tørkeperioden som starta i mai, produserte dei mykje straum. Men i juli sa det stopp.

– Når me ser i bakspegelen, så skulle me ynskt at me hadde vore meir forsiktig med produksjonen, og heller produsert meir no når prisen er høg, seier Stein Erik Iversen i BKK.

Lite vatn i Kvitingsvatnet i Hordaland

TAPPA NED: BKK kan regulere dette magasinet med 34 meter. I sommar blei det tappa ned 15 meter.

Foto: Elise Angell / NRK

Tørken kan svi for lommeboka i lang tid

I fjor kosta ein kilowattime straum 25 øre. No er snittprisen 50 øre, opplyser NVE.

– Ein vanleg heim, som brukar 20.000 kW/h årleg, har så langt betalt 1500 kroner meir for straumen i 2018 enn i 2017, seier Bartnes.

Så langt er det juli som peikar seg ut som den dyraste. Men straumprisen kan vera høg i lang tid framover.

Noreg er knytt saman med resten av Europa i ein felles straummarknad. Også på kontinentet er straumprisane høgare enn vanleg.

Gudmund Bartnes

TRENG REGN: Seniorrådgjevar Gudmund Bartnes i NVE.

Foto: NVE

– Prisen på gasskraft har stige. Det har også prisen på kol til kolkraftverka, og CO₂-kvotane som må kjøpast når ein produserer ureinande straum, har også auka. Når prisen aukar ute, så aukar prisen her òg, seier Bartnes.