NRK Meny
Normal

Historisk vasskrise i Sør-Noreg – lågaste vasstand på minst 70 år

Den eldste vassmålaren i Noreg har aldri vist lågare grunnvasstand i juli. På Askøy er det no så ille at innbyggarane blir bedne om å fylla vatn i nabokommunen.

Ingersvatnet på Askøy

TØRKAR INN: Vasstanden i Ingersvatnet på Askøy søkk så mykje som 7 centimeter i døgnet. Kommunen kallar situasjonen kritisk.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

– Det er veldig lita vassføring mot det som er normalt for juli. Kartet viser raude tal over heile landet, seier hydrolog i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Inger Karin Engen.

Direktoratet baserer sine målingar på mellom 400 og 500 målepunkt over heile landet.

Dei viser at også grunnvasstilstanden er låg over heile Sør-Noreg og Trøndelag. Også i Nordland, Troms og Finnmark går både vasstanden og grunnvasstanden merkbart ned.

– At vasstanden er så låg over så store deler av landet, er spesielt. Eg kan ikkje hugsa at det har skjedd i løpet av dei siste tretti åra, seier Engen.

Inger Karin Engen, hydrolog NVE

HYDROLOG: Inger Karin Engen ved Noregs vassdrags- og energidirektorat har aldri opplevd at grunnvasstanden har vore så låg over så store deler av landet på same tid.

Foto: NRK

Fôrkrise, naudslakting og tørre brønnar

NVE sin eldste grunnvasstasjon, på Groset i Telemark, har ikkje hatt så låge målingar sidan han blei etablert i 1949.

Det er eit sterkt teikn på at delar av landet går gjennom den tørraste julimånaden på minst 70 år.

– Me har ikkje hatt så låg grunnvasstilstand i juli månad sidan målingane starta. Kor langt tilbake me må for å finna ein like tørr julimånad, veit me ikkje. Men det er snakk om minst 70 år.

Den ekstreme tørkeperioden i Sør-Noreg har ført til den største fôrkrisa i landbruket på mange tiår. Bønder fortviler og fryktar store økonomiske tap. Som eit resultat har mange sett slakt som einaste løysing.

Den tørre sommaren har tvinga fleire kommunar til å stramma inn vassbruken. Samstundes rapporterer kommunar på både Aust-, Vest- og Sørlandet om brønnar som er i ferd med å tørka inn – og drikkevasskjelder som blir vekke.

Brunsvidd jorde i Ringebu under tørka 2018

BRUNSVIDD: Den lange tørkeperioden har ført til brunsvidde jorde over store deler av landet. Her frå Ringebu i Oppland.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Må over fjorden etter vatn

Blant dei hardast råka er øykommunen Askøy, like vest for Bergen.

Måndag har kommuneleiinga hatt eit nytt krisemøte om vassmangelen.

Vannpost i Godvik for askøyværinger

TOMT: Denne stasjonen står på andre sida av Askøybrua, i Godvik. Vassposten er mynta på brønneigarar som treng påfyll.

Foto: Mats Arnesen / NRK

– Me må følgja situasjonen frå dag til dag. Viss dette held fram, så snakkar me om ei krise utover hausten. Ta dette på alvor, og spar vatn, oppmodar fungerande rådmann i Askøy, Åge Rosnes.

Kommunen har innført strenge restriksjonar for bruken av vatn. Måndag blei det organisert ein drikkevasstasjon på bergenssida av Askøybrua.

Dermed oppmodar dei bokstaveleg talt innbyggjarane om å reisa over bekken etter vatn.

– Me har inngått ein avtale med Bergen kommune om at private aktørar kan tappa vatn frå vassposten "Ørjabekken", som er plassert i Godvik, seier Rosnes.

Han understrekar at vassposten primært er mynta på private brønneigarar, som ikkje lenger har vatn i brønnen.

VASSKRISE: Vasstanden i Ingersvatnet er så låg at pumpa som fraktar vatnet vidare til neste dam, ikkje når ned vil vassoverflata. Askøy jobbar med å forlenga røyret til pumpa.

Vassnivået sokk sju centimeter – på éin dag

Før helga sokk vasstanden i den viktigaste drikkevasskjelda heile sju centimeter i døgnet. Då var vasstanden blitt så låg at pumpa som overfører vatn ikkje rakk ned til vassoverflata. Kommunen jobbar på spreng med å forlenga røyret.

NVE har fått førespurnader frå heile landet om folk som vil ta ut vatn frå bekkar, vatn og sjøar. Dei har til no ikkje bestemt korleis dei skal handsama søknadene.

– Det kan vera kommunar som har trong for auka vatn til sine drikkevassanlegg, eller det kan vera til dømes settefiskanlegg som er i ferd med å gå tom, seier hydrolog Engen.

No oppmodar NVE norske vassverk om å følga nøye med på tilstanden i sine vassverk.

– Vatningsrestriksjonar er ei reell problemstilling som fleire allereie er påverka av. Det blir nok fleire i tida fram til det kjem store nedbørsmengder.