Hopp til innhold

Trur KrF kan forsvinna frå rikspolitikken

– Stortingsvalet var ei «nær døden-oppleving» for KrF, seier redaktør Vebjørn Selbekk i den kristne avisa Dagen. Han er redd partiet vil bli utradert dersom neste stortingsval blir like nedslåande.

Vebjørn Selbekk frykter KrF kan forsvinne fra rikspolitikken

KRITISK: Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk er oppriktig uroa for framtida til Kristeleg Folkeparti etter det historisk svake stortingsvalet.

Foto: Siri Løken / NRK

Med fattige 4,2 prosents oppslutnad, nokre tusen stemmer over sperregrensa, gjorde KrF sitt dårlegaste val på 81 år. Veljarane svikta sentrumspartiet, og tysdag gjekk partileiinga frå krisemøte på bakrommet til regjeringssamtalar i statsministerbustaden.

I mellomtida tek fylkesleiarane til orde for at partiet må gå i opposisjon – ikkje regjering.

– Ei «nær døden-oppleving

Drygt 120.000 stemte KrF i valet Knut Arild Hareide på førehand kalla eit «verdival». Dei vel 30.000 lesarane av landets eldste kristne avis har vore blant KrF sine trufaste veljarar. Men i år valde mange å sjå lenger mot Høgre.

– Det er eit katastrofeval for KrF. Balansegangen på sperregrensa var ei «nær døden-oppleving» for partiet, seier redaktør Vebjørn Selbekk i Dagen.

Knut Arild Hareide

NEDERLAG: Knut Arild Hareide har leia KrF i dei tre dårlegaste vala partiet har gjort.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Mykje av grunnen til det, er ifølgje Selbekk ein totalt feilslått valkamp.

– Eg trur det i stor grad er borgarleg innstilte kristne veljarar som har svikta KrF. Ingen meiningsmålingar tyda på at deira regjeringsalternativ, med Høgre, Venstre og KrF, hadde noko som helst realisme i seg. Då handla debatten om kor KrF stod i regjeringsspørsmålet, seier Selbekk.

– Avslaget til Ap kom for seint

Tysdag har det vore fleire møte i KrF. Etter det NRK får opplyst er stemninga i partiet delt, men fatta. Det store fleirtalet er tru mot landsmøtevedtaket, der regjeringssamarbeid med Frp og Ap er utelukka.

Fylkesleiarane NRK snakka med tysdagavviser at dei kan sitta i ei regjering med Frp.

Partiets andrekandidat i Hordaland, Torill Selsvold Nyborg, gjekk på valvaka i Bergen hardt ut mot partileiinga si vingling.

Ein ny nedgang vil bety ein «exit» for KrF i norsk politikk.

Vebjørn Selbekk, redaktør avisa Dagen

Også ho meiner valkampstrategien har mislukkast.

– Mange av KrF-veljarane er konservative. Dei ville sikra at Erna heldt fram som statsminister. Beskjeden om at me stengde døra heilt for Ap kom alt for seint. Avslaget burde ha kome allereie i starten av valkampen, seier Nyborg.

På landsbasis var det færre enn éin av tjue veljarar som stemte på partiet. Det er det dårlegaste resultatet etter at partiet blei etablert som landsparti i 1938.

Partioppslutning i hele landet

Med endring i prosentpoeng fra stortingsvalget 2013

RESULTAT100 % opptaltOppdatert 06.10.2017, kl. 13:04

RRødt

2,4
+1,3

SVSosialistisk Venstreparti

6,0
+1,9

APArbeiderpartiet

27,4
−3,5

SPSenterpartiet

10,3
+4,8

MDGMiljøpartiet De Grønne

3,2
+0,4

KRFKristelig Folkeparti

4,2
−1,4

VVenstre

4,4
−0,9

HHøyre

25,0
−1,8

FRPFremskrittspartiet

15,2
−1,2

ANDREAndre

1,8
+0,2

Fryktar for framtida til partiet

Dagen-redaktøren meiner resultatet er så alvorleg at partiet si framtid kan stå på spel. Valet om fire år er eit vera eller ikkje vera for Kristeleg Folkeparti, meiner Selbekk.

– Det er berre ei handfull stemmer som skil partiet frå sperregrensa. Viss denne trenden held fram, har ein ingenting å gå på i framtidige val.

Fylkesordfører Torill Selsvold Nyborg.

KRASS: Tidlegare sentralstyremedlem Torill Selsvold Nyborg frå Hordaland meiner KrF lukka døra til Ap for seint.

Foto: Ketil Jordan / NRK

Knut Arild Hareide har leia partiet i dei tre dårlegaste KrF-vala som er gjort. Selbekk meiner evaluering av partileiinga må gjerast grundig og takast på alvor.

Følgen av ein ny nedgang kan bli katastrofal, spår han.

– Ein ny nedgang vil bety ein «exit» for KrF i norsk politikk.

– Fryktar du at det vil skje?

– Ja, det gjer eg.