I haust bestemte Bergen kommune at tidlegare elevar og tilsette ved Varden skole som meiner dei har fått varige helseplager på grunn av det dårlege inneklimaet, skulle få tilbod om ei helseundersøking. 120 personar har no meldt interesse for undersøkinga.
Òg ved fleire andre bergensskular har barn gjennom fleire år blitt sjuke av dårleg inneluft. No tek tidlegare skulebyråd og helsepolitikar for Høgre, Jana Middelfart Hoff, til orde for at fleire burde få eit tilsvarande tilbod.
– Dette er ei problemstilling for fleire enn Varden skole. Her er det viktig å ikkje bli for snever, ein bør tilby alle elevar denne helseundersøkinga dersom dei har plager eller er sjuke og meiner at det har samanheng med inneklima på skulen, seier Middelfart Hoff.
- Les òg:
Hadde influensa i fleire veker
17 år gamle Helena Mæland Tykvenko begynte på Landås skole i fjerde klasse. I fire år gjekk ho på skulen som ho meiner gjorde henne sjuk.
– I byrjinga fekk eg ei slags influensa, og etter kvart kom det oftare. Til slutt varte det gjerne i tre-fire veker om gongen, fortel Mæland Tykvenko.
- Les òg:
Skulen, som vart bygd på 50-talet, var full av fukt og mugg, og både elevar og tilsette blei sjuke.
– At barneskuleelevar gjekk på ein skule med mugg er absolutt ikkje akseptabelt, seier 17-åringen.
Ho merkar framleis ubehag i hus eller bygg som har vist seg å vere fuktige, og seier ho vil takke ja til ei helseundersøking dersom ho får tilbodet.
– Kan bli aktuelt
Jana Middelfart Hoff hadde sjølv barn på gamle Landås skole. Ho er kritisk til det ho kallar eit vedlikehaldsetterslep i bergensskulane.
– Det er ein del mørketal her, trur eg. Difor er det viktig å få undersøkt kor mange som er blitt ramma av dårleg inneklima.
Kommunaldirektør Robert Rastad i Bergen kommune ser ikkje bort frå at det kan bli aktuelt å tilby helseundersøkingar òg til elevar ved fleire bergensskular.
Han seier likevel at dei først vil konsentrere seg om Varden-elevane.
– Det viktigaste akkurat no er at vi ser til Varden og elevane der, og prøver å gjere oss nokre erfaringar frå dei 120 som no har meldt seg for å få helsekartlegging.
– Kan det vere aktuelt òg for elevar ved andre skular som har hatt problem å få gjennomført helseundersøking?
– Viss vi no får resultat blant desse 120 som gjer at vi ønskjer å gå vidare med dette, er det ingen grunn for å sjå bort frå at vi vil tilby det òg til andre, seier Rastad.
- Les òg: