Hopp til innhold

Slik vinn du «støv-krigen»

I gnistrande vårsol kjem husstøvet fram. Her er fleire tips til å bli kvitt det.

Støv 1

Trykk for skrapemodus

Sveip på biletet for å fjerna støv. Det verken kjem eller forsvinn av seg sjølv! Vaske-influensar Raluca Teodora Moldovan finn motivasjon i å visualisere sluttresultatet når ho brukar støvsugaren.

Foto: Raluca T. Moldocvan / kues1 on Freepik / grafikk NRK

Sanninga om støvet er like enkel som ho er deprimerande: Støvet har vore der heile tida. Det synest berre ikkje like godt i mørketida.

Fagfolk meiner du bør fjerne det. Kanskje oftare enn du pleier.

Og ikkje kan du skulde på andre, heller. Det aller meste støvet i heimen din har du ordna heilt sjølv.

Sjå tips til korleis du kan redusere støvet heime nedst i saka.

Har du for mye støv hjemme?

Robotstøvsugar er ikkje nok

Kai Gustavsen er fagsjef for inneklima i Noregs Astma- og Allergiforbund (NAAF). Han har møtt mange som har støvsoge golvet og håpa det held med det. Han skuldar på marknadskreftene.

– Du får ikkje robotstøvsugaren til å gå oppover veggen, seier Gustavsen.

Han understrekar at alle flater må takast, også dei horisontale.

– Gardiner, lause teppe og andre tekstil er også gode støvsamlarar. Pakk dei varsamt saman, ta dei med ut og rist dei.

Det er altså ingen veg utanom.

Vi må altså banke, riste, tørke og støvsuge.

– Gjer det litt spennande og moro. Ta med barna. Gå på jakt etter hybelkaninar og bruk ein støvsugar med ledlys, seier Gustavsen.

Les også – Ikkje vask vindauga når sola skin

En mørk kvinnehånd som holder en nal og vasker vinduer på en solskinnsdag

«Alt» blir til støv

Når du har fått støvet ut, må du tenkje på kva du tek med inn. Alt vil lage støv, også dei som bur i bustaden, understrekar Gustavsen.

Kvaliteten på puter, klede, teppe og gardiner har også mykje å seie.

– Med dei billigaste tekstila vil partiklane knekke raskare og komme inn i huset.

Fagsjefen tilrår tekstil med Naaf- eller økotex-merket som garanti for at allergi- eller kreftframkallande fargestoff ikkje er brukte.

Hår- og hudceller får vi ikkje gjort noko med. Det drysser heile tida og blandar seg med husstøvet.

Det som står igjen då, er godt reinhald.

En kvinne ligger i en seng med hvitt sengetøy. Hun sover tilsynelatende, med ei pute delvis over hodet. I den ene hånda holder hun et par briller over dyna.

Senga må støvsugast, seier professor emeritus Oddbjørn Sjøvold. (illustrasjonsbilete)

Foto: Isabella & Zsa Fischer / Unsplash

Og vi må orke å ta dei store syndarane; tekstilane. Og den største av dei alle: Senga.

– Senga må støvsugast. Gjerne annakvar veke. Og då er det viktig å ha filter som samlar opp finstøvet.

Det seier Oddbjørn Sjøvold. Han er professor emeritus i sanitering, eller innemiljø, reinhald og hygiene.

Golvvask med vatn og kjemikaliar er ikkje vegen å gå i vanlege opphaldsrom, ifølgje professoren.

– Når kjemikaliane tørkar inn, forvitrar dei og blir til støv i rommet.

Tilrår «Queen»

Kunnskap gjer deg motivert til å setje i gang, meiner vaskeinfluensar Raluca Teodora Moldovan.

Ho deler reinhaldstips til dei over 70 000 følgjarane sine på Instagram. Kunnskap er nøkkelen, meiner ho.

Les du litt om kor skadeleg støv er for deg og barna dine, blir du motivert, meiner ho og tilrår å gjere reinhaldet litt gøy.

Då tyr ho ofte til musikk. Og då er det Freddy Mercury og «Queen» som fungerer best.

Eg bruker nesten alltid «I want to break free» under støvsuginga.

Raluca Moldovan

Raluca Teodora Moldovan har mellom anna skrive bok om reinhald.

Foto: Ina Marie Sigurdsen / NRK

– «Another bitst the dust» er også perfekt til støvsuging, ifølgje influensaren.

Eit anna triks er å gi seg sjølv ei utfordring og støvsuge så mykje som mogleg på ei bestemd tid som 10 eller 15 minutt.

Etterpå må du sjekke behaldaren eller støvsugarposen for å sjå kor mykje støv du har samla. Då blir du motivert, meiner Moldovan.

Meir kjemikaliar i støvet

Men kor skadeleg er det eigentleg å la støvet flyte? Bør vi ikkje herde immunsystemet litt?

Det kjem heilt an på kva du har i huset ditt, ifølgje seniorforskar og forskingsdirektør ved Norsk institutt for luftforsking (NILU), Pernilla Bohlin-Nizzetto.

Ho har analysert kva støvet i heimane våre inneheld.

Det er ikkje nødvendigvis meir støv no, men det er mykje meir kjemikaliar i støvet, seier ho.

Pernilla Bohlin Nizzetto

Pernilla Bohlin-Nizzetto i NILU har avdekt mykje kjemikaliar i husstøvet. Det meste kjem frå produkt vi tek med oss inn i heimen vår. (arkivbilete)

Foto: Pettersen/Helleland / NRK

Støvet ei kompleks blanding av hud og hår og avslipte partiklar frå materiale som forbruksprodukt som tepper, golv, møblar og alt vi har.

Og då spørst det jo kva slags materiale du har i bustaden din.

Husstøv kan ifølgje forskaren innehalde veldig mange kjemikaliar.

Hybelkaniner

Det kan vere skadelege kjemikaliar i støvet du har i heimen din, seier Pernilla Bohlin-Nizzetto ved Norsk institutt for luftforsking (NILU). (arkivbilete)

Foto: Bo Lilledal Andersen

Det kan ifølgje forskaren vere stoff som er allergiframkallande. Og kanskje er det også ein risiko for meir.

Noko vitskapleg forsking tyder på at kjemikaliane er hormonforstyrrande og potensielt også kreftframkallande, seier Bohlin-Nizzetto.

Men ho understrekar at det trengst mykje meir forsking på dette og at det ikkje er nokon grunn til å vere redd. Men det finst ein risiko.

Vi jobbar ut frå at det finst ein risiko med desse kjemikaliane i støv, og allereie då må ein byrje å reagere. Ein treng ikkje sjå krefttilfelle før ein byrjar å reagere, seier Bohlin-Nizzetto.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark

Seriekobla campingvogner

Seriekoblede campingvogner på ferga mellom Horten og Moss: – Er som et vogntog