Hopp til innhold

– Har mista delar av barndomen på grunn av inneklimaet

BERGEN (NRK): Tidlegare elevar og tilsette ved Varden skole meiner dårleg inneklima på skulen har gitt dei varige helseplager. No har 120 av dei meldt seg for helseundersøking.

Christine Clementesen

FRAMLEIS SJUK: 16 år gamle Christine Klemetsen blei sjuk då ho gjekk på Varden skole.

Foto: Siri Løken / NRK

Heilt sidan 90-talet har elevar meldt frå om at dei blei sjuke av å gå på Varden skole i Fyllingsdalen. Først tidlegare i år blei den endelege årsaka oppdaga, og i oktober kom rapporten som viser at fuktskadar etter alle solemerke er årsaka til at mange har blitt sjuke.

Dermed starta arbeidet med å kartlegge skadeomfanget.

Grøne klumpar i taket

– Eg fekk mykje allergi som gjorde at eg klødde i auga og hadde tette luftvegar. Eg sleit med å få sove, fekk elveblest og hovna mykje opp, seier 16 år gamle Christine Klemetsen.

Ho har slite med luftvegsinfeksjonar, allergi og astma sidan 5. klasse. Familien meinte tidleg at plagene kom av det dårlege inneklimaet i klasserommet.

– Då eg såg opp rett over meg i klasserommet, var det grøne klumpar i taket. Eg forstod jo at det ikkje var noko bra, seier Christine.

Varden skole

REHABILITERING: Varden skole er i dag under oppussing. Skulen er venta å stå ferdig neste sommar.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Kommunen har beklaga

80 tidlegare elevar og 40 tilsette hadde innan fristen på torsdag meldt seg for kommunen for å få kartlagt om plagene dei slit med har samanheng med det dårlege inneklimaet på skulen.

I dag er Varden skole under oppussing, og er venta å stå ferdig neste sommar. Bergen kommune gjekk i haust ut og beklaga overfor tidlegare elevar og tilsette.

– Det viktigaste for oss no er å få kartlagt situasjonen og at vi får tatt på alvor dei som ønskjer å ta ein skikkeleg sjekk. Kor vegen går vidare må vi ta stilling til når vi har fått resultata frå helseundersøkingane, seier kommunaldirektør i Bergen kommune, Robert Rastad.

– Er det aktuelt for kommunen å betale erstatning dersom det blir påvist ein samanheng?

– Eg vil verken seie at det er naturleg eller ikkje på noverande tidspunkt.

– Ei stor belasting

16 år gamle Christine er framleis mykje sjuk, og synest det er surt å tenkje på at plagene ho slit med i dag kan skuldast dårleg inneklima på skulen.

– Det er veldig frustrerande for meg. Eg føler at mykje av mi beste barndomstid har blitt tatt frå meg.

Ho fortel at ho måtte slutte å spele handball då ho var 12 år, fordi ho ikkje orka.

– I staden låg eg heime på sofaen. Det er bittert.

Òg fleire tilsette har helseproblem dei meiner kan knytast til inneklimaet på skulen.

Bjørg Wangen

– MYKJE URO: Rektor ved skulen, Bjørg Wangen, seier inneklimaet skapar uro i skulemiljøet.

Foto: Siri Løken / NRK

– Det skapar mykje uro i organisasjonen og bekymring for dei som står midt oppe i det. Eg håpar dei som treng hjelp får det, og at det blir avdekka om det er skadar relatert til inneklima, seier rektor Bjørg Wangen.