Hopp til innhold

Klimaforkjemparar vil stogga kjempebrua

Gigantbru vil bety ei sjudobling av biltrafikken over Bjørnafjorden, ifølge Vegvesenet. Likevel hevdar dei at ferjefri E39 i Hordaland er positivt for klimaet.

Illustrasjon på hengebru med fleire spenn på E39 over Bjørnafjorden

ALTERNATIV: Det er skissert fleire ulike løysingar for brukryssing over Bjørnafjorden mellom Os og Stord. Dette er ei hengebru med fleire spenn, med tunnel og brufeste ved Søre Øyane utanfor Halhjem.

Foto: Illustrasjon / Statens vegvesen

I dag fraktar ferjene på E39 mellom Sandvikvåg og Halhjem mellom to og tre tusen bilar kvar dag. Med ferjefri veg til 39 milliardar kroner, reknar Vegvesenet med at trafikkmengda vil stiga til 15 000 bilar i døgnet når bompengane er nedbetalt.

Tala får Lars Henrik Paarup Michelsen i Norsk klimastiftelse til å grøssa. Han krev at heile Hordfast-prosjektet vert stoppa av omsyn til klimaet.

– No har me fått ein global klimaavtale som fordrar at alle land set inn eit trykk for å få ned utsleppa. For Norge gjeld det å få ned utsleppa frå transportsektoren. I det biletet passar ikkje Hordfast inn.

Lars Henrik Paarup Michelsen i Norsk klimastiftelse

Lars Henrik Paarub Michelsen i Norsk klimastiftelse fryktar at ferjefri E39 blir ein 'politisk propp'.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Tabbe

I grunnlagsdokumenta til Nasjonal transportplan står det at ferjefri E39 langs kysten frå Kristiansand til Trondheim totalt vil auka klimautsleppa med 10 prosent.

Hordfast, mellom Svegatjørn i Os og Ådland på Stord, ser ut til å vera det vegprosjektet i landet der Co₂-utsleppa vil auka mest.

– Ein glipp i NTP-dokumentet, hevdar sjefingeniør Inge Alsaker i Statens vegvesen.

Han seier at Vegvesenet har tabba seg ut og at realitetane i prosjektet er heilt andre.

– Det som står i NTP-dokumentet er utslepp frå biltrafikken. Det vil auke litt på grunn auka køyrelengde. Til gjengjeld forsvinn eit stort utslepp frå ferjene. Ådland – Svegatjørn er faktisk ein av dei strekningane i landet som har størst nedgang i utsleppa, hevdar Alsaker.

– Totalt sett er det ikkje noko som tyder på at ferjefri E39 er noko dårleg klimatiltak.

Sjefingeniør Inge Alsaker i Statens vegvesen

– Totalt sett er det ikkje noko som tyder på at ferjefri E39 er noko dårleg klimatiltak, seier sjefingeniør Inge Alsaker i Statens vegvesen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Kjøper ikkje klimaargumentet

Men det er fleire som ikkje har særleg tru på at ferjefri E39 er eit vegprosjekt som vil slå positivt ut for klimaet.

SV-leiar Audun Lysbakken aksepterer rett og slett ikkje at ei sjudobling av trafikken, høgare fart og lengre veg skal gje lågare utslepp.

– Eg syns det er veldig vanskeleg å forstå at ein kraftig auke i biltrafikken skal gi lågare klimagassutslepp. Gjer vi dette, må vi rekne med at vi aukar trafikken så mykje at også dette blir eit dårleg miljøprosjekt.

Hordfast

Kolliderer med visjon om nullvekst

Trafikkveksten ved eventuell ferjefri E39 stemmer i tillegg dårleg overeins med ambisjonane om nullvekst i biltrafikken i Bergen og tolv nabokommunar.

Ei sjudobling i trafikken på E39 (samanlikna med 2013-tal) kan gjera dette målet vanskeleg å nå, og Alsaker i Vegvesenet forstår motførestellingane.

– Nullveksten i Bergen og for så vidt andre byar, må handterast gjennom dei verkemidla som byane har, og ikkje med å strupe innfarts- og omkøyringstrafikk, seier sjefingeniøren.

Paarup Michelsen meiner dei 39 milliardane må brukast på noko anna enn Hordfast, om Noreg skal følgja opp eigne klimalovnader.

Eg trur ferjefri e39 kan bli ein politisk propp, som knyter opp store ressursar både ingeniørmessig men og finansielt, og at det vil hindre oss i å gjere dei naudsynte grepa i og rundt dei store byane.

Lars Henrik Paarup Michelsen i Norsk klimastiftelse