Hopp til innhold

Reknestykka om Hordfast sprikar i alle retningar

Noregs største vegprosjekt skal kosta 39 milliardar kroner. Men ekspertane kjem til heilt ulik konklusjon om kor nyttig prosjektet blir.

Flytebru over Bjørnafjorden, E39

FERJEFRITT: Dagens ferjer mellom Os og Stord kan i framtida bli erstatta av ei enorm flytebru over Bjørnafjorden.

Foto: Illustrasjon / Global Maritime

Hordfast, som skal binda Bergen saman med Stord og Haugalandet, har fått ein prislapp på svimlande 39 milliardar kroner.

Vegprosjektet er ein del av den store draumen om ein ferjefri E39, som strekk seg frå Kristiansand til Trondheim.

Men fagfolka greier ikkje å verta samde. Vil Noregs dyraste vegprosjekt løfta heile Vestlandet, eller blir effekten høgast lokalt?

Det blir vanskeleg å argumentere for samfunnsnytten når det er så enormt sprik i analysane.

Ordførar Kåre Martin Kleppe (H) på Tysnes

Små ringverknader

Bernt Sverre Mehammer i konsulentselskapet COWI har sett på ringverknadane av fjordkryssingsprosjektet mellom Os og Stord, og meiner det ikkje vil gi nokon stor vekst i dei to kommunane.

– Stord er litt for langt unna Os. Det er langt nok til at folk i liten grad kjem til å pendla mellom dei to kommunane, seier Mehammer.

Bernt Sverre Mehammer i konsulentselskapet COWI

Bernt Sverre Mehammer i konsulentselskapet COWI har rekna på Hordfast, og meiner effekten blir størst lokal.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Han har rekna ut at verdiskapingseffekten av ei utbygging av E39 vil bli på 20 millionar kroner per år, med ein noverdi på om lag 400 millionar kroner.

– Det er ganske lite i forhold til kostnaden på prosjektet, kommenterer Mehammer.

Hordfast

Tysnes best ut

Ei utbygging vil i all hovudsak gje effektar i den minste kommunen.

– Det er Tysnes som er den klare vinnaren. Det er kanskje ikkje med å bidra på at dette prosjektet er det mest samfunnsnyttige i landet, seier Mehammer.

Reknestykke til COWI står i skarp kontrast til funna til Torgeir Reve ved BI. Han meiner gigantprosjektet vil gje gevinst for store delar av Vestlandet – nesten uansett kor mykje som vert investert.

– Det vi veit er at effektiv infrastruktur har veldig stor betydning for verdiskapinga i landet.

– Vi har i våre analysar sett at folk toler cirka ein times reisetid. Om det er under ein time å pendla, så får ein samla arbeidsmarknaden. Næringslivet i Haugesund liknar på det i Stavanger, samleis er det med Stord og Bergen. Då vil ein få auka verdiskaping med ein større arbeidsmarknad, seier Reve.

Utbyggingen gir betydelig produktivitetseffekt på Tysnes, og gir også merkbar effekt i befolkningssentrene på Stord, Leirvik og Fitjar. På fastlandet er effektene begrenset.

Frå samandraget i rapporten til COWI
Harald Minek i Transportøkonomisk institutt

Harald Minken ved Transportøkonomisk Institutt meiner dei fleste reknestykka om ferjefri E39 er alt for optimistiske.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– For mykje tran i reknestykka

Gigantprosjektet har sett alle norske reknemiljø i sving for å finna ut kor mykje folk og næringsliv vil tena på ein ferjefri veg langs kysten.

Harald Minken ved Transportøkonomisk Institutt meiner mange har putta alt for mykje tran inn i reknestykka sine.

– Dei er optimistiske med 10-gangaren og 100-gangaren. Det er i høg grad ei jakt på lønnsomheit. Alle saman må henga med og laga stadig meir oppfinnsame reknestykke.

Ordførar Kåre Martin Kleppe (H) på Tysnes, som naturleg nok er ein stor forkjempar for ferjefri E39, tykkjer det er krevjande at forskarane kjem fram til heilt ulike konklusjonar.

– Det blir vanskeleg å argumentere for samfunnsnytten når det er så enormt sprik i analysane.

Reisetider med bru over Bjørnafjorden

Strekningar

Reisetid i dag

Reisetid med ny bru

Reduksjon i reisetid

Bømlo - Bergen

136

83

- 53

Fitjar - Bergen

102

67

- 35

Stord - Bergen

112

60

- 52

Stord - Os

93

44

- 49

Tysnes - Os

94

38

- 57

Tysnes - Bergen

113

54

- 59

Reduksjon i reisetid ved bru er over Langenuen og Bjørnafjorden , utvalde nøkkelkommunar. Tal i minutt. Kjelde: COWI