Hopp til innhold

Her kjem nyttårsstormen

Skalk lukene: Etter både førjuls- og romjulsstorm treff den første nyttårsstormen Sør-Noreg tysdag kveld.

Stormen "Urd" ved Florø

NORDVESTLEG VIND: Ekstremvêret «Urd» gjorde fleire titals tusen husstandar straumlause. Denne gongen er uvêret svakare, men den første nyttårsstormen vil kunna skapa trøbbel på fjellovergangane.

Foto: TRULS KLEIVEN

Det bryggjer nok ein gong opp til full storm i havområda vest for oss. Kraftig vind frå nordvest gjer at Meteorologisk institutt sender ut OBS-varsel for Sør-Noreg.

Etter at ekstremvêret «Urd» feia inn over landet 2. juledag har meteorologane allereie sendt ut OBS-varsel éin gong. Då var det store nedbørsmengder som var årsaka.

Laster Twitter-innhold

Denne gongen er det kraftig vind, snøfokk på fjellovergangane og dårlege køyreforhold som gjev utslag hjå Meteorologisk institutt.

Varselet gjeld for Aust-Agder, Telemark, Buskerud, Oppland, Sunnmøre og Vestlandet.

– Det er eit kraftig lågtrygg som kjem inn i løpet av morgondagen. Lågtrykksenteret trekk seg mot Trøndelag, men på vegen fører det med seg sterk vind langs kysten, frå Rogaland til Sogn og Fjordane, seier vakthavande meteorolog Ingrid Bentsen.

Full storm, regnskur og torevêr

På Vestlandet må ein stålsetja seg for både liten og full storm frå tysdag ettermiddag. Langs heile kysten, frå Sunnmøre til Rogaland, varslar meteorologane nordvest liten til full storm. I indre strøk er det venta vindkast mellom 25–30 m/s.

Kraftig vind på Titran, Frøya

UVÊR: Kraftige bølger på Frøya då «Urd» traff norskekysten i romjula.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

Stikkordlista til vakthavande meteorolog er kortvarig full storm, kraftig regn og innslag av torevêr i midtre strok.

Bentsen oppmodar folk i treffområdet til å sikra lause gjenstandar.

Vestlandet vil kjenna det godt i morgon.

Ingrid Bentsen, vakthavande meteorolog

Verst ser det ut til å gå ut over Sogn og Fjordane, som ligg lagleg til for vinden frå nordvest.

– Det blir mest vind i Sogn og Fjordane, men også langs kysten av Hordaland og Rogaland kan det bli ille. Det kan bli full storm utpå kvelden, men det blir kortvarig, fortel Bentsen.

Storm på Haukeliseter

SNØFOKK: Slik såg det ut på Haukeliseter 1. juledag. Tysdag er det venta snø og kraftig vind på fjellovergangane i Sør-Noreg.

Foto: Håkon Aarthun

Snøfokk på fjellovergangane

Sterk vind og snøfokk vil gi lokalt vanskelege køyreforhold på fjellovergangane.

– I tillegg til snø vil det koma ein del vind i fjellet. Det er snakk om normale nedbørsmengder, men bilistar må vera obs på kraftig vind i kombinasjon med snøfokk, seier Bentsen.

Bilistar må bu seg på kolonnekøyring eller stengde vegar.

I løpet av natt til onsdag skal vinden gradvis minka, men før den tid skal dei fleste innslaga på vêrkartet treffa kysten av Sør-Noreg i tur og orden.

– Det blir "alt mogleg vêr" med vind, torevêr og kraftig nedbør.

Laster Twitter-innhold

Mykje dårleg vêr, men ikkje ekstremt

Obs-varselet er det tredje på ti dagar.

– Dette er langt frå noko ekstremvarsel. Kraftig lågtrykk i vinterhalvåret som gjev både nedbør og vind er ikkje uvanleg.

Frå onsdag føremiddag ser vêret ut til å lysna. Onsdag og torsdag er det til og med sjansar for solgløtt.

– Onsdag og torsdag blir det høvesvis bra vêr, men frå fredag er det nok ein gong duka for nedbør.