Nyttårsorkanen
Foto: Frå TV-programmet Orkanen / NRK

– Nyttårsorkanen skapte ein angst som er der framleis

25 år etter nyttårsorkanen slit folk framleis med etterverknadene av det kraftigaste ekstremvêret som er målt i Noreg nokon gong.

Klokka er 09.00 1. nyttårsdag 1992. I bygda Nordheim på Tustna kjempar Liv og Modolf Aukan seg gjennom vindbyene på veg til fjøset. Det bles hardt, flaggstonga svaiar så kraftig at dei vel å halde seg på avstand om ho skulle ramle ned.

Garden til familien Aukan

Garden til familien Aukan er under rehabilitering. No skal bygningane klare seg i svært kraftig vind.

Foto: Privat

– Enno var ikkje vinden komen opp i ekstrem styrke. Men vi hadde høyrt på radioen at politiet på Sunnmøre bad folk halde seg inne, seier Modolf Aukan. Kort tid etter flaug tak i lufta, skogen ovanfor huset var full av islolasjonsmateriale frå bygningar og dyra på garden skreik i redsle.

– Det vart ein utriveleg og dramatisk dag. Noko av det sit igjen i oss framleis.

Gøymde seg under bordet

Modulf Aukan

Modulf Aukan har representert KrF på Stortinget.

Foto: null / NTB scanpix

Frå garden i bygda Nordheim på Stabblandet i Tustna har familien god oversikt nedover til nabogardane i bygda. Råket står frå havet utanfor Solskjeløya. Kvitt salt legg seg over alt ute. Brått høyrer dei ein smell. Ein kasserolle kjem fykande gjennom lufta og knuser eit vindauge.

– Barna blei redde og gøymde seg under eit bord i stova. Eg og kona såg ut over bygda og skjønte at dette var dramatisk. Synet av tak-konstrustruksjonar som fauk i lufta fortalde at bygda var hardt råka. Sjølv miste familien Aukan 120 kvadratmeter tak på driftsbygninga og ein verkstad.

Utstyr frå verkstaden fauk fleire hundre meter gjennom lufta. Verst var bråket og lydane, ikkje minst frå dyra.

Vi hadde både kyr og grisar. Vinden, hagl og gjenstandar laga eit voldsom lurveleven. Og dyra blei forferdeleg redde. Det var rett og slett utriveleg. Bak huset tok vinden tak i den store bilen, ein Chevy Van, slik at han endra totalt himmelretning.

Det verste ekstremvêret i Noreg

Nyttårsorkanen

Trålaren Atlantic dreiv i land i Volsdalsvågen i Ålesund.

Foto: Frå TV-programmet Orkanen / NRK

Historia til familien Aukan er éi av mange historier frå folk som opplevde ekstremvêret som råka Nordvestlandet og Trøndelag.

Allereie natta før nyttårsaftan hadde meteorologane merka seg at det var noko spesielt med lågtrykket som danna seg aust for Newfoundland. Svært kald luft frå nord støytte saman med svært varm luft frå sør. Alt på dette tidspunktet hadde meteorologane eit godt grunnlag for å sende ut orkanvarsel for Møre og Romsdal.

Ved 16-tida nyttårsaftan såg meteorologane at skysystemet hadde eit skyfritt auge. Det tyder på at tørr og kald luft trengjer nedover på vestsida av lågtrykket og skapar ei eksplosiv fart på lågtrykket. Mens lågtrykket bevega seg med ei fart på 25 meter i sekundet fall lufttrykket i senteret svært raskt.

Frå sørvest kom stormen veltande inn over kysten av Sogn og Fjordane klokka fire natt til første nyttårsdag. Frå Stad gjekk vinden over til å bli orkan. Ved nitida var vinden oppe i 120 knop på Vigra. Det er nesten det doble av orkan styrke. I Molde blei det registrert kast på 110 knop ved titida. i Kristiansund bles det 100 knop ved ellevetida. I tolvtida var vinden på 95 knop på Ørlandet. Ut på ettermiddagen nådde orkanen Namsos. Seinare dreia vinden inn over Sverige og svekka seg.

Fleire av vindmålarane braut saman på grunn av den store påkjenninga under orkanen. Mange av vindmålarane var heller ikkje tilpassa til å registrere orkan. I nokre høve var ikkje papiret for utskrift av registreringane breitt nok til å få med toppane.

Statsmeteorolog Jan-Erik Johnsen

Nyttårsorkanen vert rekna som den største naturkatastrofen som har råka Noreg nokon gong. Opp under 60.000 bygningar fekk skadar. Mange av skadane var totaløydeleggingar.

Det var også omfattande skadar på vegar, bruker, kaianlegg, straumforsyning, telekommunikasjon, kulturminne, oppdrettsanlegg og ikkje minst på skog. Nær tre millionar kubikkmeter trevirke blei knekt av vinden. Erstatningane berre til skogbruket kom åleine opp i 250 millionar kroner. Det samla økonomiske tapet er kostnadsrekna til vel 2 milliardar kroner. Då er ikkje eigenandelar ved forsikringsskadar rekna inn.

I desse summane ligg heller ikkje driftstap som følge av langvarig straumstans lagt inn. Særleg på Nordmøre var straumen vekke i fleire døgn. Kriseliknande provisoriske energiløysingar var i bruk over lang tid.

Veret blei varsla på «vanleg måte» gjennom radio og TV. Men få registrerte varselet på ein slik måte at dei sette i gang førebuingar. Nyttårsorkanen viste at varsel gjennom radio og TV ikkje var nok. Etter nyttårsorkanen blei det utarbeida ein varslingsplan for ekstremver. Denne planen har vore i bruk sidan 1994, og inneber at kommunar, fylkesmannen og naudetatar blir sett i alarmberedskap.

Nyttårsorkanen

– Føler ei uhygge som ikkje var der før

Forfattar og tidlegare NRK-journalist Oddgeir Bruaset har lage fleire TV-program og skrive to bøker om nyttårsorkanen. I år har han møtt fleire av orkan-offera 25 år etter.

– Mange av dei eg har møtt seier at dei er ferdige med det som skjedde dette dramatiske døgnet. Men mange ber framleis angsten i seg. Nokre fortel at dei kan føle ei uhygge dei ikkje hadde før, berre vinden knakar i husveggane. Andre seier rett ut at dei lett blir redde. Berre eit varsel om storm kan få dei til å røme til ein tryggare stad i huset, seier Bruaset.

Oddgeir Bruaset

Oddgeir Bruaset har møtt mange av orkanoffera 25 år etter. Mange slit framleis med minna etter dei dramatiske timane, fortel han.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Før jul er Bruaset oppteken med å signere bøker. Også desse møta viser at dei aller fleste som opplevde nyttårsorkanen har sine eigne historier å fortelje.

– Mange av dei som vil ha signert bøkene er raskt frampå med å fortelje om sine opplevingar. Opplevingane frå nyttårsorkanen har brent seg fast, seier Bruaset.

Bur seg på neste orkan

Også hos familien Aukan har dramaet 1. nyttårsdag 1992 sett sine spor.

– Orkanen gjorde noko med folk. Det er ei frykt som ligg der. Det er med oss i historia framleis. Ikkje berre for oss vaksne, men hos barna også. Den yngste var fire år då ekstremvêret sette inn.

På garden har neste generasjon teke over. Og når garden blir fornya strekkjer den nye bonden seg for å unngå at eit tilsvarande ekstremvêr skal øydelegge husa på garden.

Før var det eit stort fokus på snølast på bygg. Etter nyttårsorkanen blei det lagt meir vekt på dei skadane som vinden kan gjere. Ikkje berre blir bygningane bygde på ein måte som skal takle vind. Den nye bonden plantar også skog som skal ta av for vinden.

Kva har vi lært? 
Om beredskap og byggeskikk, forsikring og førebygging etter orkanen 1. nyårsdag 1992. 
Ved Oddgeir Bruaset. (2:2)

– Avdekte mykje dårleg

I etterkant av orkanen sette det dåverande Statens byggtekniske etat i gang eit omfattande arbeid for å finne ut om norske bygg var gode nok til å tole ein orkan. Mange fagmiljø blei samla, som meteorologar og byggforskarar.

Det blei samla saman vinddata frå heile landet, og data frå alle takstmennene som var ute i samband med orkanskadane blei samla inn. Til saman kom det inn data frå 32.000 byggskadar etter nyttårsorkanen.

Nyttårsorkanen

Det blei arrangert fleire konferansar etter orkanen, som denne i Kristiansund. Konferansane førte mellom anna til endringar i krava til nye bygg.

Foto: Frå TV-programmet Orkanen / NRK

Vi hadde ikkje så gode dataverktøy som i dag. Men vi fekk samla data og lagde ein søkemotor. Denne prosessen avdekte mykje som var dårleg, seier dåverande direktør i Statens byggtekniske etat, Olav Berge.

Endra byggforskriftene

For første gong sette ulike faggrupper seg saman og fekk laga modellar for vindstyrke. Det blei arrangert ei rekkje konferansar der erfaringane frå nyttårsorkanen blei drøfta.

– Det var ein fantastisk kreativitet i bakkant av nyttårsorkanen. Ein sunnmøring ville til og med ta patent på eit system med band som var strekt over mønet på huset som var festa i grunnmuren med boltar. Desse banda skulle strammast når det bles som verst, slik at det skulle halde huset på plass, seier Berge.

Erfaringane frå orkanen har konkret ført til endringar i SINTEF sine byggdetaljblad, særleg på kapitla som handlar om vindlast på bygningar. Desse oppføringane blir rekna som «bibelen» for dei som driv i byggebransjen i dag, og gjev råd om korleis ein skal unngå stormskadar på bygg.

– Nyttårsorkanen endra byggeskikken. Det var ei stund ein tendens til å lage store takutstikk. Nokre tak fungerte nesten som flyvengjer. Slike takutstikk ser du ikkje lenger på nye hus, seier Olav Berge.

Nyttårsorkanen

Nyttårsorkanen gjorde stor skade på mange slag bygningar. Her har ei sjøbu knela under dei voldsomme naturkreftene.

Foto: Frå TV-programmet Orkanen / NRK

– Brukte ikkje tilgjengeleg kunnskap

SINTEF Byggforsk, eller Norges byggforskingsinstitutt som det heitte den gongen, gjennomførte også omfattande kartleggingar etter orkanen. Dei utarbeidde rapporten «Orkan 1992», i samarbeid med Norges Buggstandardiseringsråd og Norges landbrukshøgskole, på oppdrag nettopp frå dåverande Statens byggtekniske etat.

Rapporten viste at skadane i hovudsak ikkje skuldast manglande krav eller mangel på gode tekniske løysingar. Eit stort fleirtal av skadane skuldast feil i bygningsarbeidet. Tilgjengeleg kunnskap og tekniske tilrådingar var ikkje brukt, seier Trond Bøhlerengen i SINTEF Byggforsk.

Manglande kontroll av utførte løysingar blei dermed eit tema, og hadde dermed direkte innverknad på dei nye byggeforskriftene som kom i 1997. Orkanen førte også til ein revisjon av vindlaststandardane. Som følgje av dette blei fleire tilrådingar i Byggforskserien revidert. Det blei meir fokus på forankring av tak-løysingar, både for hovudberesystemet og taktekking.

Falda hendene i bøn

Nyttårsorkanen

Mange nye hus fekk store skadar under orkanen.

Foto: Frå TV-programmet Orkanen / NRK

Modolf Aukan er ein kjend leiarskikkelse frå kristen-Noreg. Han har representert Kristeleg folkeparti på Stortinget og har vore medlem i Møre bispedømeråd. Heime hos familien Aukan var det naturleg å falde hendene i bøn då dramatikken sto på som verst.

– Ja, det stemmer det. Det var naturleg for oss å ta ei slik stund i stova. Vi bad om at stormen snart måtte vere over og at vi måtte sleppe unna utan å bli skadde.

De tok også naboane med i bønene?

– Ja. Vi nemnde dei alle med namn. Det var mange som hadde det verre enn oss. Det var heilt naturleg for oss å gjere det. Det var berre slik. Meir er det ikkje å seie om det, avsluttar Modolf Aukan.