Her flyktar UiB-studentar frå tåregassen i Hongkong: – Det var ei krigssone

BERGEN (NRK): Heimvende utvekslingsstudentar fortel om eit lærerikt, givande og til tider skummelt semester i Hongkong.

Studentar blir skutt etter med tåregass i Hongkong

TÅREGASS: Dei norske studentane måtte springe då politiet byrja å skyte med tåregass. Ulrik Granheim (23) kan skimtast til høgre i biletet.

Foto: Roj Ferman / Privat

Det er seks dagar sidan Roj Ferman og Ulrik Granheim, begge 23 år, sette føtene på norsk jord igjen.

Utvekslingsopphaldet deira i Hongkong er over, litt før tida. Fredag møter NRK dei på Universitetet i Bergen, der dei begge studerer digital kultur.

Dei tre månadane i Hongkong har gitt sterke opplevingar og inntrykk. I fleire månadar har studentar demonstrert for frie val og mot styresmaktene sin lojalitet til fastlands-Kina.

– Vi følte oss ikkje utrygge før den siste veka. Då eskalerte det såpass at vi begynte å kjenne litt på frykta, seier Ferman.

– Det har nærast vore som ei krigssone. Vegar har vore blokkerte av søppel og mursteinar, og butikkar og bilar har blitt sett fyr på, skildrar Granheim.

Skotne på med tåregass og gummikuler

Over tid har samanstøytar mellom demonstrantar og politi hardna til.

17. november storma politiet Hongkongs polytekniske universitet, der fleire hundre demonstrantar har halde stand.

Politiet har brukt gummikuler, vasskanonar og tåregass mot studentane. Dei har svara med mellom anna heimelaga brannbomber.

UiB-studentane kom tett på demonstrasjonane og har tatt mange bilete for å dokumentere hendingane. Nokre gonger har dei kome svært tett på.

– Den eine dagen skaut dei med tåregass mot sivilbefolkninga, der vi stod for å ta bilete. Alle byrja å springe, det svei i auga og vi klarte ikkje sjå noko. Det var vondt, men det gjekk fort over, seier Granheim.

– Vi fekk raskt hjelp av lokale studentar som kom til med vatn som vi kunne skylje auga med. Vi har opplevd tåregass, gummikuler og molotovar. Ein god del, seier Ferman.

undefined

UiB-studenten Roj Ferman har dokumentert opptøyene i Hongkong medan han var på utveksling hausten 2019.

undefined

UiB-studenten Roj Ferman har dokumentert opptøyene i Hongkong medan han var på utveksling hausten 2019.

undefined

UiB-studenten Roj Ferman har dokumentert opptøyene i Hongkong medan han var på utveksling hausten 2019.

Forstår demonstrantane

Universitetet i Bergen vurderte til slutt situasjonen som så utrygg at dei kalla heim studentane sine. Ni av dei ti studentane frå UiB følgde rådet.

– Universitetet vi gjekk på stengde og situasjonen endra seg veldig. Då var det ikkje like trygt å vere der lenger, seier Ferman.

– Men vi har aldri vore redde, presiserer Ranehim.

Dei fortel at den siste tida var ein brå overgang frå slik det var tidlegare i haust. Stemninga vart meir amper og byen meir lamma. Kollektivtransporten slutta å gå om kveldane.

Ulrik Granheim ser på barrikadene til demonstrantane i Hongkong

MURSTEIN: Demonstrantane har brukt murstein mot politiet. På dagtid har det fram til nyleg vore roleg i gatene, fortel Ulrik Granheim.

Foto: Roj Ferman / Privat

På City University, School of Creative Media, var det over to hundre studentar som engasjerte seg i demonstrasjonane ein av dei siste dagane nordmennene var der.

Ferman og Granheim var nære venner med fleire av dei. Dei forstår kvifor dei demonstrerer.

– Det er framtida deira. Dei vil leve i eit demokrati, der rettssystemet er rettferdig. For ein kamerat av oss var det heilt sjølvsagt å vere med på å demonstrere, seier Granheim.

Fekk hjelp av medstudentar

Dei rosar lokalbefolkninga for å vera hjelpsame, midt i kaoset.

Også lokale studentar på campus har hjelpt dei i fleire situasjonar, mellom anna med å informere dei om kor planlagde demonstrasjonar skulle skje.

Opplevinga ville dei ikkje ha vore forutan. Studentane har fått dokumentert og vore tett på ei historisk hending.

– Vi får oppdateringar frå vener om korleis det går. Når ting roar seg, vil vi reise ned igjen og besøke dei, eller kanskje dei kjem hit, avsluttar UiB-studentane.

UiB-studentane Roj Ferman og Ulrik Granheim er tilbake i Bergen etter semesteret i Hongkong

TILBAKE: Roj Ferman og Ulrik Granheim er glad for å vere tilbake i Noreg, men held kontakten med studievener som demonstrerer i Hongkong.

Foto: Therese Grimstad Pisani

Mange studentar i områda

På grunn av opptøyane i Hongkong og den politiske uroa i Bolivia, har Kunnskapsdepartementet vore i kontakt med alle universitet og høgskular i Noreg.

Dei har fått oversikt over kor mange studentar som er på utveksling ved høgare utdanningsinstitusjonar der:

Bolivia:

  • Tre norske institusjonar har til saman elleve norske studentar i landet dette semesteret. Tre av studentane er framleis i Bolivia, etter eige ønskje. Dei åtte siste er i tryggleik i andre land.

Hongkong:

  • Sju institusjonar har til saman 40 norske studentar i Hongkong dette semesteret. Sju studentar er framleis i byen, etter eige ønskje. 13 studentar er tilbake i Noreg og dei 20 siste er i tryggleik i andre land.