Hopp til innhold

Equinor får over dobbelt så godt betalt for CO₂-kutt som fylkeskommunen

– Regjeringa gir milliardbeløp til ei oljenæring med store overskot, og undergrev omstillinga til miljøvenlege ferjer, meiner SV. – Søkt samanlikning, svarar regjeringa.

Illustrasjon av Hywind Tampen-prosjektet

STOR STØTTE: Havvindparken Hywind Tampen har fått 2,3 milliardar i støtte og er venta å kutte 200.000 tonn CO₂ årleg. Det er 11.500 kroner per tonn CO₂. (illustrasjon)

Foto: Illustrasjon/Equinor

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I august annonserte statsminister Erna Solberg at Equinor og partnarane får 2,3 milliardar kroner frå Enova for å byggje havvindparken Hywind Tampen i Nordsjøen.

Prosjektet er venta å kutte 200.000 tonn CO₂ årleg.

– Staten har gått inn med milliardbeløp for å hjelpe ei oljenæring med store overskot til CO₂-kutt, medan Hordaland fylkeskommune får småpengar for sine CO₂-kutt. Regjeringa favoriserer oljeindustrien i sine tilskot, meiner Marthe Hammer (SV).

Dobbelt så mykje i støtte

Hordaland fylkeskommune har på eige initiativ no rekna på kor mykje Equinor får i støtte frå Enova, delt på venta CO₂-kutt. Dei har så samanlikna tala med støtta fylkeskommunen sjølv får til omlegginga til miljøvenlege ferjer.

  • Hywind Tampen har fått 2,3 milliardar i støtte og er venta å kutte 200.000 tonn CO₂ årleg. Det er 11.500 kroner per tonn CO₂.
  • Hordaland fylke har fått 270 millionar kroner i støtte og fylkeskommunen reknar med å kutte 50.740 tonn CO₂ årleg. Det utgjer 5321 kroner per tonn CO₂.

Equinor får altså over dobbelt så mykje i støtte per tonn CO₂ for Hywind Tampen som det Hordaland fylkeskommune har fått frå Enova til omlegging til miljøvennleg ferjedrift.

– Det er urimeleg, urettferdig og dårleg miljøpolitikk, seier fylkestingspolitikar Hammer.

Marthe Hammer, SV

MEINER DEI BLIR STRAFFA: – Vi har vore modige og møter klimakrisa med tøffe miljøkrav, seier Marthe Hammer (SV).

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

– Vi betalar dyrt for jobben vi blei bedt om å gjere

Stortinget vedtok i 2014 eit mål om at alle nye ferjeanbod skulle ha null- eller lågutsleppsteknologi.

– At Hordaland fylkeskommune bestilte 20 elektriske ferjer var med på å sette i gong den elektriske revolusjonen i skipsfarten som vi ser no, seier klima- og naturressurssjef i Hordaland fylkeskommune, Sølve Sondbø.

Fylkeskommunen har fått delstøtte til etablering av ladeanlegg på land frå Enova på til saman 270 millionar kroner. Men Sondbø meiner fylket burde fått betre betalt av staten for å gå i front.

– Vi var tidleg ute og betalar dyrt for å gjere jobben Stortinget har bedt oss om å gjere. Men regjeringa har ikkje følgd opp punktet om å gjere fylkeskommunane i stand til å gjere dette løftet.

Møkstrafjord

EL-FERJE: MF «Møkstrafjord», som trafikkerer Krokeide-Hufthamar i Hordaland for Fjord1.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

– Viktig å satse på havvind

Statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Atle Hamar (V), har ikkje sansen for samanlikninga med Hywind Tampen.

– Det er spesielt at dei set satsing på havvind og grøn skipsfart og ferjer opp mot kvarandre, meiner Hamar.

Han viser til at Enova har støtta prosjekt i maritim sektor med til saman 2,4 milliardar, inkludert støtte til nullutsleppsferjer.

Når det gjeld støtta til Equinor, seier Hamar at CO₂-kutt ikkje er det viktigaste årsaka til at Enova har gitt milliardstøtte til havvindparken.

– Vi gjer dette fordi verda treng meir fornybar kraft og grøn teknologi. Og då er dette ein teknologi som har fått støtte til å kome opp på eit nivå der vi kan eksportere den til andre delar av verda.

Atle Hamar i Klima- og miljødepartementet

FORSVARAR FORSKJELLEN: Statssekretær Atle Hamar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Miljøsatsing har kosta

Satsinga på miljøvenlege ferjer har kosta for ferjefylka. Nye Vestland fylke startar med 490 millionar i minus, og planlegg kutt for 100 millionar neste år.

– Mykje av dette skuldast at vi har vore modige og møter klimakrisa med tøffe miljøkrav. Regjeringa undergrev omstillinga til miljøvenlege ferjer, meiner Hammer.

– På same tid prioriterer altså regjeringa dei offentlege midlane til å støtte omstilling i oljeindustrien i staden for å prioritere meir effektive og større CO₂ kutt i fylkeskommunane.

SV meiner havvindsatsinga til Equinor heller burde vore finansiert av auka CO₂-avgift frå oljeindustrien.

Statssekretær Atle Hamar viser til at regjeringa har sagt at dei vil sjå på utgiftene ferjefylka har når dei skal gå gjennom inntektssystemet til fylka.

– Men å samanlikne driftsramma til Hordaland fylkeskommune med Enova-støtta til Hywind Tampen, utan å ta med all den Enova-støtta som har gått til fylka på Vestlandet til utvikling av både ferjer og ladestraum, det er litt spesielt og litt søkt, meiner han.