Hopp til innhold

Ektepar evakuert etter jordskred og flaum i Kvam: – «No går huset», tenkte eg

NORHEIMSUND (NRK): Inge Hamre og Marta Apelthun Hamre måtte evakuera med båt då kraftig regnvêr gjorde hagen deira til ei elv.

– TRASIG: – Du har jobba i hagen i så mange år, og etter nokre timar er den øydelagt, seier Marta Apelthun Hamre.

Fleire vegar var allereie stengde på grunn av rasfare då dei venta nedbørsmengdene trefte Vestlandskysten onsdag kveld og natt til torsdag.

Men ekteparet Hamre i Kvam hadde ikkje venta at eit jordskred oppe i lia skulle gjera eigedomen deira på Kaldestad i Norheimsund til eit elveleie.

– Det fossa rundt huset på begge sider. Det var reine storfossen som kom over vegen og ned i tunet, med stein, sand og drit, seier Marta Apelthun Hamre.

Ho tek NRK med på synfaring på tomta. Den har gjennomgått store endringar i løpet av natta.

Ras Norheimsund

VASKA VEKK: Grusvegen ned til hagen blei skylt vekk på kort tid. – Det såg fælt ut. Eg var sikker på at huset kom til å gå, seier Marta Apelthun Hamre.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK
Marta Apelthun Hamre hus Norheimsund ras

KAOS: Marta Apelthun Hamre ser skadane ved drivhuset i hagen.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

Vegen fossa over – måtte evakuera på fjorden

Fylkesveg 49, som går like over eigedomen, fløymde over. Fleire stader mellom Vikøy og Norheimsund gjekk det ras. Eitt av rasa tetta eit elveløp, som førte til at vatnet fløymde over vegen og ned i hagen til Hamre.

Like før klokka to i natt blei ekteparet vekt av ein nabo. Gjennom tunet fossa ein straum av vatn, som igjen trengde inn i huset.

Vegen opp til fylkesvegen var overfløymd og umogleg å forsera. Vatnet stod ein halv meter oppetter husveggen, fortel Hamre.

– Då me gjekk opp, såg me at vegen var vaska vekk. «No går huset», tenkte eg. Me hadde ikkje anna val enn å koma oss ned til fjorden.

Marta Apelthun Hamre hus Norheimsund

BÅTEN: Ekteparet tok båten for å koma seg unna vatnet.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

Fekk beskjed om å halda seg vekke

Då politiet kom fram hadde ekteparet evakuert med båt.

– Då rann det store mengder vatn gjennom eigedomen og inn i huset. Dei fekk beskjed om å halda seg vekke til situasjonen var avklara, sa operasjonsleiar Dag Olav Sætre til NRK like før klokka 06.

Hamre og mannen la til kai i Norheimsund medan dei venta på å få koma tilbake. Like før klokka 07.30 fekk dei koma heim att.

– Me må truleg byta alle golv. Det er nær sagt ein stor vaskejobb dette her, for huset har det gått høveleg bra med. Men alt av vegar og stiar er for det meste vekke, seier Inge Hamre, som torsdag morgon venta på takstmann.

I mellomtida kom Kvam-ordførar Jostein Ljones innom for å sjå på skadane.

Inge Hamre ras Norheimsund Jostein Ljones

SYNFARING: Inge Hamre møtte ein kjellar full av vatn då han og kona returnerte til heimen på Kaldestad. Ordførar Jostein Ljones kom innom for å sjå herjingane.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK
Martha Apelthun Hamre på altanen der

RYDDEJOBB: – Eg har ringt takstmann og sagt at dette er ei hastesak. Kjellaren er full i vatn, og vatnet har kome inn gjennom fleire dører. Det er stein og sand over alt, seier Marta Apelthun Hamre då NRK er innom.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

E16 stengd – framleis rasfare

Det var varsla store nedbørsmengder over Vestlandet natt til torsdag og på dagtid torsdag. Klokka 07 melde Meteorologisk institutt at farevarselet er avslutta, men NVE melde at rasfaren framleis er stor.

Kraftig lyn og tore skapa kaos og lamma tidvis kollektivtrafikken på Austlandet.

Torsdag morgon var E16 heilt stengd i mange timar ved Bolstad. Det har gått to ras med nokre hundre meters mellomrom. Også ein del av omkøyringsvegane er stengde etter ras, mellom anna i Bergsdalen. Omkøyringsvegen er via fylkesveg 7 i Hardanger, men her er det kolonnekøyring frå Fyksesund til Granvin.

Fylkesveg 49 mellom Norheimsund og Vikøy blei stengd, og avskjer dei sørlege delane av kommunen frå kommunesenteret. Kvam herad sette tidleg torsdag krisestab, og sette inn båttransport frå Framnes i Vikøy til kaien i Norheimsund.

– Vår hovudprioritet er å få skulebarna på skulen og helsepersonell på jobb. Me ser at det blir vanskeleg å få frakta alle som skal ha barna i barnehagen, seier ordførar Jostein Ljones.

Beate Apelthun Hamre i hagen etter jordskredet som førte til evakuering i Kvam

FORTVILA: Marta Apelthun Hamre og mannen er glade i hagen sin. Torsdag ser den nokså herja ut etter regnskurane det siste døgeret.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK