Hopp til innhold

Drit lei av grisete toalett i Hardanger

Dei har fått kjeft for stengde do og elendige toalettforhold midt i den store turistregionen. No lovar Hardanger-kommunane å rydda opp.

Turistar på Bu

BU PÅ BU: Denne heilt nye toalettbua ved riksveg 7 og Hardangerbrua måtte stenge ned rett etter opning.

Foto: Hardangerrådet

Turistsesongen 2017 har ført til ei lang rekke klagar mot toalettforholda langs populære turistvegar i Hardanger.

Spesielt var toalettforholda på Bu ved Hardangerbrua i vår eit stort problem. Her vart eit heilt nytt toalettanlegg stengd ned.

Riksveg 7 med Hardangerbrua og Hardangervidda har veldig mange besøkande i turistsesongen og til tider har det rett og slett ikkje sett ut ved toaletta.

– Det skapar jo uhaldbare situasjonar når så mange turistar kjem og toalettet ikkje er opent eller dei ikkje held ei tilfredsstillande standard, medgir rådsordførar i det sokalla Hardangerrådet, Jon Larsgard, som også er Jondal-ordførar.

Toalettet på Bu

STENGD DØR: Fleire stader, som her på Bu i Hardanger, møter tissetrengde turistar stengde toalett.

Foto: Hardangerrådet

Do-kartlegging

Difor har dei sju kommunane i Hardanger gjennomført ei kartlegging av toalettsituasjonen i regionen, etter ein haug med klagar på tingas tilstand.

Konklusjonen er grei av kartlegginga er tydeleg: Noko må gjerast.

– Kartlegginga skal gje grunnlag for tiltak som kan betra situasjonen til neste turistsesong, seier

– Rapporten viser at mykje er bra, men standarden er varierande og kapasiteten er for dårleg. Det er spesielt dårleg der det er store bussgrupper ved hovud innfartsåra til regionen. Vi ser behov for å gjere noko både på vegen frå Bergen mot Hardanger, og på E134 mot Hardanger, konkluderer Larsgard.

Problem i heile landet

Det er langt frå berre Hardanger som har problem med stengde toalett og store busslastar med turistar.

Både søppel og avføring er det blitt mykje av i turistmagneten Lofoten. I Sogn og Fjordane vart turistane møtte med stengde toalettdører både i Sogndalsdalen og i Aurland.

Akkurat som på Bu i Hardanger var eitt av to toalett stengde ved det populære utsiktspunktet Stegastein i Aurland.

Mundheim

PENGEMANGEL: Dette nye toalettet på Mundheim i Hardanger vart i fjor stengd på grunn av pengemangel, kort tid etter opning.

Foto: BJØRN KJETIL HANSEN

Vurderer betaling

Vegvesenet vedgår at det er problematisk at toaletta er stengde, men peikar også på at nokre av dei blir øydelagde fordi turistar puttar «alt mogleg» i toaletta.

Jondal-ordførar Jon Larsgard meiner at det ikkje er stor nok kapasitet på toaletta langs vegane i Hardanger i dag. I tillegg er det eit problem at det er uklare modellar på korleis toaletta skal driftast.

Larsgard trur at eit viktig og nødvendig tiltak i framtida er å få betalingsordningar for at toaletta skal fungere godt nok. No ønskjer Hardangerrådet å gå i dialog med fylkeskommunen og Statens vegvesen for å bli einige om kven som har ansvar for kva.

– Vi må diskutere løysingar saman som gjer at ein kan sjå resultat av kartlegginga allereie til neste turistsesong.