Hopp til innhold

Rasteplassen flyt over av bæsj og bos

Toaletta på ein rasteplass i Vatnasete i Sogndalsdalen har vore i stengt i mange dagar, midt i høgsesongen for turisme.

Rasteplass full av bæsj og bos

HER SKAL DU ETE NISTA DI: I tillegg til at det ligg menneskeavføring rundt på rasteplassen, er det lenge sidan boset har blitt henta.

Foto: PRIVAT

– Vi kunne kanskje vore flinkare til å finne ei midlertidig løysing, det er uheldig at det har fått stå så mange dagar no i høgsesong. Men det rettferdiggjer likevel ikkje å gjere frå seg utanfor, seier Eivind Yttri i Statens vegvesen.

Årsaka til griset på rasteplassen skal ha vore eit defekt toalett, og ei dør utan fungerande lås.

Bæsj på rasteplass

UTRIVELEG: Dette møter dei som svingar av på rasteplassen i Vatnasete.

Foto: PRIVAT

– Vi veit ikkje eksakt kor lenge toaletta har vore låste, men no skal vi setje ut eit «festivaltoalett» og ordne ein krok på den øydelagde døra, seier Yttri.

Skal sjå på rutinane sine

– Det er fleire ting bak. Vi må sjå på rutinane våre, vi skal kunne klare å hente boset slik at rasteplassane ser akseptable ut. Når det gjeld toaletta, var det ein litt spesiell situasjon, med to hendingar etter kvarandre.

Toalett ved rasteplass har vore stengt

STENGDE DØRER: Dei offentlege toaletta har ikkje vore i bruk dei siste dagane.

Foto: PRIVAT

Han fortel at den eine døra har gått i vranglås, og at dei måtte bryte henne opp for å få ut ein person. Etter dette valte dei å stenge toalettet.

– Vi lovar å fjerne boset og rydde opp allereie i kveld, seier han.