Mange turistbussar om dagen stoppar på Mundheim i sesongen. Turistane har sine behov: Fotografering av Hardanger-naturen, beinstrekk – og andre naturlege behov.
Bygdefolket på Mundheim var lei av dei dårlege toalettilhøva i bygda. Derfor gjekk dei saman med Statens vegvesen og Kvam herad om å byggja eit toalett til 1,2 millionar kroner.
Heradet og vegvesenet bidrog med 200.000 kroner kvar. Resten skaffa fram bygdelaget på dugnad. Toalettet opna i november i fjor.
Har ikkje fått løn
– Toalettet vart vaska av ein person frå bygda frå november til juni, medan ein ventar på ein driftsavtale, seier Kristoffer Mundheim, leiar i Mundheim grendelag.
Men reingjeringspersonalet har ikkje fått løn. 1. juli stengde kommunen toalettet. Grunn: Tomt for pengar.
– No er me attende til det gamle, med urinering i buskar og i hagar. Ein har opplagsplass for ved, der stod dei og urinerte, seier Kristoffer Mundheim.
STENGD: Oppslag på toalettet på Mundheim.
Foto: BJØRN KJETIL HANSEN– Det er greitt for mennene, verre for kvinnene, legg han til.
Kvam er ikkje den einaste plassen i Turist-Noreg turistane må halda igjen, eller la det stå til i naturen. Langs ei av landets mest populære turistvegar i Stryn er det også langt mellom toaletta.
– Må ordna opp
Fungerande rådmann Jon Nedkvitne er samd i at dosaka ikkje er god for Kvam.
– Me tok ansvar for å byggja toalettet, men det er ikkje meir pengar å driva toalettet på Mundheim, seier Nedkvitne.
Heradet har dekt utgifter til vedlikehald, papir og såpe.
– Eg reknar med at ho som har vaska, må få løn. Det må vi ordna opp i, seier Nedkvitne.
Han seier heradet leitar etter andre instansar som kan vera med og finansiera toalettet på Mundheim.
– Me har ikkje fått positivt svar frå verken Statens vegvesen, fylkeskommunen eller Skyss. Me eig toalettet, men det er ei fylkesveg, og me driv ikkje bussane, seier Nedkvitne.
– Kva er rådet ditt til cruiseturistar som kjem til Mundheim og må på do?
– Dei må prøva å finna andre løysingar, seier Nedkvitne.
- LES ÒG: