Hopp til innhold

Brukar 11 millionar på gratis internett til fattige

Internett i skulearbeid er blitt så viktig at Bergen kommune tar rekninga for barnefamiliar.

Gutt med facebook på datamaskin.

HISTORISK VEDTAK: Det politiske vedtaket frå Bergen er det første i sitt slag i store kommunar i landet.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

– Barn skal ikkje måtta sitja igjen etter skulen for å gjera ferdige leksene sine, seier sosialbyråd Erlend Horn frå Venstre.

Slik forklarer byrådspolitikaren i Bergen at kommunen no går nye vegar for å hjelpe fattige i byen.

Frå og med januar i år kan barnefamiliar som får sosialhjelp no også søka om pengar til internett.

Bakgrunnen er at skuleelevar treng internett for å kunna gjera lekser. I tillegg kan manglande nettdekning isolera unge og vanskelegstilte, meiner kommunen.

For 2018 er det difor lagt inn elleve millionar kroner til internettrekningar.

– Ein del av familiane har allereie internett. Desse vil kunna søka og få 600 kroner ekstra i månaden, seier sosialbyråd Horn.

KS: – Ikkje høyrt om dette før


Politikarane i Bergen er så langt KS (Kommunenes Sentralforbund) kjenner til dei einaste i Noreg som har vedtatt å ta internettrekninga for barnefamiliar.

Liknande tilbod finst i andre storbyar, men ikkje i same omfang som i Bergen.

– Det er veldig positivt at Bergen kommune har så høg merksemd på å legga til rette for sosial inkludering, seier områdedirektør for interessepolitikk i KS, Helge Eide.

Byråd Erlend Horn (V)
Foto: Leif Rune Løland / NRK

Kritikk frå SV og Raudt

Det er per i dag om lag 1500 barnefamiliar i Bergen som mottar økonomisk sosialhjelp. I tillegg kan personar i enkelte butiltak, som har psykiske vanskar og ruslidingar, få pengar.

Bakgrunnen er kommunen sin handlingsplan mot fattigdom, der gratis internett er eitt av satsingsfelta.

Planen har hausta ros blant politikarane, men er også omdiskutert. Mellom anna har innføringa av eit aktivitetetskort for fattige barn fått krass kritikk frå SV.

Gruppeleiar Mikkel Grüner meiner kortet, som gir gratis inngang til dømes enkelte idrettsanlegg, stigmatiserer fattige, fordi det kan henga ut ei utsett gruppe.

Etterlyser lågare pris på SFO

Også Raudt stiller seg kritisk til måten byrådet angrip fattigdomsproblemet.

– Internett-forslaget er i og for seg greitt nok, då det er mindre synleg enn å måtta visa fram eit kort som seier at du eigentleg ikkje har råd. Men me er kritiske til at dette er ein del av det store tiltaket mot fattigdom, seier gruppeleiar for Raudt, Sofie Marhaug.

– Det er mildt sagt slapt.

Sofie Marhaug
Foto: Sølve Rydland / NRK

Ho etterlyser lågare prisar på barnehage og SFO-ordninga som meir effektive middel.

– Det vil sjølvsagt kosta meir for kommunen, men vil gi kvar enkelt familie meir pengar på konto.

Sosialbyråden er dundrande ueinig.

– I motsetnad til Raudt har me tru på målretta tiltak for å overvinna sosial ulikskap, og me har tru på at denne ordninga kan bety mykje for mange.