Hopp til innhold

Ny studie viser at fattige born har færre vener

ASKØY (NRK): Born i familiar med dårleg råd har færre vener og ein dårlegare skulekvardag, viser ein fersk studie. Det bekymrar ekspertane.

Tormod Bøe

FORSKAR PÅ FATTIGDOM: Tormod Bøe er ein av forskarane bak ein fersk rapport om barnefattigdom i kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. I studien er fattigdomsgrensa definert som at familien har under 60 % av det som er den vanlegaste familieinntekta i Noreg.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Enkelte svarar at dei ikkje har råd til middag kvar dag, eller at dei ikkje går i bursdagsbesøk fordi dei ikkje har råd til gåver, seier forskar Tormod Bøe.

Han arbeider ved regionalt kunnskapssenter for barn og unge ved Uni Research Helse, og har undersøkt barnefattigdom i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.

I studien er det analysert svar frå over 1100 5.-10.-klassingar og 1300 foreldre, og torsdag vert resultata lagde fram for fagfolk og hordalandskommunane.

Her kjem det mellom anna fram at ti prosent av borna med låg sosial stauts sjølve seier at dei mistrivst på skulen.

– Eit vanskeleg tema

Det bekymrar Inger Jørgensen, som leiar barnefattigdomsarbeidet i Askøy kommune.

– At born trivst i skulen og fullfører utdanninga er kanskje det aller viktigaste for å bli kvitt barnefattigdom. Viss dei gjennomfører utdanningsløpa kan ein kanskje førebyggje barnefattigdom i neste generasjon, seier Jørgensen.

Ho trur økonomi er eit vanskeleg tema å diskutere.

– Ein snakkar med foreldra om ganske mykje, men akkurat privat økonomi og fattigdom er gjerne eit tabu.

Inger Jørgensen

BEKYMRA: Inger Jørgensen, som leiar barnefattigdomsarbeidet i Askøy kommune, seier dei fattige familiane ofte er flyktningfamiliar eller einslege forsørgarar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Er born tolerante og snille med kvarandre, eller er dette med økonomi eit mobbegrunnlag?

– Eg trur det kan vere eit mobbegrunnlag. I nokre ungdomsmiljø er det eit stort fokus på at ein skal ha det same som dei andre av klede og utstyr, seier Jørgensen.

Det er forskaren bak studien einig i.

– I eit land som Noreg der mange har god økonomi, er det ekstra vanskeleg å ha dårleg råd. Det kan fort verte skambelagt, meiner Bøe.

Har færre vener

Eit anna funn i studien er at det er meir enn dobbelt så vanskeleg for born i fattige familiar å få nære vener: Kvart sjette av desse borna har ifølge foreldra ikkje ein besteven.

– Vi ser òg at det er ein sosial skilnad på om ein inviterer vener med seg heim, eller om ein føretrekker å gå på besøk til andre. Det kan ein jo tolke som at nokre born ikkje ønskjer å ha folk heim til seg, fordi dei føler at huset ikkje er fint nok eller fjernsynet ikkje er stort nok, seier Bøe.

I studien er fattigdomsgrensa definert som at familien har under 60 % av det som er den vanlegaste familieinntekta i Noreg.

Planlegg gratistilbod

Askøy har opp mot 500 born under fattigdomsgrensa i kommunen. Sjølv om det er betre enn i mange andre kommunar, meiner Jørgensen at det kan gjere situasjonen verre for dei det faktisk gjeld.

– Desse borna veks opp i eit samfunn der alle andre har mykje.

Askøy arbeider no med å etablere ulike tiltak mot barnefattigdom i kommunen.

– Til dømes prøver vi å få til gratis ferietilbod og aktivitetar i skule- og sommarferiane, for alle born. Vi forsøker òg å ha ein heilskapleg innsats der vi styrkar heile familiar, seier Jørgensen.