Hopp til innhold

Boikottar Hordfast-møte: – Det er som å velje mellom pest og kolera

SØRE ØYANE (NRK): Statens vegvesen vurderer å flytta Hordfast-brua om lag 300 meter i Os, og vil no diskutere ilandføringa med bebuarane i området. Men brumotstandarane er ikkje mildare stemt.

Flytebru over Bjørnafjorden, E39

SKAL AVLØYSE FERJER: Den planlagde brua over Bjørnefjorden mellom Tysnes og Os skal erstatte tre ferjer, og er den viktigaste delen av Hordfast.

Foto: Illustrasjon: Statens Vegvesen

– Vi ser på dette som ei sniklegitimering av heile prosjektet, seier Geir Magne Johnsen Moberg, som er leiaren for «Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden».

Tysdag har Statens vegvesen invitert representantar for brukargrupper som nyttar området på Søre Øyane til ein idéverkstad, for å diskutere å flytte ilandføringa av brua over Bjørnafjorden om lag 300 meter.

– Vi nektar å vere med på eit slikt bøtetiltak. Eg trur ingen av dei som stiller opp på møtet vil påverke dette i nokon retning. Om brua kjem aust eller vest for Kobbavågen er heilt uvesentleg for oss, seier Moberg.

– Uaktuelt

Prislappen på Hordfast er blitt dobla til over 40 milliardar kroner på få år. Ifølge vegvesenet er òg motstanden mot ilandføringa på Søre Øyane ein av grunnane til at dei no vurderer å justera traséen.

Brumotstandarane er likevel ikkje nøgde.

– For oss er heile trasévalet ein katastrofe. Viss vegvesenet trur dette er med på å redusere motstandsnivået for ilandføring av bru, tek dei feil. Det er heilt uaktuelt for oss å diskutere om det eine alternativet er betre enn det andre. Dette er pest eller kolera for oss, seier Moberg.

Han ber alle boikotta møtet på tysdag.

Planlegg tilleggsutgreiing

Prosjektleiar for Hordfast, Signe Eikenes i Statens vegvesen, meiner det er trist om brukarane av området ikkje stiller til idéverkstaden.

Ho fortel at vegvesenet vurderer å flytta brua lenger austover mot Gulholmen, eit område som tidlegare ikkje har vorte kartlagt og verdivurdert.

– Vi veit ikkje enno om dette vert teknisk enklare eller billegare, men arbeidet vi held på med vil gje oss nokre svar. Utgangspunktet vårt er å undersøke om vi kan finne rimelegare og betre løysingar.

Signe Eikenes

UNDERSØKER FLEIRE ALTERNATIV: Prosjektleiar for Hordfast, Signe Eikenes, seier dei vurderer eit nytt alternativ for ilandføring av den planlagde brua over Bjørnafjorden.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Samtidig har Vegvesenet bestilt ei tilleggsutgreiing av natur- og friluftskonsekvensane om den planlagde brua over Bjørnafjorden blir flytta.

Det meiner Norges Miljøvernforbund er ei avleiingsmanøver.

– Vegkontoret forsøker å redusere natur- og miljøproblematikken til å berre gjelde Søre Os. Men på Tysnes er der regnskog, og inngrepa i Hordfast-prosjektet er verre og større her, seier samferdsleansvarleg i miljøvernforbundet, Per Nordø.

Han viser til at fylkesmann Lars Sponheim har kalla motorveg over Reksteren "det største naturinngrepet i Hordaland i moderne tid".

Avviser hemmeleghald

Han oppdaga førre veke at oppdraget å vurdera effektane av endra ilandføringspunkt er gitt til ingeniør- og arkitektfirmaet Asplan Viak.

Per Nordø

KRITISK: Per Nordø i Norges Miljøvernforbund meiner vegvesenet vil avleie folk med å få ei grundigare analyse av konsekvensane for natur og friluftsliv i Os, medan det er Reksteren på Tysnes som vil få dei største skadane på naturen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Dette er eit stort tilleggsoppdrag som ingen har visst om før vi no avdekka dette, seier Nordø.

Han meiner planen om tilleggsutgreiinga er forsøkt halde hemmeleg frå vegvesenet si side. Det avviser Eikenes.

– Eit slikt dokument vert i utgangspunktet unnateke offentlegheit då det inneheld konkurransesensitiv informasjon. Det er likevel mogleg å få innsyn når denne informasjonen er teken vekk, seier Eikenes.

Ho fortel at konsulentane skal levere si utgreiing i september, og at ei ny, eventuell høyring om saka må diskuterast med Kommunal- og moderniseringsdepartementet.