NRK Meny
Normal

Blodraude tal for Helse Bergen – sykkel-VM kosta 15 mill.

Bakrusen etter VM-festen har inntatt sjukehuskorridorane på Haukeland. – Me søkte aldri om VM, men sit likevel igjen med rekninga.

Sentralblokka Haukeland universitetssykehus

MÅ KUTTA 200 MILL: Helse Bergen må ta inn 200 millionar i driftsutgifter etter at budsjettet viser raude tal. Ein del av skulda frå sykkel-VM i Bergen.

Foto: Helse Bergen

Haukeland universitetssjukehus må spara 200 millionar kroner på neste års budsjett. Grunnen er blant anna budsjettoverskridingar på 76 millionar – inkludert 15 millionar kroner i ekstrautgifter til sykkel-VM.

– Me synest som alle andre at sykkel-VM var ein fest, men det er litt spesielt at me sit igjen med rekninga til ein fest andre har invitert til, seier kommunikasjonsdirektør Erik Vigander i Helse Bergen.

Etter den søte kløe

Meisterskapen var ein sportsleg suksess, men styrer mot dundrande underskot. Uteståande gjeld til kreditorar, det internasjonale sykkelforbundet og blant andre Vest politidistrikt, gjer at sykkelpresident og VM-sjef Harald Tiedemann-Hansen har fått sterk kritikk i etterkant.

Erik Vigander

STORE TAL: Kommunikasjonsdirektør Erik Vigander i Helse Bergen meiner summen er «betydeleg» tatt i betraktning den alvorlege økonomiske stoda.

Foto: Øyvind Bjørkum / Kreftforeningen

No kjem også kritikken frå Helse Bergen.

– Ekstrautgiftene kjem frå forsterka bemanning, opplæring og andre meirutgifter. I tillegg er det snakk om tapte inntekter på grunn av lågare aktivitet på sjukehuset, blant anna fordi avtalar blei utsette, seier Vigander.

– Kva inneber det for sjukehuset at ein ikkje får betalt tilbake desse pengane?

– Veldig enkelt sagt så er det 15 millionar me kunne ha brukt på pasientbehandling, innkjøp av utstyr og investeringar. I den situasjonen me står i no, er det ein stor sum.

Sykkel-VM i Bergen, folkefest på Landås

FESTEN SMAKTE: Omgrepet «folkefest» blei flittig brukt om VM i Bergen. Oppgjeret i etterkant lar enno venta på seg.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Staten har ansvaret – staten bør betala

Nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Kjersti Toppe (Sp), reagerer på at sjukehuset ikkje får betalt tilbake utgiftene.

– Det er heilt urimeleg at Helse Bergen skal måtta tola ein kostnad på 15 millionar fordi Bergen arrangerte sykkel-VM. Det hadde vore rimeleg og klokt om staten hadde gått inn og dekt i alle fall deler av kostnadene.

Også politiet har inneståande beløp dei ikkje har får betalt tilbake – verken frå VM-arrangøren eller styresmaktene.

Kulturdepartementet har tidlegare avvist at dei vil løyva meir pengar og vist til at VM har fått 12 millionar meir enn dei søkte om.

Toppe er svært overraska over at utgiftene til ordinære samfunnsoppdrag er blitt så høge.

– Skal Noreg arrangera store arrangement, men me må slutta å vera uærlege med samfunnskostnadene i forkant. Når helsestellet blør, så meiner eg det er rimeleg at staten som sjukehuseigar og med ansvar for politiet, tek meir ansvar.

NRK har vore i kontakt med Kulturdepartementet, som ikkje har høve til å kommentera saka onsdag kveld.

Toppe

KRITISK: Nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen, Kjersti Toppe (Sp) meiner staten bør ta ekstrautgiftene både politiet og helseføretaket har hatt med sykkel-VM.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

– Har skjønt at det er lite å henta

Helse Bergen var aldri invitert til samtalar før søknaden om sykkel-VM blei sendt.

– Me har ikkje søkt om sykkel-VM. Men det var vår plikt å bemanna opp og forholda oss til arrangementet. Men me hadde ikkje trudd eller frykta at me ville tapa så mykje.

Rekna Helse Bergen med at dette var pengar de kom til å få dekt?

– Me meiner det hadde vore naturleg, men me har undersøkt moglegheitene og har skjønt at det er lite å henta.

Sykkelpresident Harald Tiedemann-Hansen skriv i ein SMS til NRK at han ikkje kjenner til kravet frå Helse Bergen.

Siste video

Vegvesenet rydder på rasstedet på riksvei 13 i Odda, der to biler ble truffet av et steinras.