Hopp til innhold

Politiet: – Sykkel-VM var vel verd pengane

Terrorfaren gjorde tryggingsopplegget dyrt, men sykkel-VM i Bergen gav erfaringar som er verd langt meir enn det kosta, ifølge politiet.

Politiets beredskapsbil under sykkel-VM i Bergen

LANGTIDSNYTTE: Vest politidistrikt meiner den kraftige tryggleiksberedskapen under sykkel-VM har gitt dei viktig erfaring.

Foto: Elise Farestveit / NRK

Sykkel-VM har vore det mest omfattande oppdraget nokon gong for Vest politidistrikt, for å ta vare på tryggleiken då hundretusenvis av menneske samla seg i Bergen sentrum.

I tillegg til nesten 300 eigne mannskap frå Vest politidistrikt, var 540 politifolk og 70 politistudentar kalla inn frå andre delar av landet, samt eit titals kollegaer frå dei nasjonale beredskapsressursane.

Til saman var dermed rundt 900 i sving i løpet av dei ni dagane. På det meste var 500–600 av dei på jobb samstundes.

– Eventyrleg å vera politi

Leiar for fellesoperative tenester i Vest politidistrikt, Morten Ørn, er eit stort smil dagen etter avslutninga.

– Det var knapt eitt tryggleiksbrot, og ingen uønskte hendingar bortsett frå velten til den finske U23-ryttaren.

Og den vidkjende og resolutte kroppstaklinga under Fløyen:

– Det har vore heilt eventyrleg å vera ein del av dette arrangementet. Særleg å vera politi. Publikum har vore så eksemplarisk at det er berre å ta av seg politihatten. Me har fått mange tilbakemeldingar om at politifolka vart oppfatta som hyggelege. Bekymringa om væpninga vart gjort grundig til skamme.

Sjef for bergen sør politistasjon, Morten Ørn

SVÆRT NØGD: – Publikum har vore så eksemplarisk at det er berre å ta av seg politihatten, seier Morten Ørn, leiar for fellesoperative tenester i Vest politidistrikt.

Foto: Mikal Olsen Lerøen

Pengekrangel

Staten har løyvd til saman 36,2 millionar kroner ekstra til auka politiberedskap under meisterskapen, inkludert 3,2 millionar direkte til arrangøren av Sykkel-VM. Vest politidistrikt har kravd at arrangøren refunderer 13,4 millionar kroner av dette.

– Det har me ikkje pengar til, sa sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen til Dagbladet før VM starta.

– Djup bekymring for terror

Terrortrugsmålet var årsaka til den store pengebruken.

– For oss har det ikkje berre vore begeistring knytt til arrangementet, men også djup bekymring, seier Ørn.

Ifølge PST er det no sannsynleg at det kan skje ei terrorhandling på norsk jord.

Politi på taket på bygg på Torgallmenningen i Bergen

SKYHØGE KOSTNADAR: Over 900 politifolk var i arbeid under sykkel-VM i Bergen, på grunn av terrorfaren.

Foto: Lene Granli / NRK

– Eit arrangement med 300 millionar tv-sjåarar er i seg sjølv eit risikomoment. Me bemanna ut ifrå scenario som til dømes ein lastebil inn i folkemengde eller ein person med våpen. Politiet skulle innan 2,5 minutt komma fram i dei folkerike områda ved ein eventuell trussel.

– Beredskapen blei betre

Ørn avviser at ressursbruken under sykkel-VM vil gå ut over det ordinære politiarbeidet.

– Planlegginga og gjennomføringa av tryggleikstiltaka har gitt oss kompetanse og synergieffektar langt utover det dette har kosta. Beredskapen i Bergen har no heva seg mange hakk. Me har lært korleis planlegge så store arrangement, har hausta gode erfaringar, og fått eit samspel innanfor politidistriktet som er betre enn tidlegare.

Ørn er til dømes imponert over kor effektivt det såkalla samvirkesenteret var, der alle naudetatar og tryggleiksinstansar sat samla under heile VM.

– Eg har høyrt at dei løyste ting på fire sekund som me i normaldrift brukar fire timar på.