Hopp til innhold

Blei henta av politiet med makt – familien har søkt skjul i ny kyrkje

HØNEFOSS (NRK): – Når menneske fryktar for livet, så må ein stola på dei, seier sokneprest Tor Magnus Amble.

Tor Magnus Amble med far og datter som har søkt kirkeasyl

OPNAR DØRENE: Sokneprest Tor Magnus Amble saman med den afghanske faren og den yngste av dei tre borna i familien.

Foto: Anette Skafjeld / NRK

Den afghanske familien, som hevda at dei sat i kyrkjeasyl på Fitjar, har no søkt nytt asyl i Hønefoss.

Politiet si pågriping av familien skapte store overskrifter i slutten av februar. Dei knuste eit vindauge i eit kyrkjelydsbygg og braut seg inn for å henta ut familien med makt, noko som fekk mange til å reagera.

Sidan har familien vore nær ved å bli sendt ut av landet, men det har blitt stoppa fleire gonger.

No har familien søkt tilflukt og kyrkjeasyl i Hønefoss kyrkje. Det stadfester sokneprest på Hønefoss, Tor Magnus Amble.

– Når menneske fryktar for livet, så må ein stola på dei, og berre ta det derfrå, seier Amble til NRK.

Søkte asyl etter orgelgudsteneste

Sundag dukka familien opp i kyrkja på Hønefoss, der eit nytt orgel skulle innviast under gudstenesta.

– Det var ikkje det eg hadde venta, berre minuttar etter orgelinnviinga, seier Amble.

Den gamle kyrkja på Hønefoss brann ned til grunnen i 2010. I desember i fjor vart den nye kyrkja innvigd. No var nyeorgelet kome på plass.

Etter gudstenesta oppdaga presten ein ukjend familie, som han gjekk og helste på.

– Etter eit par setningar forstod eg kva det handla om. Dei sa at dei var veldig redde og at dei hadde det veldig vanskeleg. Då såg ikkje vi at vi hadde noko anna val enn å tilby dei ly hos oss, seier Amble.

Snøen ligg rundt Hønefoss kirke i mars 2018

Hønefoss kyrkje.

Foto: Anette Skafjeld / NRK

Dei som var til stades av dei tilsette i kyrkja og kyrkjelydsrådet hadde eit raskt møte og dei avgjorde at familien skulle få bli. Måndag stadfeste heile kyrkjelydsrådet avgjerda.

Var på transittmottak

Familien på fem, to vaksne og tre born som alle er under seks år, kom til Noreg i 2016. Sidan har begge foreldra konvertert til kristendomen.

Dei fem har tidlegare fått avslag på søknad om asyl og på søknad om opphald på humanitært grunnlag, og ventar på at ankesaka skal opp i lagmannsretten.

Dei ynskte å vera i landet til saka var avgjort, men då dei fekk nei til dette, anka dei også dette vedtaket. Fredag kom avgjerda frå Borgarting lagmannsrett om at familien skulle sendast ut.

Laurdag skulle utsendinga skje, men politiet ombestemte seg. Samstundes fekk familien pålegg om å halda seg på Hvalsmoen transittmottak i Buskerud inn til vidare.

Politiets utlendingseining vil ikkje uttala seg om saka, men kommunikasjonsrådgjevar Ellen Cecilie Eriksen skriv i ein e-post til NRK at dei er gjort kjent med at familien ikkje lenger er på Hvalsmoen transittmottak.

Sokneprest Tor Magnus Amble utanfor Hønefoss kirke

Sokneprest Tor Magnus Amble har teke imot familien på fem i den nye kyrkja på Hønefoss.

Foto: Anette Skafjeld / NRK

Les også: