NRK Meny
Normal

Politiet knuste rute for å henta familie frå kyrkjeasyl

Ein afghansk familie vart henta ut med makt frå bedehus i Fitjar, der dei levde som kyrkjeasylantar.

Politiet brøt seg inn og tok familie i kirkeasyl

KNUSTE SEG INN: Sterke reaksjonar på Fitjar etter at politiet knuste ei rute i denne døra for å ta seg inn. F.v. Geir Vik, Reidun Vik, Frode Sunnhordvik, Marit Janne Sunnhordvik, Alf Helland, Kristin Håvik og Frank Håvik.

Foto: Kjetil Rydland / Stord24

I dag tidleg vart ein afghansk familie, som påberopte seg kyrkjeasyl i Fitjar kommune på Stord, henta av politiet.

Det var stord24.no som først melde om saka.

Bygninga, som er kjend som bedehuset Betania i Øvrebygda i Fitjar, er driven av kyrkjelyden Nytt liv Sunnhordland. Dei har hatt ansvaret for den afghanske familien i kyrkjeasyl i lengre tid.

Familien har tre born, alle er under seks år.

– Overgrep

– Dei kom klokka 06 i dag tidleg med tre politibilar og ein ambulanse. Etter å ha banka hardt på døra, knuste dei ei rute og braut seg inn i lokalet. Dette har aldri vore noko anna enn eit kyrkjelokale, seier pastor Frank Håvik i Nytt liv til NRK.

Han meiner derfor pågripinga er eit klart brot på asylinstituttet.

– Det kom eit direktiv i 1996 om at politiet ikkje skal gå inn i kyrkjer og ta ut asylantar. Og i 2015 stadfesta Sylvi Listhaug at det var uaktuelt å endra på kyrkjeasylet. Dette er eit overgrep mot familien, og særs traumatisk for dei, seier Håvik.

Justisminister Sylvi Listhaug (Frp) ønskjer ikkje å kommentere saka.

Dør brutt opp etter politiets aksjon mot kirkeasylanter

BROTE OPP: Slik så døra på kyrkjelydshuset ut etter politiet sin aksjon.

Foto: Kjetil Rydland / Stord24

– Skånsam aksjon

– Dette er ikkje ei kyrkje, svarer politioverbetjent Pål Gjil, avsnittsleiar ved utlendingseininga i Sørvest politidistrikt.

Vurderinga er gjort av juridisk avdeling i Politiets utlendingseining (PU), opplyser han.

– Kvifor var det naudsynt å knusa seg inn for å henta ein familie med tre små born?

– Fordi dei ikkje ville koma ut. Vi har ein lang relasjon med denne familien. Dermed visste vi at dei ikkje ville bli med frivillig. Det heile vart handtert på ein veldig skånsam måte, seier Gjil.

Ordførar kritisk

– Eg har vanskeleg for å sjå det som noko anna enn brot på reglane om kyrkjeasyl. Det skal jo vera ein nødhamn, seier ordførar Wenche Tislevoll (H) i Fitjar.

Wenche Tislevoll

MØTTE FAMILIEN: Wenche Tislevoll (H) er ordførar i Fitjar.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Ho har møtt familien og ete middag med dei.

– Dei var redde for æresdrap, for kona rømde frå eit ekteskap med ein eldre mann, seier Tislevoll, som ikkje ønskjer å vurdera om saka deira er sterk nok til å innfri norske asylkrava.

– Men saka deira var anka. Det kan ta to år å handsama den. Då synest eg det blir feil å gå inn på denne måten, seier Tislevoll.