Hopp til innhold

Utsendinga av afghansk familie utsett

Politiet har garantert at den afghanske familien som sat i kyrkjeasyl på Fitjar, ikkje blir send ut av landet i helga, ifylgje pastoren i kyrkjelyden.

Den afghanske familien har vært i kirkeasyl i Fitjar i rundt et år.

NYTT HÅP: Fredag kveld fekk familien plutseleg beskjed frå politiet at utsendinga er utsett inntil vidare.

Foto: Frank Høvik

Borgarting lagmannsrett sa tidlegare i dag nei på spørsmålet om familien får bli i landet medan anken som gjeld opphaldsløyve i Noreg vert handsama.

Retten støttar Utlendingsnemnda og tingretten i at familien ikkje har grunn til å frykte forfølging viss dei blir returnert til Afghanistan.

Då pastor Frank Håvik kom til asylmottaket på Hønefoss i dag, var familien allereie borte. Fleire medium melde at dei var på veg ut av landet.

Men då Håvik var komen til Telemark, på veg heim til Vestlandet, fekk han melding om at mor og dei tre borna var tilbake på asylmottaket.

Nye møte med familien

Etter at familien tapte saka i retten i dag, ville politiet ha nye samtalar med faren.

– Først hadde politiet eit møte med faren, så eit nytt møte med begge foreldra, fortel Håvik.

Etter det NRK veit, skal politiet ha motteke ny informasjon i saka, noko som har gjort at dei ville snakka meir med familien.

Politiet brøt seg inn og tok familie i kirkeasyl

KJEMPANDE KYRKJELYD: – Familien får liten pustepause, og kan slappa av i helga. Men det er framleis veldig usikkert, seier pastor Frank Håvik (t.h.)

Foto: Kjetil Rydland / Stord24

Politiet utlendingseining sa tidlegare i dag til NRK at dei ikkje vil kommentera noko før måndag.

Håvik returnerte til Hønefoss i ettermiddag. Då innkalla politiet til eit nytt møte i 19-tida, og bad pastoren delta.

– Plutseleg, i løpet av nokre minutt, ombestemte dei seg. Politiet garanterte inntil vidare at familien ikkje blir sende til Afghanistan, seier Håvik.

– Korleis reagerte dei to på det?

– Det var jo positivt, men dette er ein traumatiserande prosess for dei. Dei er lamma kjenslemessig når det er så mykje berg- og dalbane med motgang og små glimt av håp.

Pustepause

Han seier dei ikkje fått noko forklaring på kvifor det ikkje blir utsending denne helga.

Jourhavande jurist Jan Fredrik Senum i Politiets utlendingseining kan fredag kveld ikkje stadfesta kva beskjed politiet eventuelt har gitt til familien.

– På generelt grunnlag kommenterer me ikkje eventuelle framtidige utsendingar, seier Senum.

Men Håvik augnar ei lita von:

– Det kan sjå ut til at det byrjar å skje noko i denne saka, noko positivt. Dei får ein liten pustepause inntil vidare. Men det er veldig usikkert.

Håvik har vore svært kritisk til sakshandsaminga og no sist til det som hende i retten. Han meiner retten ikkje tok omsyn til det vitna i saka forklarte.

– Dommen byggjer berre på det Utlendingsnemnda (UNE) har skrive. Det er som om dei ikkje har fått med seg kva anna som vart dokumentert i retten. Dei vil ikkje tru at denne familien er kristne.

Familien har vore del av kyrkjelyden Nytt liv Sunnhordland. Ifylgje pastoren har dei vore aktivt misjonerande og har vore talarar på møta.

Rosar politiet

Håvik gir politifolka som møtte familien i dag ros.

– Dei har jobb å gjera, men var veldig flotte, sympatiske, og forståingsfulle. No kan familien i alle fall slappa av i helga, men eg anar ikkje kor langt det perspektivet er.