Befolkningsveksten stoppa brått opp: No står kommunen med 315 ledige barnehageplassar

ASKØY (NRK): Ei rekkje norske små og mellomstore kommunar slit med folketalet. Askøy drøymde om skatteinntekter frå nyetablerte par, men sit i staden att med fleire hundre ledige barnehageplassar.

Askøybrua

ASKØY: Øyen utanfor Bergen har hatt ein enorm vekst sidan brua kom i 1992. Då hadde dei 18.510 innbyggjarar. No bur 29.275 i kommunen.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

På Stongafjellet på Askøy står husa tett i tett, heilt like og gråmåla som ein Lego-by. Øya rett utanfor Bergen har lenge vore ein kommune i vekst. Dit flyttar barnefamiliar frå Bergen og høge bustadprisar, til rekkjehus og nærleik til det meste.

Men no er situasjonen snudd på hovudet.

I toppåret 2007 var talet for netto tilflytting til kommunen 344. Det betyr at 344 fleire flytta inn til kommunen enn frå.

I 2018 var det to fleire som flytta frå kommunen enn til, ifølgje tal frå SSB.

Stongafjellet (Fotografert 08.05.19)

STONGAFJELLET: Stongafjellet ved Kleppestø er eit av dei nye områda på Askøy som har opplevd mykje vekst dei seinaste åra. No viser nye tal at veksten har stoppa opp.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth

SSB overraska

– Tala overraskar meg. Askøy har hatt ein sterk vekst i mange år, seier Stefan Leknes, forskar i SSB.

NRK har tidlegare skrive om sentralisering, der små og mellomstore kommunar har slite med høg utflytting. Frå 1990 til 2018 har delen av folk som bur i tettbygde strøk auka frå 70 prosent til 82 prosent.

Leknes forklarer at kommunar rundt byane har vore populære for familiar som skal etablere seg. Han viser til Lørenskog kommune utanfor Oslo, som begynte å vere restriktiv til å sette i gang nye prosjekt.

– Folkevekst har nokre kostnadar knytta til utbygging av infrastruktur og offentlege tenester. Kommunar rundt store byer har ønska å avgrense folkeveksten fordi dei treng eit lite pusterom, seier han.

Kan bli problem for kommunar

Statsminister Erna Solberg (H) sa i si nyttårstale at norske kvinner må føde fleire barn. No får kvar kvinne berre 1,6 barn, og statsministeren meinte at det blir født for få her i landet til at den norske velferdsmodellen kan bli vidareført.

Ifølgje SSB har fleire kommunar blitt «redda» av innvandring, men no har innvandringa til Noreg nær stoppa opp.

Saman kan desse faktorane by på problem for kommunane.

– For kommunane er det ofte ein samanheng mellom utflytting og høg alder. Ein aldrande befolkning har konsekvensar for lokalsamfunnet, seier Leknes.

Askøy rådhus (fotografert 08.05.19)

ASKØY: Lenge har kommunen utanfor Bergen vore ein kommune i sterk vekst.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Flytta for å stifte familie

Ein av dei få som har flytta til Askøy dei siste to åra er Julie Odden (31) og familien hennar på tre.

– Vi budde i ei leilegheit nærare sentrum, men då vi skulle stifte familie ville vi ha eige hus, seier ho.

Ho trivst i kommunen, og har nærleiken til det ho treng. Barnehageplass er ikkje noko problem, for nye tal frå Askøy kommune viser at 315 barnehageplassar er ledige.

Julie Odden

FLYTTA TIL ASKØY: Som mange andre har gjort før ho, flytta Julie Odden (31) til Askøy då ho skulle stifte familie.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Ueinige om vegen framover

Som ung og i arbeid, bidreg ho med pengar i kommunekassen. Men politikarane på Askøy er ueinige om korleis dei skal få fleire som Odden til å flytte dit.

– Askøy har blitt mindre attraktiv. Vi må få retta opp omdømet igjen og tilflyttinga tilbake. Kommunen må sleppe til utbyggjarane. No er det heilt byggjestopp framover, seier Siv Høgtun, opposisjonspolitikar frå Høgre.

Ho viser til ein rapport konsulentbyrået Sweco har laga på oppdrag frå selskap som vil byggje ut fleire bustadfelt. Rapporten viser at Askøy kommune kunne fått inntekt på 100 millionar kronar dersom dei slepper til utbygginga av 793 bueiningar.

– Barnehagetala er eit symptom på at vi ikkje er attraktive nok for unge i etableringsfasen, seier Høgtun.

Siv Høgtun, Askøy Høgre

VIL BYGGJE: Gruppeleiar for Høgre i kommunestyret på Askøy, Siv Høgtun, vil at fleire byggjeprosjekt skal få dispensasjon frå rekkefølgjekrav slik at Askøy kan byggje meir.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Dersom Askøy skulle sagt ja til den storstilte bustadbygginga, måtte dei også ha bygd fleire skular i nærleiken. Noko ordførar Terje Mathiassen (Ap) seier dei ikkje har råd til.

– Vi kan ikkje investere uhemma for å utvida skulekapasiteten så enormt. Låner vi for mykje til investeringar, går det ut over tenestene til innbyggjarane. Dette er ein vanskeleg balanse, seier Mathiassen.

Han legg til at Askøy aukar skulekapasiteten. Men det skjer andre stadar på øya enn der Høgre vil ha utbygging av nye bustader.

– Eg trur det er viktig at vi brukar tida godt no når veksten ikkje er så høg. Nå kan vi sette oss litt, puste litt og konsentrere oss om å utvikle gode tenester, seier Mathiassen.