Hopp til innhold

Blir stadig fleire eldre: – Eit gap som ein må handtere

Talet på personar over 80 år kjem til å auke kraftig i åra framover, medan det blir færre barn og unge i Møre og Romsdal.

Sykepleier snakker med beboer på Fræna sykehjem i Hustadvika kommune.

ELDREOMSORG: Fylkesstatistikken for Møre og Romsdal viser ei klar utvikling i alderssamansettinga i fylket.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Fram mot 2040 vil talet på personar over 80 år auke med heile 72 prosent. Det viser fylkesstatistikken for Møre og Romsdal.

Samtidig går talet på barn og unge (0–19 år) ned med 7,9 prosent i same periode.

Fylkesplansjef Ingunn Bekken Sjåholm seier det er ein trend ein ser over heile landet.

– Det blir ein mykje sterkare auke i talet på eldre, også dei over 80 år, enn det som har vore tidlegare. Samtidig er det færre barn som blir fødde, seier ho til NRK.

– Det blir jo eit gap, som ein må handtere på alle nivå, legg ho til.

Les også Det blir flere som Sigurd (92) og færre som Hanne (17)

en kvinne som står ved siden av en mann i rullestol

– Påverkar tenester og tilbod

Samtidig som det blir fleire eldre, går talet på personar i yrkesaktiv alder (20–64 år) ned.

Det svekker forholdet mellom dei som treng omsorg og dei som kan yte tenestene. I 2010 var det 3,54 yrkesaktive per eldre over 65 år, medan det i 2040 berre vil vere 2,01, opplyser fylkeskommunen.

Fagsjef Paul Magne Eidhammer og plansjef Ingunn Bekken Sjåholm i Møre og Romsdal fylkeskommune

Fylkesplansjef Ingunn Bekken Sjåholm seier utviklinga kjem til å påverke teneste til både fylkeskommunen og kommunane.

Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Det vil føre til utfordringar både for fylkeskommunen og kommunane.

– Det vil vere fleire som har behov for hjelp frå velferdsstaten. Det vil også ha noko å seie for det andre tenestetilbodet ein har.

Det kan blant anna få betydning for korleis ein tenker på bustadutvikling, seier fylkesplansjefen.

– Mange ønskjer å bu heime så lenge som mogleg. Då må du sjekke om du kan bu i bustaden når du blir gammal. Kommunane må også ta det inn i bustadplanlegginga si, og vurdere om dei har bustadar som kan passe for eldre og andre med funksjonsnedsettingar.

omsorg
Foto: Anne Mari Flatset / NRK

Fylkeskommunen er også i ein prosess der dei skal sjå på korleis dei skal innrette det vidaregåande skoletilbodet i fylket for å møte utfordringane.

I desember skal fylkestinget behandle saka om ny skule- og tilbodsstruktur.

Les også «Tante Ruth» (76) vil ikkje slutte å jobbe

Ruth Karin Jensen

Størst vekst i Gjemnes

Det er særleg høg vekst av eldre i enkelte kommunar.

Gjemnes får den største prosentvise veksten i talet eldre over 80 år, med 107,1 prosent. Vestnes, Sula og Averøy følgjer tett etter med ein vekst på over 90 prosent.

– Det er ei utfordring for mange kommunar, også for Gjemnes. Vi har kome i gang med planlegging for å møte eldrebølgja blant anna med bygging av nytt sjukeheim, seier ordførar Knut Sjømæling (Sp).

Knut Sjømæling, ordfører i Gjemnes

Ein rapport frå Nav peikar på at det neste år vil vere fleire eldre enn yngre i Møre og Romsdal. – Det gir ei skeivfordeling når det gjeld kven som skal gjere jobbane i framtida, seier Gjemnes-ordførar Knut Sjømæling.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Han seier det blir ei utfordring i tida framover å skaffe dei folka som skal jobbe med alle tenestene som kommunane krev framover.

Ein rapport frå Nav har tidlegare peika på at det alt i 2026 blir fleire eldre enn yngre i Møre og Romsdal.

– Kommunane har vore klar over denne utviklinga ei stund. Dei vurderer korleis dei skal få mest mogleg ut av dei kronene dei har, seier fylkesplansjef Ingunn Bekken Sjåholm.

NRK forklarer

«Eldre­bølgens» start

«Eldre­bølgens» start

Babyboomerne

Statistikksjef i Nav, Ulf Andersen, forklarer at eldrebølgen startet allerede for 10-15 år siden.

Det var da de store barnekullene som ble født i slutten og etter andre verdenskrig skulle pensjonere seg. Altså babyboomer-generasjonen.

«Eldre­bølgens» start

Gen X

I dag er det litt over 900.000 mennesker i landet som er 67 år og eldre, altså i pensjonsalder.

Og nå kommer barna til den babyboomerne, som er enda flere. De, altså Gen X, har også bedre helse og lever dermed (i snitt) lenger.

I tillegg fødes det færre barn.

Bekken Sjåholm seier at statistikken gir eit klart varsel om at kommunane må styrke helse- og omsorgstenestene og planlegge for ei aldrande befolkning.

– I mange kommunar er det allereie ei stor utfordring å rekruttere nok helsepersonell. Den store auken i eldre, og nedgangen i personar i yrkesaktiv alder, gjer rekrutteringa endå meir krevjande i åra framover.

Bekken Sjåholm seier kommunane også må sjå på dei ulike omsorgstilboda.

– Samtidig kan det bety at det blir mindre pengar til andre sektorar. Det er ei vond prioritering som ein står ovanfor på kommunenivå.

Les også Hareid i økonomisk skvis: – Vi har gått på ein kjempesmell

Biletet viser bygda Hareid. Biletet er tatt frå vatnet, i bakgrunnen kan du sjå runde slake fjell.

– Viktig å vere attraktiv

For å kunne motverke nokre av utfordringane, som alderssamansetninga i fylket gir, er det viktig å gjere seg attraktiv for tilflytting og hindre fråflytting, seier Bekken Sjåholm.

– Det handlar om å rigge Møre og Romsdal i konkurransen med resten av landet, og resten av verda. Vi må legge til rette for at vi er eit fylke som tiltrekk seg arbeidskraft.

Fylkesplansjefen vektlegg at det er fleire ting som er viktige for at folk skal trivast og busette seg i Møre og Romsdal.

– Jobb er ei viktig føresetnad, men ikkje nok for å busette seg. Det kan for eksempel handle om kva tilbod kommunane har for småbarnsfamiliar, korleis ein legg til rette for sosiale møteplassar og kva som er kultur- og fritidstilbodet.

Les også Bygda har fått 30 nye fastbuande: – Ein våt draum for ein bygdeforskar

Geiranger opplever tilflytting og vekst.