NRK Meny
Normal

Uvêret i Finnmark utsett til torsdag

Kolonnekøyring, stengde vegar og innstilte ferjer – men det verste uvêret er utsett til i morgon melder meteorologen.

Uvær Gednje

Snøfokk og vanskelege forhold fører til stengde vegar fleire stader onsdag.

Foto: Skjermdump Statens vegvesen

– Prognosane har vore veldig usikre på kor dette tek vegen og kor sterkt det blir, men nå ser det ut som at det er Nordland som får trykket med storm, medan Finnmark slepp nok i stor grad unna lågtrykket i kveld, melder statsmeteorolog Håvard Thorset onsdag morgon.

Trass i at vêret ikkje blei så gale som først venta, har det det likevel ført til ein del problem på vegane. Her er oversikta for trafikken i Finnmark onsdag ettermiddag:

  • På Nordkinnhalvøya går det kolonnar på strekningane Bekkarfjord-Hopseidet og Hopseidet-Skjånes.
  • På Porsangerhalvøya er det kolonnekøyring på Fv 889 Snefjord-Havøysund.
  • E69 sør for Honningsvåg er opna på strekningen Hønsa-Nordkapptunnelen etter kolonnekøyring.
  • E69 er stengt mellom Skarsvåg og Nordkapp pga. uvêr.

I tillegg er ferjestrekninga Øksfjord–Hasvik stengd.

Vil auke på til torsdag

Det verste ekstremvêret som var meldt onsdag er avlyst ifølge meteorologen, men han varslar meir snø utover dagen, og liten storm torsdag morgon.

– Det blir mykje svakare i dag enn venta, men det er ikkje rolege vêrforhold i vente i dagane framover, åtvarar Thorset.

– Det kjem eit nytt lågtrykk i morgon tidleg, så då blir det ei vindauke, og det kan koma opp i storm styrke i Finnmark.

Laster Instagram-innhold

Onsdag morgon hadde NRK fått fleire bilete frå publikum som ville dokumentere ruskevêret–dette er teke av Eva Måsøy frå Måsøy.

Kan bli meir trafikkproblem

Natt til torsdag vil det blåse sterk kuling på kysten, før det toppar seg torsdag morgon og roar seg ned att til kuling resten av dagen torsdag seier meteorologen.

Også torsdag vil det bli vanskelege køyreforhold meiner han.

– Det blir snøbyer heile dagen i morgon, så det vil bli fare for stengde vegar grunna snø og snøfokk.

Sjå full oversikt over trafikken i fylket her: Trafikk i Finnmark